Nyheter

Forslag til innstrammingar blei ikkje lagt frem for Stortinget – konsern selde barnehagar for milliardar

BARNEHAGELOVEN: Solberg-regjeringa utarbeida forslag til strengare barnehagelov, men la dei ikkje fram for Stortinget. No vil Støre-regjeringa endre loven i same lei. I mellomtida er det selt barnehagar for over 11 milliardar kroner.

Fredag før påske. Kunnskapsministeren presenterer ei rekkje innstrammingsforslag i barnehageloven:

– Me vil sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til betre barnehagar for alle barn, ikkje til profitt til eigarane, kunngjorde statsråd Tonje Brenna (Ap).

Barnehagen skal ikkje lenger vere investeringsobjekt, la ho til og nemnde at samla sett har private barnehagar gått med milliardoverskot i mange år og eigarar har tatt ut store gevinstar frå sal av eigedom.

Storstilt utbygging

Barnehageforliket på Stortinget i 2003 var historisk politisk. Og eit startskot. For etter forliket var det naudsynt å byggje ut kapasiteten, og det raskt.

Staten rulla fram ei rekkje økonomiske støtteordningar for private entreprenørar som ville byggje og drive barnehagar: Investeringstilskot, momskompensasjon og gunstige lån i Husbanken. Kommunar landet rundt stilte med billege tomter.

Resultat: Barnehagar blei god butikk.

JANTS

Samla store verdiar

Våren 2019 var Høgres Jan Tore Sanner kunnskapsminister og med det landets øvste barnehagestyrar. I april det året sende han ein revidert barnehagelov på høyring med ei rekkje forslag til innstrammingar, med svarfrist i juli.

I høyringsnotatet forklarte Sanners departement at det var bygd opp store verdiar i sektoren «med offentlige tilskudd og foreldrebetaling» og at verdiane «kan realiseres og tas ut av barnehagene ved salg».

Samanfatta sa Sanner at «private barnehager er et interessant investeringsobjekt for ulike typer investorer».

Tre innstrammingar

Dette var tre av kunnskapsminister Sanner - og med det Solberg-regjeringas - forslag til innstrammingar:

  • Forbod mot å drive «annen virksomhet i samme rettssubjekt som barnehagevirksomheten».
  • Innføre krav om at «hver private barnehage skal være et selvstendig rettssubjekt».
  • Lovfesta at private barnehagar «ikke kan ta opp lån på andre måter enn i et finansforetak».

I høyringsrunden hausta Sanner og regjeringa støtte frå fleire kantar. Men tre store private barnehagekonsern vende tommelen ned.

Læringsverkstedet skreiv at dei «støtter ikke forslaget om at hver barnehage skal være et selvstendig rettssubjekt». Dei sa også nei til punktet om lånevilkår og tykte heller ikkje at forbod mot anna verksemd var vegen å gå.

Konsernet Norlandia sa i praksis også nei, nei, nei til forslaga. Trygge Barnehager sa det same.

gm

Kom ikkje til Stortinget

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) utsette hausten 2019 forslaga om nye reguleringar til 2020. I april 2020 utsette etterfølgjaren i departementet, Venstres Guri Melby, lovendringane til hausten 2020.

I oktober i fjor fekk Melby avløysing som statsråd. Innan skiftet fremma ho ikkje nokon lovproposisjon, med innstrammingar, for Stortinget.

To månader før valet, i juli 2021, sende ho «forslag til endringer i barnehageloven og forslag til ny økonomiforskrift til barnehageloven» ut på høyring.

«I denne saken leverte vi forslag til lov og forskrift samtidig, og begge ble sendt på høring før valget. Det er også verdt å merke seg at vi innførte et nasjonalt, økonomisk tilsyn med private barnehager», forklarar Grunde Almeland i ein e-post til Vårt Land. Han var Melbys statssekretær, i dag er han stortingsrepresentant.

Seks månader etter statsrådsskiftet blei kunnskapsminister Tonje Brennas (Ap) forslag til strammare reglar for private barnehagar sendt Stortinget. Dei tre viktigaste var akkurat dei same som Sanner presenterte våren 2019.

---

Private barnehagar

  • Kring 140.000 barn går i 2.900 private barnehagar.
  • Barnehagane får like mykje tilskot som dei kommunale til barnehagedrift.
  • I 2020 utgjorde det samla offentlege tilskotet til private barnehagar 23 milliardar kroner, foreldrebetalinga utgjorde fire milliardar.

---

Me vil sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til betre barnehagar for alle barn, ikkje til profitt til eigarane

—  Tonje Brenna (Ap), kunnskapsminister

Storsal av eigedom

Dei tre, store barnehagekonserna, Læringsverkstedet, Norlandia og Trygge Barnehager fann mellom hausten 2019 og siste årsskifte fram til utanlandske eigarar.

Dei selde ut eigedommar for 11,5 milliardar

Oktober 2019: Barnehagebygg som blir brukte av kjedene Norlandia, Kidsa og Espira blei selt til det australske investeringsfondet Whitehelm Capital for 2,7 milliardar kroner.

Juli 2020: Læringsverkstedet selde 138 barnehageeigedommar til det svenske selskapet Samhällsbyggnadsbolagen (SBB) for 4,25 milliardar kroner, for samstundes å inngå ein avtale om lease dei tilbake.

«Leasing – salg og tilbakeleie på norsk – er en finansieringsform hvor vi har påtatt oss en leieforpliktelse», utdjupar Hans Jacob Sundby, gründer og eigar av Læringsverkstedet, i ein e-post til Vårt Land.

Desember 2021: Trygge Barnehager, som eig Fus-barnehagene, selde 142 eigedommar til Samhällsbyggnadsbolagen for 4,58 millionar kroner.

Om seg sjølve seier SBB: «Med forretningsmodellen skaper SBB langsiktig og berekraftig aksjonærverdi gjennom høg risikojustert årleg avkasting.»

Totalt må utanlandseigde barnehagar i Norge ut med 797 millionar kroner i husleige i år, har Frifagbevegelse.no reikna ut.

TB

Invitasjon til forlik

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har ikkje fleirtal på Stortinget for innstrammingane. Raudt og SV har lenge meldt at dei ønskjer profittfrie barnehagar. Snart kjem innstillinga frå Stortingets utdanningskomité. Ho vil vise kva innstrammingar det er fleirtal for.

I februar sende Høgres Sanner og Venstres Abid Raja ut ein invitasjon, via barnehage.no: «Vi vil med dette oppfordre kunnskapsministeren og regjeringspartiene på Stortinget om å ta initiativ til samtaler på tvers for å samles om et fornyet barnehageforlik.»

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter