– Folks psykiske helse er premissleverandør for at land skal evne å løfte seg ut av fattigdom. Og god psykisk helse er også avgjerande for barns utvikling og læring, og ikkje minst foreldres evne til omsorg, forklarar, generalsekretær Sissel Aarak i SOS-barnebyer.
Ho har har difor ei utfordring til den nye utviklingsministeren, Anne Beathe Tvinnereim (Sp), i tre punkt:
- Set mental helse på dagsorden internasjonalt.
- Bygg kompetanse.
- Bruk fleire bistandskroner til behandling av mentale lidingar.
Rekordstort bistandsbudsjett
Ingen norsk regjering har hatt så mange milliardar på bistandsbudsjettet som Støre-regjeringa. Forslaget frå Solberg-regjeringa er på nesten 42 milliardar kroner, og fordi Stortinget har vedteke prosentmålet – bistanden skal til ei kvar tid utgjere ein prosent av brutto nasjonalinntekt – vil ikkje den nye regjeringa endre summen.
Men dei kan justere innretninga.
Akkurat det meiner SOS-barnebyer Sp-statsråden bør gjere.
– I dag slit ein av fem barn og unge i verda med psykiske helseplager. Dei fleste bur i utviklingsland og auken er alarmerande, seier Aarak.
[ Krev stopp i bruk av kimande kyrkjeklokker ]
Klimakriser = mental helse-kriser
Verdas økonomiske forum (WEF) seier det rett ut; folks psykiske helse er ein avgjerande faktor for økonomisk vekst, og evna til å løfte eit land ut av fattigdom.
I det verda bur seg til klimatoppmøte i Glasgow, legg WEF fram ein rapport som fortel at folkegrupper som er råka av alvorlege klimaendringar også er råka av mental helse-kriser. Difor må psykisk helse inn i klimaarbeidet.
WEF peikar på konkrete område, land i Asia som er råka av flaumar, land i Afrika som er rista av jordskjelv.

Under partiradaren
SOS-barnebyer tok ein spørjerunde til dei politiske partia før stortingsvalet: Kva satsar de på mental helse i bistandspolitikken? Svara viste at området har gått under radaren, meiner hjelpeorganisasjonen.
Difor må Støre-regjeringa bruke meir av bistandsbudsjettet på mental helse, seier Sissel Aarak - og legg dystre fakta på bordet:
- Tre av fire som blir råka av psykiske lidingar bur i land med krig og kriser og i laginntektsland.
- 80 prosent av dei manglar helsehjelp for lidinga.
- 77 prosent av dei som utfører sjølvdrap, kjem frå fattige land og låginntektsland.
- Mange land brukar framleis tvang og tortur som behandlingsmetodar – av rein vankunne.
- Mental vanhelse aukar i den oppveksande generasjonen.
Tilskot til WHO-arbeid
Norads oversikt for 2020 viser at Norge øyremerkte totalt 6,6 milliardar kroner til helsebistand. I summen ligg også støtte multilaterale organisasjonar som gjekk til helse. Grunna pandemien auka den øyremerkte helsebistanden med 60 prosent i fjor.
I forslaget til 2022-budsjett la Solberg-regjeringa inn bistandspengar til eit program for ikkje-smittsame sjukdomar, der noko skal gå til arbeidet med mental helse globalt og i bistandsland:
«I 2020 ga Norge et toårig tilskudd til WHOs arbeid med ikke-smittsomme sykdommer i lav- og mellominntektsland på totalt 220 mill. kroner», melde utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) i budsjettdokumentet før han gjekk av.
Han la også att ei melding til etterfølgjaren: «I 2020 ble det opprettet et bistandsprogram for bekjempelse av ikke-smittsomme sykdommer for perioden 2020–2024. Norge er ett av få giverland som prioriterer dette området.»

Kan skade bistanden
Generalsekretær Aarak er klar på kva utviklingsministeren må gjere:
– SOS-barnebyer oppmodar neste regjering til å ta opp stafettpinnen og satse vidare på mental helse. Feil prioritering her, vil skade effekten av anna bistandsarbeid som blir gjort.
Ho meiner Norge «bør ta ei leiarrolle på dette viktige området». Aarak seider mykje bra blir gjort gjennom Norads nye program Helse for utvikling.
[ Kvinneprestmotstandar fekk sluttpakke ]
Kurs i afrikanske land
Bistandsbudsjettet for 2022 fortel kva som blir utretta med nokre bistandskroner:
Universitetet i Bergen har prosjekt saman med styresmaktene på Zanzibar. Her går ein gjennom grunnleggjande helsetenester, der psykisk helse er inkludert.
Organisasjonen Mercy Ships har arrangert kurs i psykisk helse i Benin, Kamerun, Kongo–Brazzaville og Liberia.
Me veit at tidleg innsats er viktig, fordi dårleg psykisk helse ofte startar i barndommen.
— Sissel Aarak, generalsekretær i SOS-barnebyer
Sårbare av pandemien
Generalsekretær Aarak er glad for bistandspotten til ikkje-smittsame sjukdomar, men etterlyser langt større løyvingar, særleg fordi koronapandemien framleis herjar hardt i fattige land i Sør.
- Det er på overtid at det blir satsa her, ikkje minst fordi pandemien har gjort fleire sårbare. Me veit at tidleg innsats er viktig, fordi dårleg psykisk helse ofte startar i barndommen. Det beste middelet mot dårleg mental helse er ein trygg barndom.
Universitetet i Bergen har saman med SOS-barnebyer laga ein rapport som viser at mykje kan gjerast på lokalt nivå når det kjem til det å styrkje den mentale helsa. Men tre ting må på plass, meir kunnskap, større løyvingar og tydelegare prioriteringar.
I Hurdalsplattforma lovar Støre-regjeringa at i bistandspolitikken skal Norge vere ein pådrivar for «helsetjenester til alle» og at ein «vil bidra til kraftigere internasjonalt helsesamarbeid».