– Sånn det ser ut ønskjer UNE å auke bevisterskelen, og dei ønskjer å innskrenke domstolen si prøving av sine vedtak.
Det seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS). Bakgrunnen er saka til den iranske konvertitten Vesam Heydari, som Utlendingsnemnda (UNE) no har anka til Høgsterett, av det dei kallar «prinsipielle grunnar».
[ NRK felt i PFU etter BCC-dokumentar ]
Spørsmål om forfølging
Begge partar er einige om at Heydari faktisk har konvertert til kristendommen etter at han kom til Noreg, men stridsspørsmålet har vore om dette ville føre til at mannen vil bli forfølgd om han blir tvangsreturnert til Iran.
UNE meiner berre dei som driv aktiv misjonering eller opplæring, eller har leiande stillingar i kyrkjer, er under risiko for forfølging i Iran. Slik Heydari har utøvd si tru i Noreg etter at han konverterte, meiner dei at det er liten grunn til å tru at han ville hamne under iranske styresmakter sitt søkjelys om han blir returnert til landet.
I retten sa Heydari på si side at om han blir tvangsreturnert, ville det vere naturleg for han å ta ei aktiv rolle innan opplæring og misjonering, og at han derfor vil bli utsett for forfølging.
Borgarting lagmannsrett valde å tru han på dette, og omgjorde UNE sitt avslag om asyl.
[ Roper varsko om norsk konvertitt-behandling ]
Kan få konsekvensar
UNE meiner at det var forsvarleg å anta at Heydari ikkje vil undervise eller ha ei leiande rolle om han blir returnert til Iran.
Lagmannsretten meiner på si side at denne antakelsen ikkje er riktig. Retten meiner blant anna at sjølv om Heydari ikkje har ei opplæringsrolle i sin norske kyrkjelyd, så kan det hende han vil ha det når han kjem til ein iransk kyrkjelyd der det er mangel på medlem med teologisk kunnskap.
UNE tek derfor saka til Høgsterett for å få eit prinsipielt svar på om domstolane i det heile tatt har noko med å vurdere om antakelsen deira er riktig eller ikkje. Dei meiner at domstolen kun skal vurdere om UNE la riktig fakta til grunn for antakelsen då den vart gjort under sakshandsaminga i 2019.
Om Høgsterett gjev dei rett i det, kan det endre måten konvertittsaker blir handsama i framtida.

– Avgrensar domstolskontrollen
– Det utlendingsmyndigheitene prøvar å gjere, er å avgrense domstolskontrollen av eigne vedtak, seier Jon Ole Martinsen i NOAS. Han hadde tidlegare i veka eit innlegg på trykk i Vårt Land om denne saka.
Særleg ei formulering i ankefråsegna frå UNE, får Martinsen til å stusse:
«I det store flertallet av saker der utlendingen returnerer til hjemlandet etter avslag og ikke utsettes for forfølgelse, vil utlendingsmyndighetenes prognose ha slått til og det kan ikke være tale om ugyldighet på grunn av feil ved den fremtidsrettede vurderingen.
I de få tilfellene der utlendingen etter retur utsettes for forfølgelse, og vedkommende anfører at avslaget på asyl er ugyldig, vil domstolen måtte vurdere om prognosen utlendingsmyndighetene foretok var forsvarlig gitt det faktum man hadde på vedtakstidspunktet.»
– Meiner UNE at domstolane berre skal kunne ta stilling til om UNE har fatta korrekt vedtak i konvertittsaker dersom klagaren har blitt returnert og utsett for forfølging? spør Martinsen.
[ Noas om raudgrøn flyktingpolitikk: Regjeringa nærmar seg Frp ]
---
Vesam Heydari
- 42 år, frå Teheran
- Kom til Noreg 2009, fekk først avslag på asylsøknad i 2012
- Heydari fekk omgjort avslaget i Oslo tingrett i 2020, og dette vart stadfesta av Borgarting lagmannsrett i september i år
- 1. oktober anka UNE saka vidare til Høgsterett. Ankeutvalet har enno ikkje teke stilling til om saka vil bli handsama der
---
Oppsiktsvekkande
Martinsen meiner det er oppsiktsvekkande at UNE etter hans syn ønskjer å avgrense domstolane sin funksjon i å etterprøve avgjersler tekne av forvaltninga.
– Forvaltninga burde meine at det er ein god ting at avgjerslene dei tek blir ettergått. Når domstolen prøver UNE sine avgjersler, så kan det avdekke feil som kan føre til brot på våre internasjonale plikter om å gje beskyttelse. Dette er feil som, om dei ikkje blir avdekka, kan sette seg i systemet.
Han meiner at prinsippa UNE utfordrar er såpass tydeleg avklart i tidlegare domsavgjersler at anken bør bli avvist før den kjem til handsaming i Høgsterett.
Det er Høgsterett sitt ankeutval som avgjer om dette vil skje. Deira avgjersle kjem truleg ikkje før på nyåret.
Meiner domstolane framleis skal ha full prøvingsrett
På e-post skriv avdelingsleiar Terje Østraat i UNE at dei ikkje ønskjer å gå inn i detaljane i saka til Heydari før Høgsterett har tatt stilling til om anken skal handsamast eller ikkje.
På generelt grunnlag seier han at det er skilnad på å vurdere kva som faktisk har skjedd og på å vurdere kva som vil kunne skje i framtida. Berre det første er ifølgje han ei bevisvurdering. Kva som kan skje under gjevne føresetnader, handlar om prognosar og risiko.
Østraat er ikkje einig i tolkinga til Martinsen om at dette betyr at domstolane berre kan etterprøve UNE sine vedtak etter at asylsøkaren har returnert til heimlandet.
– Både UNE og retten må vurdere om det er ein fare for for forfølging før retur skjer, skriv han.
Domstolane kan prøve om UNEs prognosevurdering er forsvarleg og byggjer på eit riktig faktisk grunnlag, skriv Østraat vidare.
[ Må minstepensjonist selge familiehytte for å få hjelp? ]