— Eg har tilstått eit lovbrot som eg i sjel og hjarte ser på meg sjølv som uskyldig i.
Videoen av Ebba Busch som for to veker sidan annonserte at ho har signert ei tilståing om å ha utøva grov ærekrenking, viser på ingen måte ein audmjuk og angrande toppolitikar. Tvert imot nytta ho høvet til å gjere eit frontalangrep mot svenske injurielovgjeving.
— Ingen av dei opplysningane eg har kome med har vore feil. Men i Sverige kan også sanninga vere ærekrenking, sa Busch.
[ Ropstad kallar Ebba Busch for eit enormt forbilde ]
Betent hustvist
I sentrum av denne saka står eit falleferdig raudt hus utanfor Uppsala. I august i fjor kjøpte Busch dette huset frå pensjonisten Esbjörn. Konflikten oppstod då Esbjörn ombestemte seg dagen etterpå og ikkje ville selje, likevel. Han har seinare uttrykt at grunnen til dette er at han fekk vite at ho hadde planar om å felle skogen rundt huset, men realitetane i hustvisten er etter kvart blitt mindre viktige enn korleis KD-leiaren har oppført seg undervegs.
Der andre toppolitikarar gjerne ville trekt seg ut av saka med minst mogleg støy, for å unngå at privatlivet skuggar over politikken, har Ebba Busch ikkje vike ein tomme. Det heile skrudde seg ekstra til i vinter, då ho i ein post på Facebook fortalde at advokaten til Esbjörn er tidlegare domfelt. På grunn av dette vart ho saksøkt for ærekrenking, og 2. juli i år signerte ho altså på ei tilståing av dette. På denne måten slepp ho i rettssak og betalar i staden ei bot 60.000 svenske kroner. Men trass den formelle tilståinga, står ho altså like beinhardt på at ho ikkje har gjort noko feil.

Framstår som influencer
I den fellesskandinaviske podkasten Norsken, svensken og dansken har hustvisten i Uppsala vore tema fleire gonger. Den norske programleiaren Hilde Sandvik seier at dekkinga av Ebba Busch no handlar mykje meir om henne som privatpersonen, enn om partiet ho representerer.
— Ho kom inn i politikken som eit nytt, friskt namn. Men no framstår ho meir og meir som ein influencer for seg sjølv. Det er ikkje veldig statskvinneaktig, seier Sandvik.
Dette inntrykket blei ikkje svekka av at Busch i fjor haust fekk sterk kritikk for å ha festa saman med den kjende bloggaren og programleiaren Margaux Dietz, midt under den pågåande pandemien. Blant kritikarane var tidlegare statsråd for Socialdemokraterna Annika Strandhäll, som gjekk ut på Facebook og kalla KD-leiaren for eit dårleg forbilde.
— Ein ser ikkje Kjell Ingolf Ropstad komme nedover Karl Johan saman med Sophie Elise, seier Sandvik lattermildt.
Kritikk frå eige parti
Førre veke gjekk riksdagsmedlem og tidlegare nestleiar i KD Lars Adaktussons hardt ut mot Busch i eit intervju i svenske Dagen. Han bad partileiaren om å be om unnskyldning for bråket rundt huskjøpet, og særleg å komme med ei unnskyldning til mannen som ho har vedkjent å ha ærekrenka. Samstundes kritiserte han også debattkulturen internt i partiet.
[ Ebba Busch: –Derfor er det på tide å ta SD inn i varmen ]
— KD har på kort tid endra standpunkt til viktige politiske spørsmål, til dømes innvandringspolitikk. Då må det vere mogleg å analysere og stille spørsmål ved endringa, det må vere mogleg å ha synspunkt på korleis samarbeidet med Sverigedemokraterna skal sjå ut og kor langt det skal gå, seier han til svenske Dagen.
Fleire andre riksdagsmedlemmer har i etterkant gått ut og støtta Busch.
Løfta partiet
KD sleit lenge med målingar godt under sperregrensa og var i ei krise ikkje ulik sitt norske søsterparti, KrF. Men i riksdagsvalet i 2018 klarte Ebba Busch å vinne merksemd og stemmer ved å løfte fram typiske høgresidesaker, som blant anna ein strengare innvandringspolitikk. Ho opna også for at partiet kunne samarbeide med Sverigedemokraterna (SD). Riksdagsvalet vart ein suksess for partiet, og enda betre gjekk det i Europaparlamentsvalet året etterpå, der KD fekk 8,6 prosent av stemmene.
Må vere budde på val når som helst
Det såg lenge ut til at Løfven ville bli nøydd til å skrive ut nyval til Riksdagen og at valdagen kunne bli allereie i september i haust. Den svenske statsministeren klarte å klamre seg til makta ved å danne ei ny mindretalsregjering. Men klarar ikkje Løfven å samle eit fleirtal bak eit budsjett i haust, noko som kan bli svært krevjande, så kan ei ny regjeringskrise bli resultatet. Då blir det kanskje eit nyval allereie tidleg på nyåret.
[ Svensk riksdag: Det framstår som en grov politisk tabbe at Löfven ikke tidligere tok grep ]
Med moglegheita for at eit nytt val kan skje når som helst i løpet av det neste dryge året, må partia i Sverige vere i konstant valkampmodus. Då passar det dårleg å ha ein partileiar som kjem til å vere i fokus for heilt andre ting enn politikk til langt ut på hausten.
— Kjerneveljarane til KD blir ikkje så veldig gira av den situasjonen partiet står i. All støyen rundt Busch kan føre til at KD hamnar under sperregrensa, meiner Sandvik.
Den svenske Riksdagen har same sperregrense som det norske Stortinget, altså 4 prosent.
Kan også vinne på staheit
Heilt sikkert er det likevel ikkje at bråket rundt Busch vil skade partiet hennar. Sjølv om KD lenge gjekk kraftig ned på meiningsmålingane, og ein periode i vinter låg faretruande nær sperregrensa, så har målingane vore langt meir positive dei siste månadane. Til den svenske avisa Expressen seier statsvitar Jenny Madestam at dette kan skuldast at det at Busch står linja ut, trass hard kritikk, kan spele opp under bildet av henne som ein viljesterk politikar.
— Ebba Busch har jo gjort seg til ein politisk leiar som er ganske tøff og som stikk nasen si fram på ulike vis. Ho har vore tydeleg på at ho ikkje vil gje seg i denne saka, seier Madestam til Expressen.