– Vi i KrF Hammerfest er heilt sikre på at dette vil bidra til tilflytting, til fleire barn og til å betre den psykiske helsa i befolkninga, seier Truls Olufsen-Mehus til iFinnmark.
Han er leiar i Troms og Finnmark KrF, og nestleiar i lokallaget.
Framlegget er å utbetale ein bonus på 200.000 kroner til alle som får barn i kommunen. Ordninga, som Hammerfest KrF kallar Babybonus, vil fungere slik at foreldra får utbetalt 100.000 kroner når barnet blir fødd, og så 50.000 kvart år dei etterfølgjande to åra. Alle som har budd i kommunen minst 10 månader vil kunne ta imot denne støtta.
– Foreldre får større fridom og meir handlingsrom til å nyte småbarnsfasen og tilpasse omgjevnadane til sine behov i ein kort fase der dei fleste av oss ønskjer at vi hadde hatt meir tid og ressursar, seier Olufsen-Mehus.

Vil koste over 20 millionar
Etter nesten to tiår med industrioptimisme og positiv folketalsvekst, har det snudd for Hammerfest kommune i Troms og Finnmark dei siste åra. I 2020 vart det 117 færre innbyggjarar i kommunen, viser tal frå SSB. Dette året hadde Hammerfest også det lågaste talet nyfødde på 20 år. Det er denne trenden Olufsen-Mehus vil prøve å snu.
Til avisa iFinnmark seier han at om ein legg til grunn eit årleg fødselstal på rundt 100, så vil det gje kostnadar på om lag 20 millionar kroner. Men Olufsen-Mehus legg med dette til grunn eit ganske pessimistisk anslag for befolkningsveksten i kommunen, som aldri har vore på under 100 i dei femti åra SSB har statistikk for.
Skulle politikken han foreslår lukkast i å heve fødselstala opp att til toppåret 2009, med 175 nyfødde, ville kostnaden bli 35 millionar kroner.
Meiner han kan dekke det inn, Ap skeptisk
Likevel seier KrF-politikaren til NRK at han trur han kan skaffe inndekning for kostnaden.
– Vi har nå sett på nokre kutt-tiltak. Og så har vi sett på å konkurranseutsette blant anna brøyting og moglegvis også kinoen, seier han.
Han legg til at han ønskjer kommunen skal ta ut utbytte i fleire av selskapa den har eigarskap i.
Det er likevel lite truleg at han får støtte for sitt framlegg. I Hammerfest har Arbeidarpartiet fleirtal åleine, med 18 av 35 bystyrerepresentantar. Og dei er skeptiske.
– Eg synest i utgangspunktet det er eit lite gjennomtenkt framlegg der ein ikkje har sett på konsekvensane, seier Christian Bergeton Klaussen, gruppeleiar i Hammerfest Arbeidarparti til NRK.
Han seier partiet heller vil satse på andre område, som å senke prisen på barnehage og SFO.
Saka blir avgjort i kommunestyremøtet torsdag 16. desember.