– Eg kan ikkje koma på eksempel på straumrasjonering i Noreg i moderne tid.
Det seier NTNU-professor Asgeir Tomasgard til Vårt Land.
Men no vurderer Statnett straumsituasjonen i Sør-Noreg som «stram». Det betyr at det er auka risiko for straumrasjonering til vinteren, men at risikoen er under 20 prosent.
Asgeir Tomasgard fortel at utanlandskablar og ein liberalisert straummarknad tidlegare har fungert bra for Noreg. Det har sikra oss straum ved tørre vintrar.
Men no er situasjonen ein annan.
– No er det både mangel på energi i Europa og låg vasstand i Noreg. Me kan koma inn i ein rasjoneringssituasjon om import frå Europa blir hindra, samstundes som det tørre vêret held fram i Sør-Noreg.
Om sjansen for at det blir straumrasjonering, seier han:
– Eg tenker det er meir sannsynleg i år enn i eit vanleg tørrår. Det er ikkje svært sannsynleg, men meir sannsynleg enn vanleg.
Ikkje alle har råd til varmepumpe
Men kor kan me spara mest straum? Tomasgard peiker på eit tiltak både for private hushald og næringsliv: energieffektivisering. Slik utnyttar ein energien best mogleg.
– I private hushald går ein stor del av straumen til oppvarming. På kort sikt er det mest effektive tiltaket å installera varmepumpe.

Han ser likevel ei utfordring: Folk med dårleg råd som bur i dårleg isolerte hus.
– Dei som kanskje merker straumkrisa mest på lommeboka, er dei som ikkje har råd til varmepumpe. Politikarane bør sjå på om det er skeivheit i tiltaka, slik at dei treff betre.
Han seier at eit eksempel er å sjå på om støtteordningar for ENØK i større grad kan retta seg inn mot folk som bur i burettslag og sameige.
Forsking som vart publisert i november i fjor, viser at det er folk med høge inntekter som får dei største tilskota til energisparing frå Enova. Det meste av pengane gjekk til hushald som har ei samla inntekt på 1,3 millionar kroner eller meir, kom det fram i studien frå Psykologisk institutt ved NTNU, som vart omtala av NRK.
[ Snapchat-prest: Unge skremmes av destruktiv forkynnelse på TikTok ]
Paris og Berlin i mørker
Nyheitsbyrået NTB melder at energisparing er nærmast blitt ein mani i Europa, som fryktar ein kald og mindre produktiv vinter.
Nyheitsbyrået AP har følgt aktivistar i Paris som spring gatelangs rundt på natta og sløkker lys utanfor butikkar. Gruppa On the Spot består av urbane miljøvernarar som kjempar mot energisløsing.
– Alle kan ha ein positiv innverknad på eigen straumbruk. Man må ta i bruk alle metodar for å redusera det totale energifotavtrykket, seier den 30 år gamle aktivisten Ha.

Over heile Europa lyd den same, messande bodskapen: Spar straum der du kan, melder NTB.
Synlege utslag av straumsparinga ser du godt i Berlin i Tyskland. Der er rådhuset, det jødiske museet og den kjende sigerssøyla blant 200 stadar som ikkje lenger vil vera opplyst om natta.
Mindre straumsparegevinst i å sløkka lys
Det hender at nordmenn i utlandet får kjeft for å lata lys stå på i rom som ikkje er i bruk. NTNU-professor Asgeir Tomasgard kjem oss delvis i forsvar.
– Kva tenker du om å skru av lys i rom som ikkje blir brukt?
– I Noreg, eit land der me har LED-lyspærer så er ikkje potensialet fullt så stort. Det gjev ikkje så mange kilowattimar spart å skru av lyset. Samstundes: Kvar kilowattime som er unødvendig, bør ein kutta.
Han er meir oppteken av energisparing, også for næringslivet.
– Ved nybygg bør ein legga meir vekt på kostnadane i eit heilt livsløp. Det gjer at bygga blir dyrare å bygga, men at straumrekninga blir billigare på sikt.
[ NRK skal sende søndagsgudstjenester på TV. Filadelfia-pastoren er først ut ]