Stian Kilde Aarebrots tekst her i avisa laurdag – «Tanker fra en fest» – tok tak i lesarane. Aarebrot fekk justert det moralske kompasset sitt etter å ha høyrt eit sterkt vitnesbyrd om møtet med ei gravid kvinne frå romfolket. Han gjekk heim og innsåg at han kunne gjere noko.
LES INNLEGGET HER: «Jeg har innsett noe forferdelig: Vi kan utgjøre en forskjell for mennesker.»
Som debattredaktør har eg sett på trykk fleire sterke forteljingar om korleis livet blei endra etter møte med romfolk på gata i Oslo. Fleire har sett kraftfulle ord på kva det gjorde med dei og familiane å opne dører og sinn for menneske dei kunne valt å gå forbi. Vi treng slike utfordrande vitnesbyrd. Eg skal ikkje polemisere mot eitt einaste av dei.
Stian Kilde Aarebrot gjekk eitt steg vidare: «Jeg spurte meg hva som ville skjedd dersom alle ble venn med en tigger? Fenomenet tigging ville antakelig forsvunnet før noen rakk å si ‘forbud’.»
Hadde det vore så vel.
Togbillett
Eit forbod mot tigging er eg sterk motstandar av. Men blir tigginga borte dersom kvar einaste ein av oss blir vener med ein tiggar?
Eg har gått forbi mange tiggarar. Men eg har også kjøpt billett til ein norsk tiggar som bad om pengar for å ta toget til Moss. Eg anar ikkje om han brukte billetten. Eg har handla brød. Eg har gitt bort matpakka mi til ein som bad om pengar til mat – ved å snu meg, såg eg at matpakka hamna i søppelkassa.
På veg heim her om dagen møtte eg ei romkvinne som ville selje meg eit blad. Sidan eg var tom for kontantar, var ho rask til å spørje om eg ville kjøpe eit brød til henne og familien. Eg tenkte at så pass kan eg gjere før eg tek helg og sjølv om eg hadde dårleg tid til toget. Det går alltid eit nytt tog.
Med målretta steg nærma vi to oss butikken. Det gjekk ikkje lenge før brødet var blitt til brød og ein kylling – og eg tenkte at ein kylling kunne det bli ei råd med. I neste trekk kunne ho også vise meg vegen til minibanken, om eg heller ville det.
Fram frå hyllene var brød og kylling blitt til brød, ei dyr steik og 24 egg.
I knipe
Eg kjenner folk som også sett eit tilbod om å kjøpe blad bli til ein større meny mat og som likevel har stilt seg i lang kø for å betale – for så å seie nei neste gong nokon føreslo matbutikken.
Dette handlar ikkje om romfolk. Liknande erfaringar har folk som engasjerer seg i naud for heilt andre gjort. Ein ungdom i rennesteinen treng hjelp. Men så viser det seg at familien hans gjerne vil bruke det taket dei gjennom sonen har fått på ein velviljug utanlandsk samaritan. Det som var velgrunna omsorg er blitt ei knipe – og i verste fall brende fingrar.
Det er ikkje så lett å vere god som dei varmaste idealistane stundom vil ha det til. Nick Hornby har sett ord på dette i boka Et godt menneske. Hovudpersonen blir gripen om hjarterøtene i møte med ein heimlaus som han gjev husrom. Så kjem den store ideen at dette burde alle gjere.
Han veit at det er mange ledige rom i nabolaget og samstundes mange heimlause. Han vil parre kvar einaste heimlaus med ein som har husrom. Den velmeinande set planen i verk og får plassert heimlause i ledige rom i sitt eige nabolag. Så skulle vi vente at hjartevarmen breidde seg ut over kvartala.
Slik gjekk det ikkje. Det blir meir opprørt kaos enn varm kjærleik, for å seie det slik. Det kom klager frå folk som hadde opna dørene til heimlause som stal.
Orka ikkje
Hornby fortel om eit kraftig misforhold mellom den ideen og dei varme forventingane på den eine sida, og det verkelege livet på den andre. Han drøymde om at rett avsendar skulle møte rett mottakar. Resultatet var folk som brende seg på å vere god - og heimlause som kanskje fann ut at det tryggaste var å vere heimlaus under ei bru likevel.
Tilbake i matbutikken den seine fredagen. Eg hadde altså råd til å punge ut. Men eg orka ikkje kjenne meg lurt. Eg snudde og gjekk – og kjem til å nøle med å bli med til fleire matbutikkar.
Still meg gjerne spørsmålet: «Kva ville Jesus gjort?» Eg kjem til å vri meg unna å svare. Livet har vist meg at det er ikkje lett å ha fasiten verken på tigginga eller fattigdommen.
Det er ikkje så lett å vere god.
Bli med i debatten på verdidebatt.no