Nyheter

Tajik etterbetalar 200.000 skattekroner

Tidlegare statsråd og nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, etterbetaler rundt 200.000 skattekroner etter avsløringane om bustadsituasjonen sin.

Det seier Tajik til NRK i det første intervjuet sitt etter avgangen som statsråd og Ap-nestleiar. Tajik vart i etterkant smitta av korona, og har fram til måndag vore sjukmeld.

Tajik gjekk av etter avsløringane om bustadsituasjonen sin. Ho hadde pendlarbustader i Oslo frå 2006 til 2010 og oppgav i første søknad at ho ikkje hadde andre bustadutgifter.

Etter at ho hadde vorte gjord merksam på at pendlarbustaden i så fall var skattepliktig, sende ho inn ein ny søknad. VG avslørte at ho la ved ein leigekontrakt på ei kjellarleilegheit i Rogaland.

Ho budde aldri i bustaden, og betalte heller aldri noko for å bu der.

Eit revisorfirma har utarbeidd ein rapport om kva Tajik skulder, og no etterbetaler ho i underkant av 200.00 kroner. Til NRK seier ho at ho burde ha handtert saka betre, og forstått alvoret på eit tidlegare tidspunkt.

Mer fra: Nyheter