Støre og Vedum har etter lange forhandlingar blitt einige om å danne regjering. Det er knytt stor spenning til korleis den nye regjeringa skal sjå ut.
Senterpartiet har historisk hatt svært tette band til bønder og bondeorganisasjonane. Før ei namneendring i 1959, gjekk partiet under namnet Bondepartiet.
Det betyr likevel ikkje at norske bønder automatisk vil føretrekka ein minister frå Senterpartiet.
Vårt Land har spurt dei to bondeorganisasjonane, og fått eit klart svar: Ein landbruksminister frå Ap kan vera like bra som ein frå Sp.
Bondelaget: – Ingen automatikk i at Sp får minister
– Det er ingen automatikk i at det må vera Sp som får landbruksministeren. Det som er viktig for oss, er at landbruksministeren er ein person med engasjement og kunnskap for landbruket. Det finst i begge parti som sit på Hurdal. Me skal ta godt i mot den som blir peika ut, seier Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag.

Han seier at Bondelaget har registrert at Ap har hatt ein meir offensiv landbrukspolitikk i denne valkampen enn før.
– Det har me notert oss. Me har klare forventingar om at det blir følgt opp.
Bondelaget er den største av dei to faglaga til bøndene, med over 61.000 medlemmer. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig, men har hatt historisk tette band til Senterpartiet.
Tidlegare Bondelag-leiar Nils T. Bjørke tek no til på sin andre periode som stortingsrepresentant for Sp frå Hordaland.
[ Bondedraumen kan gjera Markus til gjeldsslave ]
Småbrukarlaget: Lever godt med Ap-minister
Også frå «veslebror» blant bøndene, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, kjem det ingen krav om at Sp må få landbruksministeren.
- Me har ingen spesielle forventingar den eine eller andre vegen. Me håper det blir ein landbruksminister som vågar å ta grep så me får sikra landets framtidige matproduksjon, seier Anders Nordstad, generalsekretær i Småbrukarlaget.
Organisasjonen har rundt 7000 medlemmer.

- De vil leva godt med ein landbruksminister frå Ap?
- Ja, like godt som med med ein landbruksminister frå Sp. Det viktige for oss, er at norske bønder skal bli økonomisk likestilt samfunnet elles. Vegen dit, er gjennom å auka sjølvbergingsgraden. Der meiner me at verken Ap eller Sp er særleg konkrete på korleis dei vil få til, seier Anders Nordstad.
Sjølvbergingsgraden viser til kor stor del av norsk matforbruk som kjem frå norsk produksjon.
Fleire kandidatar frå både Sp og Ap
Kjelder Vårt Land har vore i kontakt med, trekk fram fleire namn frå Ap og Sp kandidatar til å bli landbruksminister.
Blant dei er:
- Nils Kristen Sandtrøen frå Ap. Han er landbrukspolitisk talsperson og var sentral i utforminga i partiets opptrappingsplan for sektoren.
- Geir Pollestad frå Sp. Han er næringspolitisk talsperson og har tidlegare vore statssekretær i samferdselsdepartementet og Olje- og energidepartementet.
- Bjørnar Skjæran frå Ap. Han er nestleiar i partiet og bonde frå Lurøy i Nordland.
- Nils T. Bjørke frå Sp, tidlegare leiar i Bondelaget.

Bondeopprørar følgjer med på politikk, ikkje parti
Parallelt med dei to faglaga har det vekse fram eit bondeopprør.
Bondeopprøret vart starta av fem bønder, og har resultert i eit opprop med 60.000 underskrifter og ei Facebook-side med 47.000 medlemmer som aktivt diskuterer tilstanden i norsk jordbruk.
Opprøret danna bakteppet då dei to faglaga vedtok å gå til brot i årets jordbrukforhandlingar.
– Me i bondeopprøret er berre opptekne av politikk, ikkje av parti. Sp og Ap har like gode kandidatar til å bli landbruksminister. Det heilt avgjerande, er at regjeringa sikrar økonomisk likestilling mellom bønder og resten av samfunnet, seier Tor Jacob Solberg, på vegner av dei fem initiativtakarane bak bondeopprøret.
Han vil følga godt med på kva som kjem ut frå forhandlingane på Hurdal.
– Like viktig som landbruksministeren, er kva som står i regjeringserklæringa og kven som blir finansminister, seier Solberg.
[ Tidligere prost Bente Modalsli har fått ALS ]