NLA har tidlegare i år mottatt nesten fire millionar i støtte frå Sparebanken Sør, og får totalt nærare åtte millionar i støtte til etableringa av nye økonomistudiar ved NLA Høgskolen på Gimlekollen.
– Saman med ein tilsvarande stor eigenfinansiering frå NLA, gir desse støttemidla eit tilstrekkeleg grunnlag til å dekka dei forventa oppstartkostnadane, fortel rektor Sigbjørn Sødal ved NLA Høgskolen i ei pressemelding.
Årets utlysning frå Sørlandets kompetansefond dreier seg mellom anna om ei vidareføring av satsingane på entreprenørskap og tidleg innsats for auka yrkesdeltaking ifølgje nettsidene til stiftelsen. Samfunnsoppdraget til kompetansefondet er å bidra til kompetanseheving i fylket til sikring og etablering av arbeidsplassar og gode levekår. Styret vedtok fredag 12. februar løyvingar på totalt 32 millionar kroner. NLA Høgskolen vil få fire millionar kroner fordelt over tre år.
[ Skoler vil ikke ha praksissamarbeid med NLA ]
– Kan bidra til vekst og nyskaping
Rektor Sødal meiner at dei nye studiane ved NLA i Kristiansand vil bidra til kompetanseutvikling i regionen, med økonomistudiar som kan styrka næringslivet gjennom kompetanse til utdanna kandidatar.
– Dette kan igjen bidra til vekst og nyskaping og gi fleire arbeidsplassar og betre levekår i Agder, og ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon vil gi studentane ei brei utdanning med karrieremoglegheiter innanfor både privat næringsliv og offentleg forvaltning, seier rektoren.
Sødal er svært tilfreds med den store tildelinga frå Sørlandet kompetansefond.
– Direkte medfører satsinga fleire studentar og større akademisk verksemd ved NLA i Kristiansand. Det handlar om kompetanseutvikling i form av studiar på høgskule-/universitetsnivå, der målgruppa i hovudsak er unge menneske som startar studiar etter vidaregåande skule, seier Sødal.
[ NLA-rektor svarer lærere: Sterke beskyldninger på svakt grunnlag ]
Eksisterande studium på fleire studiestader
Dei nye økonomistudiane ved NLA på Gimlekollen i Kristiansand skal ifølgje høgskulen legga særleg vekt på etikk og samfunnsansvar.
I dag blir tilbode slike studiar ved NLA Hauge School of Management i Oslo, og målet er å gi eit tilsvarande studietilbod i Kristiansand og å bygga opp eit tilhøyrande lokalt, økonomisk-administrativt fagmiljø. NLA Hauge School of Management er inspirert av arven etter Hans Nielsen Hauge, som vart fødd for 250 år sidan og derfor blir feira i år.
Dei nye studiane utgjer ifølgje NLA ei samla satsing som er i tråd med NLA Høgskolen sin strategi for perioden 2021-2025, ved ei prioritering av at studium og fagmiljø ved høgskulen skal utvidast ved at eksisterande studium vert tilboden på fleire studiestader