I dag fredag fyller prinsesse Ingrid Alexandra 18 år. Det er tradisjon for å feire arveetterfølgjarane til kongehuset litt ekstra den dagen dei blir myndige. Då er representantar for heile det offisielle Noreg invitert til slottet for å gje gåver til arveprinsessa.
Fram til 2012 kunne ho sjå fram til å bli overhovud for Den norske kyrkja den dagen ho tek over som statsoverhovud i landet. Etter grunnlovsrevisjonen som blei vedteken det året, blir det ikkje slik.
Men gåve frå kyrkja får ho likevel.
– Freistande surfebølgjer på veggen
Leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, kan fortelje Vårt Land at det er eit bilde av fotokunstnar Morten Golimo frå Stavanger, som blir gåva ho skal rekke over til prinsessa. Det har namnet «Måkeflukt».
Raaum forklarar at det er prinsessa si interesse for friluftsliv og surfing som er grunnen til at dei landa på akkurat denne gåva.
– Vi har ei prinsesse som er veldig glad i sjø og hav, og som er veldig sporty. No skal prinsessa snart flytte for seg sjølv, så då tenkte vi det vil passe fint med eit flott bilde av freistande surfebølgjer på veggen, seier Raaum.

Ho seier at det var ein god diskusjon om val av gåve, med fleire gode innspel.
– Blei det vurdert å gje ei meir typisk kyrkjeleg gåve? Til dømes ein praktbibel?
– Det har ho allereie fått til konfirmasjonen. No er ho på veg inn i ein ny livssituasjon som student, og då tenkte vi det passa med ein annan type gåve. Men ho får sjølvsagt også med eit tilbod ein draumedag i kyrkja.

Stolt kunstnar
Kunstnaren sjølv seier at han er stolt over at Kyrkjerådet har valt hans bilde som gåve på den store dagen. I eit følgjebrev til bildet fortel han litt om hans eigne tankar rundt motivet.
«Kanskje er de to måker i elskovsdans? Kanskje er de på flukt? Kanskje er de på jakt etter mat? Den historien kan du selv fortelle. For et bilde er ikke en sannhet, men en fortelling med et innhold som bestemmes av hver og en som ser det», skriv han, og oppmodar prinsessa til å ta seg god tid til å studere omgjevnadane sine når ho er ute i naturen.
«Hvis du tar deg nok tid, og virkelig betrakter alt rundt deg – bruker din fantasi og forestillingskraft – vil du kunne se ting øyet ikke kan fange.»
[ Prinsesse Ingrid Alexandra på pilegrimsferd til Nidarosdomen ]
STL: – Representerer ulike tradisjonar
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) er også blant aktørane som gjev gåve til prinsessa på 18-årsdagen. Generalsekretær Ingrid Rosendorf Joys fortel at dei gjev ei teikning som har tittelen «Samhold i mangfold».

– Det er ei teikning som viser eit måltidsfellesskap mellom religiøse leiarar og livssynsleiarar som representerer ulike tradisjonar, fortel ho.
– Kva er tanken bak å gi dette i gåve?
– For å vise fram eit bilde av eit bredt trus- og livssynsmangfaldet. Vi vil vise at mangfaldet ikkje utfordrar samhaldet, men at vi tvert imot har samhald i mangfaldet. Både kongen og kronprinsen har vore opptatt av dette, og vi håpår prinsessa vil vidareføre den gjerninga og vere dronning for heile folket, inkludert alle trus- og livssynsminoritetar og majoritetar.
[ Prinsesse Ingrid Alexandra: – Jeg har fått veldig mange fine opplevelser med kirken ]
---
Prinsesse Ingrid Alexandra
- Født på Rikshospitalet i Oslo 21. januar 2004
- Nummer to i arverekkja etter sin far kronprins Haakon
- Døypt 17. april 2004 i Slottskapellet i Oslo av biskop Gunnar Stålsett.
- Konfirmert i Slottskapellet 31. august 2019.
- Ut over 17. mai og Holmenkollsøndagen var prinsessa sitt aller første offisielle oppdrag då ho møtte Miljøagentparaden på Slottsplassen under Verdas miljødag i 2009.
- I 2015 hadde ho sitt første sjølvstendige oppdrag då ho døypte Redningsselskapets skøyte «Elias».
- Kongehuset har opplyst at prinsessa vil få fleire offisielle oppdrag etter kvart som ho blir eldre, men at hennar viktigaste oppgåve de næraste åra vil vere å konsentrere seg om utdanninga.
- I høve myndigheitsdagen har prinsessa fått sitt eige kontor på slottet.
Kjelder: Kongehuset/NTB
---