Nyheter

Vond ventetid for ukrainarar i Noreg

KRIG: Ukrainske Yuliia Ferreira sit i Noreg og venter på ein telefon frå søstera som er på flukt i Ukraina. – Eg føler meg så hjelpelaus.

I den vesle bygda Valestrandsfossen i Vestland sit ukrainske Yuliia Ferreira og ventar på livsteikn frå familien. Hennar mor, søster, svoger og tantebarn har sett seg i ein bil og er på veg mot den polske grensa.

– Eg håper at dei kjem fram før det er mørkt. Natta er mest farleg, det er då rakettane og flyangrepa kjem. Akkurat no måtte dei stoppa bilen fordi to kampfly flaug over, då må all trafikk stoppa opp, sa Ferreira til Vårt Land fredag føremiddag.

Stemma til Yuliia Ferreira er gråtkvalt når ho fortel om den tøffe ventetida. I lange periodar kjem ho ikkje gjennom på telefon til søstera.

– Eg fekk ei melding frå søstera mi i dag tidleg (fredag red. anm.), ho sa dei var på veg. Så gjekk det mange timar før eg høyrde noko meir. Eg ringde og ringde, men telefonen var nede.

100.000 på flukt på eit døgn

Då familien hennar sette seg i bilen, vart dei del av den stadig aukande delen ukrainske flyktningar. Torsdag kveld anslo FN at rundt 100.000 har forlate heimane sine sidan den russiske invasjonen starta tidleg torsdag. Laurdag opplyser polske myndigheiter at 100.000 flyktningar har kome til landet.

– Torsdag bønnfalte eg familien min om å koma seg ut av Ukraina. Ein rakett slo ned fire kilometer frå huset deira. Men dei hadde panikk. Først fredag sette dei seg i bilen for å reisa.

Reisa som familien til Yuliia Ferreira legg ut på, er ikkje ufarleg. Dei bur i Myrhorod, om lag midt i Ukraina. Den raskaste vegen til Polen går via Kyiv.

Fredag morgon rykka russiske bakkestyrkar inn i dei nordlege forstadane av Ukrainas hovudstad.

– Det er farleg å reise i området rundt Kyiv. No køyrer dei på småvegar eit stykke lenger sør i landet. Eg føler meg hjelpelaus, eg kan ikkje gjera noko, seier Yuliia Ferreira.

Køyrer saman mot Polen

Yuliia Ferreira har fått ein god beskjed denne fredagen: Familien hennar har møtt ein annan familie på flukt. Dei køyrer no saman på veg mot den polske grensa.

– Det gjer godt å vita at dei ikkje køyrer åleine. Søstera mi fortalde at dei må kryssa militærpostar, og at dei har køyrt forbi kolonnar med tanks som ikkje hadde flagg eller andre merke. Det kan ha vore russiske tanks.

Endra planane

Når Vårt Land igjen tek kontakt laurdag føremiddag, har familien til Yuliia Ferreira endra planane. I retning den polske grensa står det tett i tett med bilar i ei kø som nærmast ikkje rører seg.

Derfor har dei valt å sikte seg inn mot Romania, der det forhåpentlegvis er lettare å krysse grensa. Ferreira seier til Vårt Land at det så langt går greitt med familien hennar.

– Korleis er det å følgje med på konflikten frå der du sitt i Noreg?

– Det er forferdeleg og heilt utruleg. Eg håpar sjølvsagt på det beste.

Vidare fortel ho at ho håpar familien kjem seg i sikkerheit i Romania og at ho på lengre sikt håpar dei kan kome seg til Noreg.

– Men det viktigaste no er sjølvsagt at dei er trygge.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det 7240 ukrainarar i Noreg som blir rekna som innvandrarar og norskfødde. I tillegg kjem mange til Noreg som sesongarbeidarar.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia er journalist i Vårt Land og tilknyttet både religions-, debatt-, kultur- og publiseringsavdelingen

Mer fra: Nyheter