Det var Frankrikes president Emmanuel Macron som foreslo møtet, opplyser det franske presidentkontoret. Elyséepalasset understrekar at toppmøtet berre kan skje dersom Russland ikkje invaderer Ukraina.
Møtet skal òg utvidast til å inkludere andre involverte partar i konflikten for å diskutere «tryggleik og strategisk stabilitet i Europa», heiter det i ei fråsegn.
USA stadfestar
Det kvite hus stadfestar opplysningane søndag kveld lokal tid, og pressetalskvinne Jen Psaki seier at USA er «forplikta til å følgje det diplomatiske sporet fram til ein invasjon startar».
– President Biden har i prinsippet gått med på å møte president Putin … dersom ein invasjon ikkje skjer, heiter det i ei fråsegn frå Psaki.
Biden har tidlegare sagt at han trur Putin har bestemt seg for å invadere, men at han er villig til å møte den russiske presidenten når som helst og kvar som helst.
– Vi er òg klare til å innføre raske og harde konsekvensar dersom Russland i staden vel krig. Og akkurat no ser Russland ut til å halde fram førebuingane til ein fullskala invasjon av Ukraina veldig snart, la ho til.
Møtedato ikkje kjent
Amerikanske styresmakter har påliteleg informasjon om at Russland har gitt styrkane sine på grensa til Ukraina ordre om å halde fram invasjonsplanane, melder fleire amerikanske medium.
Det er ikkje sett nokon dato for når dei to presidentane skal treffast, men torsdag 24. februar skal utanriksministrane Antony Blinken og Sergej Lavrov starte førebuingane.
Den franske presidenten hadde to telefonsamtalar med Putin søndag. I USA avlyste Biden på kort varsel ei reise til heimstaten Delaware utan at det vart opplyst om kvifor.