På Finnsnes i Troms er familien Collin i ferd med å setje norgesrekord i kyrkjeasyl. Mor, far og dotter gjekk inn i Finnsnes kyrkje i 2014 og vil i løpet av 2022 ha sete i kyrkja i åtte år.
– Eg kom til Norge då eg var 21 år gammal. Eg har mista heile ungdomslivet mitt. Sju år i kyrkjeasyl burde vere nok, sa Dilani Johnson Collin til Vårt Land i fjor då dei hadde fått siste avslag frå Utlendingsnemnda (UNE).
Under eit valkampbesøk i fjor vitja KrFs nestleiar og statsråd Olaug Bollestad familien Collin og gjekk langt i å love ei løysing, eit amnesti.
Vil ikkje endre instruks
Justisminister Emilie Mehl (Sp) opplyser til Vårt Land, via statssekretær Astrid Bergmål (Ap), at regjeringa ikkje kan eller vil grip inn i einskildsaker. Mehl vil heller ikkje endre instruksen Justisdepartementet gav politiet i 1993. Han seier at politiet ikkje skal gå inn kyrkjer og hente ut kyrkjeasylantar med makt.
Dette skjedde i 2009 i Danmark: Justisministeren gav politiet ordre om å hente ut 18 mannlege kyrkjeasylantar frå ei kyrkje i København. Desse blei seinare returnerte til Irak. Med aksjonen blei kyrkjeasylet avvikla i Danmark.
[ Åttande jul i kyrkjeasyl - amnestiet kom ikkje ]
Nei til politimakt
I 1993-instruksen frå dåverande justisminister Grete Faremo (Ap) står det:
«Av respekt for kirkene er det som hovedregel ikke aktuelt for politiet å gå inn i kirker og bedehus for med makt å hente asylsøkere som skal sendes tilbake til hjemlandet. Tilsvarende vil i utgangspunktet gjelde hvis asylsøkere har søkt tilflukt i kirkebygg tilhøyrande trosretninger utenfor Den norske kirke.»
Frps justisministrar i Solberg-regjeringa prøvde å få slutt på kyrkjeasylet, men oppheva ikkje instruksen.

Ni aksjonar
Likevel har politiet henta ut personar frå kyrkjelege bygg fleire gonger.
- I 2018 gjekk politiet inn eit bygg eigd av kyrkjelyden Nytt Liv i Fitjar kommune og henta ut ein afghansk familie.
- I 2014 gjekk politiet inn i eit bygg eigd av Filadelfia Kristiansand og henta ut ei iransk kvinne.
Politiet forklarte begge gonger at det ikkje var vigsla kyrkjebygg, og med det ikkje omfatta av 1993-rundskrivet. Faktasjekken Faktisk.no har funne sju andre saker der politiet har aksjonert mot kyrkjer og kyrkjelege bygg.
I revisjon av 1993-instruksen blei det i retningsliner frå 1999 lagt til:
«Det presiseres for øvrig at «kirkens rom» er avgrenset og f.eks. ikke gjelder for leiligheter eller aktivitetsrom utenfor kirken.»
---
Kyrkjeasyl
- Inneber at ei vigsla kyrkje kan fungere, i ein periode, som ein fristad der politiet ikkje går inn.
- Innført i Norge med kristendommen.
- Fekk fornya aktualitet i 1990-åra, flyktningar med asylavslag søkte vern i norske kyrkjer.
- Politiet fekk i 1993 ein instruks frå Justisdepartementet om ikkje å gå inn i kyrkjer og hente folk ut.
---
[ Bondevik fikk betalt for rosende innlegg om Kasakhstan ]
Svarar på Mehls vegne
I etterkant av at Vårt Land melde at Collins feira jul i kyrkjeåsyl for åttande gong, stilte Vårt Land Senterpartiets Emilie Mehl, landets nye justisminister, tre spørsmål:
- For å gjere slutt på årelange kyrkjeasyl kan du oppheve instruksen frå 1993 om ikkje å sende politiet inn i kyrkjer og hente ut folk – vil du gjere det?
- Dersom nei, kvifor ikkje?
- Kva er ditt syn på at personar med endeleg avslag kan unndra seg utreise ved å gå i kyrkjeasyl?
Statsråd Mehl svarar ikkje Vårt Land, men let Arbeidarpartiets statssekretær i departementet, Astrid Bergmål, svare:
«Regjeringen har ingen planer om å gjøre endringer i denne instruksen.
Alle som søker asyl i Norge får en grundig og individuell behandling. Det er UDI og UNE som fatter vedtak i utlendingsforvaltningen, og vi politikere skal ikke gå inn i enkeltsaker. Vår prioritet er å føre en rettferdig og helthetlig innvandringspolitikk, som er forutsigbar og ansvarlig, og som tar utgangspunkt i brede forlik i Stortinget», skriv Bergmål i ein epost.

Sat i nesten sju år
Apropos norgesrekord.
Den førre rekorden hadde iranske Shahla Valadi. Ho sat nesten sju år i kyrkjeasyl i pinseforsamlinga Filadelfia Mysen. Ho fekk til slutt opphald i 2007 - etter ei heilskapsvurdering av «medisinske forhold og oppholdstidens lengde».