Nyheter

- Eg er stolt over at me set etikk framfor økonomi

VAKSINEKØ: Folk har spurt Reidun Førde kvifor demente skal få koronavaksine. Det får det til å gå kaldt nedover ryggen til nestoren i medisinsk etikk.

Kva er eit menneskeliv verd? Det spørsmålet har vore sentralt for professor emerita i medisinsk etikk, Reidun Førde. Ho var med i ekspertgruppa som i november i fjor la fram ein rapport om kven som bør stå først i køen til koronavaksinen.

Konklusjonane til etikkgruppa vart viktige for den norske vaksinestrategien. No går debatten om strategien bør endrast i møte med mutantvitus, geografisk skeivfordeling og ny kunnskap om korleis vaksinene verkar.

Reidun Førde ønsker ein slik debatt velkommen. Ho fortel at målet med etikkgruppa var å «setja ned ein del etiske stolpar» som myndigheitene skulle ta vidare.

– Noreg er saman med Tyskland og New Zealand dei einaste som har gjort det på denne måten. Det er interessant at me begynner med etikken. Dette bør vera ein modell for andre land, seier Reidun Førde til Vårt Land.

Rapporten kom seks veker før det første flyet med vaksinedosar landa på norsk jord. Myndigheitene visste det kom til å bli strid om prioritering av desse dosane. Derfor sette Folkehelseinstituttet ned den uavhengige gruppa med ekspertar.

– Me har blitt skulda for å vera sjarlatanar som ikkje har vore nær ei sjukeseng på årevis. Det siste er for så vidt sant. Gruppa består av folk som har jobba mykje med prioritering i helsevesenet.

Eit liv er eit liv

Skal dei første dosane gå til unge kreftpasientar med mange potensielle leveår framfor seg? Eller eldre på sjukeheim? Sett på spissen er dette eit av dilemma som etikkgruppa tok opp.

Dei landa på at eit liv er eit liv.

Reidun Førde, lege, professor i medisinsk etikk Universitetet i Oslo.

– Vanlegvis legg me stor vekt på kor mange leveår folk har framfor seg, når me vurderer fordeling av helseressursar. Ein pandemi har ein litt annan logikk, seier Reidun Førde.

Ho peiker på store konsekvensar om koronasmitten hadde fått herja fritt på sjukeheimane.

– Det hindrar familiar samvær i eit av dei viktigaste augneblinkane som finst – når nokon går ut av verda. Slikt gjev store og inngripande konsekvensar for samfunnet.

Etikk-gruppa tilrådde myndigheitene å «tentativt fokusera på talet på dødsfall framfor tapte leveår».

I etterkant kom folk til Reidun Førde og spurte kvifor i all verda demente skal få vaksine.

– Då frys eg på ryggen. Gruppa med demente er mangfaldig og ikkje alle lever dårlege liv. Mange demente lir også meir under smitteverntiltaka enn andre. Dei blir ofte utsett for tvang for å hindra at dei vandrar rundt. Det skapar angst.

Kallar vaksine av folk på dødsleie «absurd»

Etikkgruppa la fem verdiar til grunn for vaksinasjonsprogrammet: likeverd, velferd, likskap, tillit og legitimitet.

Frå desse verdiane identifiserte gruppa fem mål. Det høgast rangerte målet var å redusera risiko for død. Det hamna framfor måla om å beskytta sysselsetting og økonomi og å gjenopna samfunnet.

Ein pandemi har ein litt annan logikk.

—  Reidun Førde

Synet til etikkgruppa finn ein i dag spegla i prioriteringa frå Folkehelseinstituttet. Den set bebuarar på sjukeheim, dei som er 85 år og eldre, og helsepersonell fremst i vaksinekøen.

Reidun Førde åtvarar mot konsekvensane av å tenka økonomisk rundt verdien av eit menneskeliv.

- Å tenka «eit liv er ikkje eit liv - dei gamle skal uansett døy» - kor skal du då setja grensa? Kva slags rekneskap skal du bruka? Eg er veldig stolt av at me klara å la vera å tenka økonomi og heller tenka etikk.

Det finst likevel ei grense. Reidun Førde er kritisk til at nokre av dei som har fått vaksine, har vore svært svake.

– Det er absurd å vaksinere folk som har lege på dødsleie – det er eg sjølvsagt ikkje talsperson for. Nokon av dei som har fått vaksine har vore for svake.

Reidun Førde, lege, professor i medisinsk etikk Universitetet i Oslo.

Etikk-rapporten la fram eit dynamisk syn på korleis vaksinane skal prioriterast. Dei opnar for å endra prioriteringane om ny kunnskap viser at vaksinane har ulik effekt på ulike aldersgrupper.

