Sharia-politiet, kalla Hisbah, destruerer regelmessig alkohol og beslaglagd narkotika. Denne aksjonen er likevel ein av dei hittil største i Hisbahs intensiverte kamp mot rusmiddel i landet.
Hundrevis av Hisbah-medlemmer sette frå seg til saman 3.873.163 flasker, hovudsakleg øl, og andre alkoholhaldige drikkevarer på ein open plass i landsbyen Tudun Kalebawa onsdag. Bulldosarar rulla deretter over flaskene medan det vart ropt «Allahu Akbar» (Gud er stor) frå folkemassane som stod og såg på.
Hisbah sette seinare fyr på dei knuste restane, og flammane heldt fram med å brenne gjennom natta, ifølgje innbyggjarar i Tudun Kalebawa.
– Kano er ein sharia-stat, og sal, bruk og innehaving av alkohol er forbode i delstaten, sa Haruna Ibn Sina, leiaren for Hisbah, under seremonien.
– Dette viser at vi vinn krigen mot misbruk av narkotika og andre giftstoff i Kano, erklærte han.
Ølet vart beslaglagd frå varebilar som var på veg til byen frå det hovudsakleg kristne Nigeria i sør dei siste månadene, seier Hisbah-talsperson Lawan Ibrahin Fagge til AFP.
Kano er ein av eit titals hovudsakleg muslimske nordlege delstatar i Nigeria som har gjeninnført ein streng versjon av sharialovgiving sidan Nigeria gjekk tilbake til sivilt styre i 1999 etter 15 år med militært diktatur.