— Eg har budd her heile livet, og det er her eg føler meg heime.
Det seier Marita Dresen på telefon til Vårt Land. Heile livet har ho budd på ein bondegard i den vesle landsbyen Kockum i Vest-Tyskland. Garden husar born, ektemann, foreldre, høns og hestar.
Ved å bli buande har ho og familien blitt til klimaaktivistar.
Landsbyen ligg nær dagbrotet Garzweiler, der det blir henta ut store mengder av klimaskadeleg brunkol.
For å gjera plass til ytterlegare kolutvinning, starta selskapet RWE i 2016 flyttinga av fem små landsbyar, inkludert Kockum.
Prosjektet har møtt motstand, og fleire landsbybuarar har nekta å flytta. Mellom dei er Maria Dresen og familien.

No slepp dei å flytta. Den nye delstatsregjeringa set foten ned for flytteplanane.
— Eg er glad, men ikkje overraska. Eg hadde håp om at me kunne få bli, seier Marita Dresen.
«Bør vera det siste kapittelet for brunkol»
Sist helg omtala Vårt Land korleis krigen i Ukraina påverkar energisituasjonen i Europa. Både Tyskland og Nederland opnar for meir kolkraft for å redusera avhengigheita av russisk gass.
Det stansar ikkje den nye regjeringa i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen. Nyleg inngjekk konservative CDU og Dei Grøne ein koalisjonsavtale. Den sikrar at dei fem landsbyane ikkje må vika for gruvedrift.
— Denne avgjerda bør vera det siste kapittelet for brunkolutvinning i Nordrhein-Westfalen, heiter det i avtalen gjengjeven av Rheinische Post.
[ Ho jobbar i Tysklands forhatte kolindustri ]
Husar flyktningar
Ifølgje Spiegel har alt 12 landsbyar alt blitt flytta for å gjera plass til Garzweiler-gruva. Også i dei fem landsbyane som var på lista, har mange flytta.
Dei som flyttar, får ein kompensasjon frå selskapet. I intervju med Spiegel fortel fleire eldre at dei set pris på sjansen å flytta til eit nytt meir moderne husvære.

Marita Dresen fortel at det pleidde å bu rundt 500 menneske i byen Kockum. No er i underkant av 100 av desse igjen.
I tillegg husar landsbyen for tida rundt 100 flyktningar frå både inn- og utland. Byen gjev rom til folk på flukt frå krigen i Ukraina og tyskarar som mista heimen i flaumkatastrofen i fjor.
— Eg vil gjerne vera med å bygga landsbyen min opp igjen, fortel Maria Dresen.
Kraftverk slepp ut nesten halvparten av Noreg
Tyskland har dei største førekomstane av brunkol i verda. Kolet blir brent i store kraftverk som slepp ut enorme mengder CO₂.
Brunkol frå dagbrotet Garzweiler hamnar i kraftverket Neurath. Ifølgje den britiske tankesmia Embe er kraftverket det nest største utsleppspunktet for CO₂ i Europa, berre slått av eit polsk kolkraftverk.

I 2021 slepte kraftverket Neurath ut heile 22 millionar tonn CO₂. Til samanlikning var Noregs utslepp rundt 49 millionar tonn same år.
Som ein del av regjeringas utfasingsplan for kol, har delar av Neurath blitt stengt ned. Først i 2038 skal kraftverket vera heilt nedstengt.
Selskapet RWE eig både kolkraftverket og dagbrotet Garzweiler. Vårt Land har kontakta presseavdelinga til RWE, men har ikkje fått noko svar.
---
Tyskland og kol
- Tyskland har laga ein skrittvis plan for å kutta kol innan 2038. I november i fjor kom den nye regjeringa med eit mål om at dette skal skje «ideelt» innan 2030.
- Samstundes varslar no den tyske regjeringa at kolbruken skal opp for å kompensera for tapet av russisk gass.
---