Det kan koma til å gjelda AstraZeneca-vaksinen. FHI seier at vaksinen førebels berre vil gå til personar under 65 år, då det er usikkert kor effektiv den er for eldre.

By står mot land

Vaksinestriden står no mellom distrikta og storbyar med høgt smittetrykk. Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, ber om å få fleire vaksinar for å demma opp for det høge smittetrykket i hovudstaden. Han får ifølgje VG støtte frå seks av ti spurte nordmenn.

Reidun Førde og ekspertgruppa er tydeleg på at regjeringa bør vurdera geografisk prioritering om smittepresset viser store skilnader mellom ulike geografiske område.

- Me er opptekne av at vaksinen ikkje skal forsterka store skilnadar i befolkninga. Det er det mykje av i byane. I område i Oslo med høgt smittetrykk, er det mange menneske som bur tett med fleire generasjonar. Dei kan ikkje berre gå i karantene om ein blir sjuk.

Samstundes spreier no mutantviruset seg også i små kommunar. Vesle Ulvik på Vestlandet innførte forbod mot besøk i eigen heim på tysdag denne veka.

- Det som skjer i Ulvik er eit argument for å ikkje ta utgangspunkt i smittesituasjonen her og no, seier Reidun Førde.

Til no held Folkehelseinstituttet (FHI) fast på at vaksinane skal fordelast jamt utover kommunane. FHI understrekar at dei heile tida vurderer vaksinestrategien.

Me har blitt skulda for å vera sjarlatanar som ikkje har vore nær ei sjukeseng på årevis. Det siste er for så vidt sant.

—  Reidun Førde

I fleire land rasar prioriteringsdebatten. I Danmark har regjeringa bestemt at heimlause og andre sosialt utsette rykker framover i vaksinekøen.

Reidun Førde meiner Noreg bør tenka på det same.

- Dette er ting ein bør sjå på. Rusmisbrukarar er absolutt ei høgrisikogruppe. Dei er sjukare og får ikkje dei helsetenestene ein skal ha.

«Veldig viktig for FHI»

– Det har vore veldig viktig for FHI å henta inn ei ekspertvurdering rundt dei etiske spørsmåla som oppstår gjennom vaksineringsprogrammet. Me meiner at dette gjer det enklare å forstå logikken og prinsippa som blir lagt til grunn i fordelinga av vaksiner.

Det skriv Jasper Littmann, fagdirektør i Folkehelseinstituttet (FHI), i ein e-post til Vårt Land. FHI såg tidleg at etterspørselen etter vaksiner kom til å vera mykje større enn tilbodet.

- I ein slik situasjon må det treffast vanskelege beslutningar om prioritering av ulike grupper. FHI meiner at det er viktig at slike beslutningar blir treft på best mogeleg kunnskapsgrunnlag og på ein transparent måte.

Han skriv at ekspertgruppas innspel har vore eit veldig viktig element i FHIs overordna vurderingar.

- Medlemmene i ekspertgruppa har lang og djup erfaring med prioriteringsprosessar i helsevesenet i Norge og i andre land.

Jasper Littmann i FHI understrekar at det ikkje var ekspertutvalet som bestemte vaksinestrategien, men at deira tilrådingar har inngått i FHIs overordna vurderingar. Her har også epidemiologiske, medisinske og samfunnsøkonomiske vurderingar inngått.

Kva grenser har solidariteten?

Onsdag presenterte Reidun Førde ekspertgruppa sine konklusjonar under eit webinar i regi av Bioteknologirådet og NordForsk.

Sjå opptak av webinaret her.

Den islandske professoren Sigur∂ur Kristinsson heldt eit innlegg på webinaret. Han berømma den norske ekspertgruppa sitt arbeid, som skil seg ut i internasjonal samanheng.

– Denne gruppa står i stor kontrast til USA der ingen nasjonal bioetisk kommisjon jobba under administrasjonen til Donald Trump.

Samstundes utfordra han verdien om likskap som etikkgruppa legg til grunn.

– Kva med solidaritet med resten av verda? Er det greitt å tenka på våre eigne først? Sett frå menneskeheita som eitt, burde ikkje nasjonalitet påverka tilgangen på vaksiner.

Han viser til at WHO kaller vaksinefordelinga «ei moralsk katastrofe».

Reidun Førde

  • Professor i medisin ved Universitet i Oslo.
  • I 2019 vart ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for arbeidet for medisinsk etikk gjennom mange tiår.
  • Var med i regjeringas ekspertgruppe som såg på prioritering av koronavaksinene.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Erlend Berge

Erlend Berge

Erlend Berge er fotojournalist i Vårt Land.

Mer fra: Nyheter