Festane skal ha funne stad kvelden før dronning Elizabeth måtte sitje åleine i ektemannen prins Philips gravferd. På den tida var det i England berre lov til å møtast i grupper på seks personar eller personar frå to husstandar utandørs.
Ifølgje The Telegraph var festane i Downing Street for å markere at to kollegaer slutta. Ifølgje vitne skal det ha vorte drukke alkohol og gjestene dansa til musikk.
Rundt 30 personar skal ha delteke på dei to festane, som seinare slo seg saman til éin fest.
Statsminister Boris Johnson skal den dagen ikkje ha vore i Downing Street.
[ Toryer ber Boris Johnson gå av etter hagefest-avsløringer ]