
Pandemiåret 2020 var eit rekordår for narkotikaoverdosar i Noreg. Brukarorganisasjonane meiner handteringa av rusavhengige under pandemien viser at ein ikkje har ein god nok beredskap for å ta vare på ei så sårbar gruppe i ein krisesituasjon.
Viser ikkje auken i overdosar i 2020 at beredskapen i rustilbodet er for dårleg i kriser?
Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) i Helse- og omsorgsdepartementet svarer ikkje direkte på spørsmålet, men seier at dei vil sjå nærare på auken i overdosedødsfall i fjor. Frå organisasjonane på rusfeltet vil dei hente innspel til korleis styresmaktene kan arbeide betre med å førebyggje overdosar.
[ Fryktar at herointørke kan koste svært mange liv ]
Har innført rusalarm
Etter maktovertakinga har Taliban lova å forby all narkotikaproduksjon. Sist gong Taliban lukkast med å stoppe opiumsproduksjonen i Afghanistan, i åra 2000 og 2001, døydde det til saman 779 personar av overdosar i Noreg.
Jahrmann Bjerke seier likevel at det er vanskeleg for departementet å vurdere kva utviklinga i Afghanistan vil bety for tilgangen på heroin i Europa. Men ho meiner regjeringa har styrka beredskapen for rusavhengige.
– Helsedirektoratet har etablert ein rusalarm der alle som blir kjent med ein auka risiko kan varsle om det, til dømes om det dukkar opp uvanleg potente rusmiddel i marknaden. Informasjon når så ut til brukarane gjennom dei regionale kompetansesentera for rus.
Ho understrekar også at rusbildet har endra seg over tid. I 2006 var nesten halvparten av overdosane i Noreg etter bruk av heroin. I 2020 er det andre opioid, blant anna sterke smertestillande medisinar, som står for fleirtalet av overdosedødsfalla.

– Lite fentanylbruk
Brukarorganisasjonane fryktar at ein mogleg konsekvens av tørke på den norske heroinmarknaden kan vere at fleire går over til syntetiske stoff som fentanyl. Stoffa er mykje sterkare enn heroin, og ein fryktar at det kan bli ei kraftig auke i overdosedødsfall. I USA er fentanyl den vanlegaste årsaka til overdosedødsfall.
– Er det eit prioritert område for regjeringa å hindre at fentanyl får ein dominerande plass i den norske marknaden?
– Det er for tida lite fentanylbruk i Noreg, og foreløpig har vi sett få overdosedødsfall i Noreg av fentanyl. Men vi er merksame på dette. Eg vil likevel understreke at det er vanskeleg å samanlikne situasjonen i Noreg med erfaringar frå Nord-Amerika, seier Jahrmann Bjerke.
Sjølv om trenden over det siste tiåret viser ein auke i talet på narkotikautløyste dødsfall i Noreg, så meiner statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet at dette ikkje er ei riktig framstilling. Ho viser til at utviklinga i narkotikadødsfall i høve til folketalet ligg nokså flatt, med unntak av toppen i 2020.
[ Historien til en usynlig rusavhengig ]

– Vi har styrka innsatsen
Uansett korleis ein les tala, så har det i alle fall ikkje vore nokon nedgang i talet på overdosedødsfall i Noreg, trass i at det har vore eit uttalt mål for regjeringa.
– Har regjeringa lukkast med sin politikk mot narkotikadødsfall?
– Vi har styrka innsatsen mot overdosar. Vi har blant anna sett i gong kampanjar for å få folk til å røyke heroin i staden for å sette sprøyter og innført motgift som nasespray i alle kommunar som har sprøytebrukarar. Vi har også utvida bruken av sprøyterom og det blir jobba med å innføre heroinassistert behandling.
[ Vil redde klimaet gjennom kirkene ]
Angrekort for overdoseoffer
Ho innrømmer likevel at dei i løpet av sine åtte år i regjering ikkje er komne i mål med rusarbeidet.
– Dette er eit langsiktig arbeid og det er framleis altfor mange som mister livet på grunn av overdosar. Blant anna må vi gjere enda meir for å førebyggje at dei som har tatt ei overdose, gjer det igjen. Vi har innført eit angrekort som gjev pasientar som er behandla for overdose eit ope tilbod om å returnere til behandling i 48 timar, seier Jahrmann Bjerke.