– Eg var sjølv ute og padla då eg såg røyken velte ut over dalen. Det var veldig dramatisk, seier fungerande ordførar Linn T. Sunne i Nordre Land kommune.
Politiet vart varsla om brannen ved 22-tida måndag kveld, og i løpet av natta vart det klart at ein av bebuarane på institusjonen hadde døydd i brannen.
[ Flammer slo opp fra taket på NLM-bedehus ]
– Dette er ei veldig tragisk hending. Eg har stor omtanke og medkjensle for dei som er ramma, seier Sunne.
Ho seier at eit kommunalt kriseteam tidleg var på plass på staden for å ta vare på tilsette og bebuarar. På grunn av skadane på bygninga var det fleire bebuarar som i natt ikkje kunne dra tilbake på romma sine. Dei tilsette på behandlingsinstitusjonen klarte sjølv å raskt få på plass alternativ bustad for dei det gjaldt.
– Dei som jobbar på Riisby har vore veldig flinke til å ta vare på bebuarane, understrekar Sunne.

Kristent livssyn
Riisby behandlingssenter vart starta av fråhaldsorganisasjonen Det Hvite Bånd, men har sidan 2002 vore organisert som ei sjølvstendig stifting. Organisasjonen eig framleis bygningane som behandlingssenteret held til i.
Riisby Behandlingssenter er ein behandlingsinstitusjon for rusmiddelavhengige som treng lengre tids innlegging, og er driven ut frå eit kristent livssyn. Det var 21 bebuarar og to tilsette på institusjonen då brannen vart oppdaga, melder NTB.
Institusjonen har avtale med Helse Sør-Aust om å levere 50 behandlingsplassar innanfor pakkeforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Årsaka er ikkje kjend
Fungerande politistasjonssjef Ole Bjerke ved Dokka lensmannskontor seier at dei jobbar med å finne årsaka til brannen, men at dei foreløpig ikkje har noko meir informasjon om saka.
– Vi gjennomfører ei omfattande etterforsking, med utstrekt bruk av vitneavhøyr i tillegg til tekniske undersøkingar, seier Bjerke til Vårt Land.
Ifølgje Oppland Arbeiderblad var redningsmannskapar raskt til stades, og brannen var sløkt ved halv 12-tida måndag kveld. Dei tilsette skal ha forsøkt å sløkke brannen, men måtte gje opp på grunn av sterk varmeutvikling.