Dette er eit augneblikksbilete på flyktningkrisa som utspelar seg i skogane aust i Europa.
Med ryggen mot oss, væpna polsk grensepoliti. I skogkanten på den andre sida av glenna, væpna kviterussisk grensepoliti.
Midt i mellom, i ingenmannsland, vel 30 afghanske flyktningar.
Dei blir nekta å gå inn i Polen. Og nekta å gå tilbake, inn i Kviterussland.
Flyktningane, der den yngste er ei jente på 15 år, har site på same staden, i grenseskogen, nær landsbyen Usnarz Górny, i over 40 dagar.
[ Trygve Skaug hevdar svindlarar har lurt til seg pengar i hans namn ]
Sender ut naudrop
Ocalenie, ein polsk frivilligorganisasjon, har telefonkontakt med flyktningane som er fanga mellom Kviterusslands president Aleksandr Lukasjenko og Polens president Andrzej Duda.
Begge nektar å sleppe flyktningane inn.
– Dersom me blir her – og døyr, vil de ta hand om kroppane våre?
Mannen som spør heiter Masoud. Han er ein av dei kring 30 afghanarane. Han snakkar via Ocalenie, som sender ut naudropa via Twitter.

Kjørt til sjukehus
Masouds spørsmål kjem ikkje overraskande, for rundt han i skogen mellom Kviterussland og Polen døyr no flyktningar.
Polske styresmakter opplyser at laurdag for ei veke sidan blei det funne tre døde på polsk side av grensa. Dei døde av utmatting og hypertermi; overoppheting. Sundagen etter blei ei død kvinne oppdaga på kviterussisk side.
Åtte andre sterkt svekka er funne, sju er kjørt til sjukehus i Polen. Der blir dei behandla for utmatting, fortel The Guardian.
[ Press mot kyrkja, mange vil døype barn når Norge opnar ]
FN krev handling
– Det er desse tilhøva me har åtvara mot, seier Piotr Bystrianin, talsmann i Ocalenie.
Han fortel at det som nå skjer, at folk døyr og må få akutt helsehjelp, skjer fordi polsk politi pressar flyktningar og migrantar tilbake til Kviterussland. Der presidentens politi står vakt og slepper ingen forbi.
IOM, FNs organisasjon for migrasjon, ropar varsko i skogen: Tilhøva er ekstremt barske, for dei som sit i skogen manglar alt; vatn, mat, helsehjelp, toalett – og ly.
Det er desse tilhøva me har åtvara mot
— Piotr Bystrianin, talsmann i Ocalenie
Byggjer grensegjerde
Berre til no i september er det registrert 3.200 forsøk på å ta seg ulovleg over grensa til Polen frå Kviterussland. Også nabolanda Latvia og Litauen merker auka pågang frå Kviterussland.
Polen skuldar president Aleksandr Lukasjenko for å yte organisert hjelp til flyktningar som ønskjer å gå inn i EU, altså Polen. På polsk side har presidenten svart med å kunngjere unntakstilstand langs den 418 kilometer lange grensa, og starta bygginga av eit grensegjerde.
---
Flyktningar
- Polen, Latvia og Litauen er reisemål for flyktningar og migrantar som via Kviterusland prøver å ta seg inn i EU.
- Mange har stranda i grenseskogane mellom Kviterussland og dei tre EU-landa.
---
Opna flyktningrute
EU meiner folkevandringane mot EU-landa Poeln, Latvia og Litauen er arrangerte av Lukasjenko som hemn for sanksjonane EU har innført. Unionen, med støtte frå Norge, har reagert sterkt på valfusket som sikra Lukasjenkos attval i august i fjor, og hans særs brutale behandlinga av kviterussiske demonstrantar som krev demokrati.
Lukasjenko åtvara i vår EU; han ville ikkje hindre folk å ta seg til grensa.
Kviterusslands president gjorde meir enn å åtvare. Han organiserte ei luftbru frå Irak til Kviterussland. I mai starta Iraqi Airways ei direkterute mellom Bagdad og Minsk. Passasjerane var for det meste menn, kvinner og barn frå Midtausten – flyktningar og migrantar.
I august blei ruta innstilt. Både USA og EU pressa på for å få Iraqi Airways til å slutte å mate flyktningar og migrantar inn i Kviterussland.

Polen: Eit hybridåtak
I sommar har tusental kryssa grensa til Polen, Litauen og Latvia eller forsøkt, og blitt avviste. Over 10.000 flyktningar og migrantar frå krigsherja land oppheld seg no i Kviterussland, og ønskjer å gå inn i EU, opplyser den polske grensevakta, skriv NTB.
Polen kallar menneskestraumen mot vest for eit hybridåtak og avviser alle bøner om å sleppe dei som sit i grenseskogane inn i landet. Statsminister Tadeusz Morawiecki meiner det vil vere å gje etter for utpressaren Aleksandr Lukasjenko.
– Uansett om dei sit fast ved ei europeisk grense eller evakuerer frå Afghanistan, bør menneske som søkjer internasjonalt vern, bli møtte med vørnad og respekt, og krava deira om vern bli møtt med respekt, seier seniorrådgjevar Lydia Gall i Human Rights Watch. Ho arbeider i avdelinga for Aust-Europa og Vest-Balkan.