Nyheter

— Delar av Afrikas historie er gått opp i flammar

STORBRANN: Eit historisk bibliotek i Cape Town er skada i ein brann. Tidlegare NRK-korrespondent fryktar at tusenvis av potensielle doktorgradar er blitt til oske.

— På dette universitetet går dei som skal bli det nye svarte leiarskapet i Sør-Afrika. No har dei mista bøkene og skriftene sine.

Det seier tidlegare Afrika-korrespondent for NRK, Tomm Kristiansen. Han blir fortvila av å sjå bilete og video frå storbrannen som sidan søndag morgon har herja rundt Universitetet i Cape Town (UCT) i Sør-Afrika. Måndag morgon spreidde brannen seg til nye område i byen.

Brannen starta i fjellsidene til Cape Towns ikoniske fjell Table Mountain. Den spreidde seg til universitetet og det historiske Jagger-biblioteket, som er nesten 200 år gamalt.

Ein video frå twitter-kontoen til City of Cape Town viser oransje flammar og røyk som veltar ut frå biblioteket.


Bastion i kampen mot apartheid

— Dette universitetet var ein bastion i kampen mot apartheid. På 1960-talet tok dei inn svarte studentar og gjekk slik i mot regjeringa. Mange av dei som deltok i kampen mot apartheid, har donert kjeldemateriale til universitetet, seier Tomm Kristiansen.

Den rasediskriminerande politikken og ideologien apartheid vart innført av Nasjonalistpartiet i 1948. Apartheid-staten delte befolkninga inn i fire grupper «rasar» og gav privilegium og land til kvite.

Tomm Krisitansen er uroa over kva konsekvensar storbrannen får for kunnskapen om denne mørke perioden i Sør-Afrikas historie.

— Eg trur det er tusenvis av doktorgradar innan apartheids historie som no er gravlagt i oske. Nokre gåter blir ikkje løyst, nokre spørsmål får dei ikkje svar på. Heldigvis har universitetet begynt å digitalisera ein del av samlingane. Likevel er det delar av Afrikas historie som er gått opp i flammar.

Uklart skadeomfang

Jagger-biblioteket husar bibliotekets spesialsamlingar med sjeldne bøker, manuskript, bilete og pamflettar. Måndag morgon er det uklart nøyaktig kor mykje av dei historiske samlingane som er brent opp.

Leiar ved UCT Libraries, Ujala Satgoor, skriv på Facebook at lesesalen i biblioteket er heilt øydelagt. Men branndører skal ha hindra brannen i å spreia seg.

— Nokre av våre verdifulle samlingar er tapte. Men ei fullstendig vurdering kan berre blir gjort når bygningen er erklært trygg og me kan koma inn i den, skriv Satgoor.

Ordførar i Cape Town, Dan Plato, skriv i ei pressemelding at «Det er tragisk at litterære skattar har gått tapt på biblioteket» men at han er blitt informert om at nokre av det mest verdifulle materialet vart redda av branndører.

Eit tempel av kunnskap

Første gong Tomm Kristiansen besøkte universitetet, var då han intervjua den prislønte forfattaren André Brink i 1990. Sidan har han vore der fleire gonger.

— Det er verdas vakrast plasserte universitet. Det ligg på eit høgdedrag med søyler i gyllen afrikansk brunfarge. Det vitnar om å vera eit tempel av kunnskap. Når du går opp trappene, kjenner du deg audmjuk.

Også forfattar Jan Kjærstad besøkte universitetet i same ærend som Tomm Kristiansen. I 1991 intervjua han André Brink for magasinet Vinduet. Brink kom og henta Kjærtad i ein gamal Mercedes og køyrde han opp til universitetet, der han jobba som professor.

— På den tida budde eg i Zimbabwe og var kjend med universitetet i Harare. Så kom eg opp der til universitetet i Cape Town og vart veldig overraska. Bygga minner om gamle Rom og Akropolis, med eføy som klatrar oppover veggane. Eg følte meg heime og vart vitalisert av å høyra alle dei ivrige diskusjonane mellom studentane, seier Kjærstad.

No sit Jan Kjærstad heime i Noreg og følgjer med på bileta frå brannen.

— Det er mykje symbolikk i bibliotek som brenn. Det bringar tankane til Biblioteket i Alexandria og til krigar der bibliotek blir brent ned.

Han ventar spent på meir kunnskap om kor mykje som er gått tapt, og håper biblioteket er kome langt i å lagra samlingane digitalt.

Nye evakueringar

Måndag morgon er det ikkje meld om døde i storbrannen. Ein brannmann skal vera sendt på sjukehus med brannskadar, melder BBC.

På grunn av vind har brannen spreidd seg til området Vredeoek.

City of Cape Town skriv på Twitter at dei evakuerer området, og ber bebuarar ta med nødvendig medisin, mat, klede og toalettsaker.


Den frivillige organisasjonen Gift of the Givers har byrja å samla mat og drikke for å dela ut til dei 4000 studentane som har måtta evakuera frå universitetsområdet.


---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter