Nyheter

Kraftige demonstrasjonar mot rekrutteringsplanar for det indiske forsvaret

INDIA: Politiet skaut mot demonstrantar som tende på tog i den indiske byen Secunderabad i protest mot planar og mellombelse tilsetjingar i det indiske forsvaret.

Minst ein demonstrant vart såra då politiet skaut med skarpt. Fleire hundre hadde møtt opp på stasjonen i Secunderabad og blokkerte spora og tende på gjenstandar og togvogner for å hindre togtrafikken.

Politiet i delstaten Telangana har førebels ikkje kommentert hendinga.

Demonstrasjonen fredag er den førebels siste i rekkja av protestar mot ein ny, mellombels plan for å rekruttere fleire unge vaksne til forsvaret for fire års teneste. Dette er eit brot med tidlegare praksis, der befalsstillingar har vore rekna som livsvarige tilsetjingar.

Med mindre dei får forlengd tilsetjinga etter dei første fire åra, vil dei nye rekruttane mellom anna gå glipp av gode som statspensjon, slik dagens forsvarstilsette får.

Statsminister Narendra Modi har framstilt planane som eit steg på vegen mot modernisering av det indiske forsvaret, med yngre og færre mannskap. Samtidig er programmet venta å skape hundretusenvis av jobbar i eit land som slit med høg arbeidsløyse.

Mer fra: Nyheter