Nyheter

Stortinget på lønstoppen

NORDEN: Målt i norske kroner har stortingsrepresentantane berre eitt nordisk parlament over seg på lønnsstigen. Snart bryt dei milliongrensa. Dei folkevalde i Raudt og SV må dele – partiet krev inn skatt.

Nye tingkvinner- og menn vil med interesse sjekke summen som openberrar seg på bankkontoen i oktober.

For dei fremste folkevalde i Norge får ikkje løn. Etter siste justering manglar dei berre 12.003 kroner på å passere éin million kroner i årleg godtgjering.

Dei 169 stortingsrepresentantane får 987.997 kroner kvar.

Summen sender dei opp på lønstoppen. Berre fem prosent av lønstakarane tener betre, 95 prosent tener mindre.

I 2021 ligg snittløna til norske arbeidstakarar på 587.600 kroner, opplyser SSB. I 1999 var skilnaden mellom stortingsgodtgjeringa og snittløna i samfunnet rundt 200.000 kroner.

dk

Vil ha summen ned

– Godtgjeringa skal ha legitimitet i samfunnet, ho skal ikkje vere for høg, heller ikkje for låg. Dagens nivå er for høgt, konkluderer Steinar Nørstebø.

Regionsekretæren i LO-forbundet Handel og Kontor var medlem i godtgjeringsutvalet, som Stortinget sette ned i 2020 og greidde ut «felles prinsipper for godtgjøring til politikere på alle forvaltningsnivåer».

Nørstebø blei ståande åleine i utvalet då han foreslo å kutte i godtgjeringa. Fleirtalet sa at dagens nivå er tenleg, og Stortinget, minus SV og Raudt, sa seg samd.

– Kva bør stortingsrepresentantane få?

– Dei må ned slik at dei ikkje er mellom dei ti prosentane som tener mest, meiner Nørstebø.

Han understrekar at stortingsrepresentantane har krevjande og utfordrande verv, men ser ingen grunn til at godtgjersla skal plassere dei i tiprosenten som tener best i Norge.

– Folkevalde skal ha bakkekontakt, og ikkje tilhøyre ei eiga klasse.

su

Over millionen i Danmark

  • Målt i brutto utbetalt, rekna om til norske kroner, kjem Norge på andreplass, bak medlemmene i Folketinget i Danmark:
  • Danmark: 1.043.286 - inkluderer ein mindre skattefri sum
  • Norge: 987.997
  • Finland: frå 805.585 til 902.294*
  • Island: 954.092 - inkluderer bonus
  • Sverige: 843.800

* I den finske Riksdagen når ein toppgodtgjering etter 12 år som folkevalt.

Prisnivå påverkar

Utgreiingsseksjonen på Stortinget har analysert nivået på ytingane til dei fremste folkevalde i Norden – sjå tala til sist i artikkelen. Rapporten fortel at:

  • Per 1. oktober 2020 hadde stortingsrepresentantane den nest høgaste godtgjeringa.
  • Held ein det danske skattefrie kostnadstillegget utanfor, hadde Stortinget den høgaste godtgjeringa.
  • Når ytingane blir korrigert for ulikskapen i prisnivå mellom landa same år, blir Stortinget i Norge passert av både den finske Riksdagen; toppnivået og det danske Folketinget.
  • Blir godtgjeringane vurdert opp mot snittløna i dei nordiske landa, ligg Stortinget bak begge Riksdagane og Folketinget. Alltingets medlemmer kjem dårlegast ut.
sve

Må betale partiskatt

Langt frå alle som møter opp fredag 8. oktober, første dag på jobb i nytt Storting, får disponere nestenmillionen fritt. I både Raudt og SV må dei fremste tillitsvalde betale partiskatt.

– Representantane til SV på Stortinget må betale ti prosent partiskatt av nettoinntekta, forklarar partisekretær Audun Herning.

– Representantane til Raudt får halde på snittløna for heiltidstilsette i Norge, pluss eit prosenttillegg, opplyser partisekretær Benedikte Pryneid Hansen.

Dermed blir godtgjeringa barbert ned til 691.700 kroner for parlamentarisk leiar Bjørnar Moxnes. Prosenttillegget er på 30, og dekkjer overtid, kveldsarbeid, nattarbeid og leiaransvar. Dei andre sju i Raudt-gruppa får eit tillegg på 20 prosent.

Partiskatten frå 8 Raudt-representantar og 13 SV-representantar går i partikassene og blir brukt på å styrkje partiorganisasjonane.

partiskatt

---

Parlament

  • Å vere medlem av ei nasjonalforsamling er eit verv, ikkje ei stilling.
  • Difor får medlemmene godtgjering eller vederlag, og ikkje løn.
  • Utover godtgjeringane er det i alle land ei lang rekkje tilleggsytingar som pensjon, husvære, kontorhald, gratisreiser med meir.

---

is

Italia på topp

Sjekkar stortingsrepresentantane nivået på årlege godtgjeringar i andre land i Europa, vil dei sjå at nivået sprikar sterkt.

På topp ligg Italia med vel 1,5 millionar kroner til dei folkevalde i deputertkammeret, medan Tyskland, den største økonomien i Europa, gjev medlemmene i Forbundsdagen vel 1,2 millionar kroner.

I den største økonomien i verda, USA, er den årlege utbetalinga til medlemmene av Representanthuset noko over 1,5 millionar, medan dei som benkar seg i Underhuset i Storbritannia får opp mot millionen norske kroner inn på kontoen.

Ei kartlegging Euronews gjorde ei tid tilbake, viste at Italia ligg på lønstoppen i EU, medan Bulgaria legg seg på sisteplassen. Ein bulgarsk parlamentarikar tener ein tidel av ein italiensk folkevald.

Men fordi årleg inntekt må målast opp mot kjøpekraft, er det ikkje Italia som har dei best stilte folkevalde. Ein gjennomgang frå BalkanInsight viser at parlamentarikarane i Bosnia-Hercegovina er «rikast». Her tener dei folkevalde i nasjonalforsamlinga i Sarajevo rundt seks gonger meir enn snittløna i landet.

ita

Dei nordiske tala

Her er ei utdjuping av tala frå dei nordiske parlamenta:

Norge. Avlønning: Stortingsrepresentantane får ei årleg godtgjering – ikkje løn – på 987.997 kroner.

Snittløn: 579.820 norske kroner i 2019 i Norge – stortingsgodtgjeringa utgjorde 169 prosent av snittløna i Norge.

Sverige. Avlønning: Medlemmane i Riksdagen får eit årleg arvode – ei godtgjering – på 838.800 svenske kroner – eller 843.800 norske.

Snittløn: 438.350 svenske kroner i 2019 – riksdagsarvode utgjer 184 prosent av snittløna i Sverige.

Danmark. Avlønning: Medlemmene i Folketinget får eit årleg grunnvederlag på 704.069 danske kroner og eit årleg skattefritt kostnadstillegg på 63.053 danske kroner, totalt x danske kroner – eller 1.043.286 norske.

Snittløn: 446.397 danske kroner i 2019 – det samla folketingsvederlaget utgjer 148 prosent av snittløna i Danmark.

Finland. Avlønning: Medlemmene i Riksdagen får eit årleg arvode etter ansiennitet; talet år i nasjonalforsamlinga:

1-3 år: 805.585 norske kroner

4-11 år: 845.901 norske kroner

12 år og meir: 902.294 norske kroner

Snittløn: 42.618 euro i 2019 – arvodet utgjorde frå 186 til 206 prosent av snittløna i Finland.

Island. Avlønning: Medlemmene i Alltinget får eit årleg vederlag på 12.249.176 islandske kroner – eller 954.092 norske, summen inkluderer ein bonus på 12.284 norske kroner.

Snittløn: 462.300 norske kroner i 2019 – vederlaget utgjorde 128 prosent av snittløna i Island.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter