Oppdraget er av det utfordrande slaget:
«Denne operasjonen er sentral for å hindre at militante islamistgrupper skal få ytterligere fotfeste i Sahel», sa dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen då Solberg-regjeringa i juli kunngjorde at Norge skal sende eit «mindre antall soldater» og to stabsoffiserar til det vestafrikanske landet Mali.
Soldatane skal inngå i EUs militære operasjonen Takuba, som skal «håndtere de økende sikkerhetsutfordringene, spesielt fra ISIL i Sahara», ifølgje Forsvarsdepartementet (FD).
Støre-regjeringa stiller seg bak avgjerda frå i sommar.
[ Mobilselskap innfrir sensurkrav frå diktatorar - Oljefondet har eigarpost ]
Ut av Afghanistan, inn i Mali
Varselet om Mali-oppdraget kom vel to veker etter at dåverande statsminister Erna Solberg tok i mot dei siste norske kampsoldatane som blei henta heim frå Afghanistan: «Vi har lært at konflikt kan ikke løses militært», sa ho mellom anna i helsingstalen på Gardermoen.
Då Frankrike og Mali spurde om norsk bidrag til Takuba i januar i fjor, kom Solberg-regjeringa fram til at svaret blei nei. For det var ikkje fleirtal i Stortinget for å sende ein større norsk styrke, 100-120 soldatar, til Mali.
Men då styrken blei kraftig redusert, og innlemma i det svenske bidraget til Takuba, snudde Ap og støtta Mali-oppdraget.
Norske spesialsoldatar har vore i Sahel-regionen tidlegare, då som deltakarar på den årlege Flintlock-øvinga, har Vårt Land fortalt.

«Løysinga er ikkje militær»
– Er det lurt av Norge å sende soldatar dit?
Tor Arve Benjaminsen, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og ekspert på jihadist-opprøret i Mali, svarar Vårt Land:
– Eg er i tvil, men utanlandske soldatar til Mali kan ha noko for seg, dei kan betre tryggleiken. Men løysinga er ikkje militær. Freden i Mali blir vunnen ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka. Men så lenge Frankrike seier nei til forhandlingar med opprørarane, blir ikkje dette alternativet prøvd ut.
Frankrike har sidan opprøret starta i 2012 hatt store styrkar i Mali, men har ikkje evna å vinne militær kontroll.
Løysinga er ikkje militær. Freden i Mali blir vunnen ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka
— Tor Arve Benjaminsen, professor Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
---
- Sahel er den biogeografiske og klimatiske overgangssona som ligg mellom Sahara i nord og det sudanesiske savannebeltet i sør.
- Det arabiske ordet sahil tyder strand eller kyst, og ein kan tenke på Sahel som den sørlige bredda for sandhavet i Sahara.
- Det er tynt med folk i området. Tradisjonelt har dei fleste vore nomadar.
- Væpna konflikter, dramatiske klimaendringer og få høve til utdanning og arbeid er ein del av kvardagen for mange i regionen.
- Konfliktnivået mellom ulike grupper i regionen aukar. Risikoen er stor for at den negative trenden vil halde fram i åra som kjem.
---
Departementet ventar
I juli opplyste FD at dei norske soldatane skal «være på plass i Mali i løpet av høsten, og trekkes tilbake sammen med den svenske styrken i 2022».
Hausten er bak oss og snart er det 2022 – og ingen norske soldatar har landa i Mali. FD forklarar i ein e-post til Vårt Land kvifor:
«I påvente av enighet med maliske myndigheter om en avtale som gir det norske personellet tilstrekkelig rettslig vern er det norske bidraget p.t. ikke deployert.»

Kupp og konflikt
Tilhøva i Mali er svært urolege og lite oversiktlege.
I august i fjor tok ein militærjunta makta i eit kupp – og i mai i år tok kuppleiaren sjølv, obersten Assimi Goïta, makta frå han som blei president etter augustkuppet og utropte seg til statssjef.
Mali – og regionen landet ligg i, Sahel – er heimsøkt av kriser og konfliktar. Verdssamfunnet kjempar mot eit troll med mange hovud i Sahel-regionen, der militante islamistar med band til både al-Qaida og IS herjar i fem land.
Seinast førre fredag blei minst 30 menneske drepne etter at jihadistar gjekk til åtak på ein buss i nærleiken av byen Bankass, sentralt i Mali.
– Kven er opprørarane, Benjaminsen?
– Dei er for det mest bønder og nomadar frå nord som kjenner seg urettvist handsama av ein korrupt elite i Bamako, medan leiarane er valdelege jihadistar.
---
Mali
- Republikk i Vest-Afrika, tidlegare fransk koloni.
- Folketal på rundt 18 millionar.
- Opprør i 2012, væpna grupper i nord ønskte ein eigen stat, Azawad.
- Frankrike har hatt soldatar i landet sidan 2012, no tek ein EU-styrke over, Takuba.
- Takuba har 400 soldatar frå Frankrike, Belgia, Danmark, Estland, Italia, Nederland, Portugal, Sverige og Tsjekkia.
- Norge skal sende soldatar via det svenske bidraget.
---

Treng omfattande hjelp
Hittil i år er kring 1.500 sivile blitt drepne i sentrale Sahel, som er landa Burkina Faso, Mali og Niger. 2,1 millionar menneske er blitt internflyktningar i dei tre landa – og rekordmange, 14,4 millionar treng humanitær hjelp.
Opprøret braut ut nord i Mali og har sidan spreidd seg sørover i landet og til nabolanda Niger og Burkina Faso. Dei sentrale delane av Mali er i dag eit episenter for konfliktane som herjar Sahel.
[ Strømprisene er i ferd med å bli Støre-regjeringens største og mest akutte hodepine ]
Vurderer leigesoldatar
I Forsvarsdepartementet i Oslo ser dei også med uro på meldingar om russiske leigesoldatar til Mali.
I september blei det avslørt at regimet i Bamako forhandla med leigesoldatar frå det russiske tryggingsselskapet Wagner om å nedkjempe islamistgrupper. Mali skal ha etterspurt så mange som 1.000 leigesoldatar.
Danmarks forsvarsminister varsla at den danske styrken reiser heim frå Takuba om russarane kjem:
– Me samarbeider ikkje med leigesoldatar. Det er heilt uakseptabelt, sa forsvarsminister Trine Bramsen.
Norges dåverande forsvarsminister, Frank Bakke-Jensen, sa seg samd.

Drep sivile
Den maliske hæren, som Norge skal hjelpe i krigen mot islamistisk terror, er prega av brutalitet, særleg mot sivile.
Nyhendebyrået The New Humanitarian melde i august at Malis regjeringshær drap fleire sivile enn jihadistar i 2020. Sidan opprøret braut ut i 2012, har kring 10.000 sivile mista livet.
Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch har ved hjelp av augevitne kartlagt ei lang rekkje drap på sivile, utført av maliske soldatar.