Nyheter

Kraftekspert om krisa: – Dusj kortare og ha det kaldare inne

KRISE: Ein tredel av straumen går til private hushald. No ber kraftanalytikar folk om å læra seg straumsparing.

– Me har ein heil generasjon som ikkje veit kva straumsparing er for noko. Det merka me godt i fjor vinter. Å lære seg straumsparing er er sunt for samfunnet.

Det seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight til Vårt Land.

Medan politikarane diskuterer ulike straumstøtte-tiltak, ber han folk flest ta ansvar i møte med straumkrisa.

– No er det mykje fokus på produksjon av straum. Men forbrukarane har også eit stort ansvar.

Kutt i dusj og varme

Kraftanalytikaren peiker på to straumsluk i private hushald: varmtvatn og oppvarming.

– Løysinga er å dusja kortare og ha ein meir effektiv dusj. Og kvifor treng ein dusja på morgonen, når det er billigare på kvelden?

Så kan det vera lurt å henta fram ullgenser og varme sokkar når gradestokken kryp nedover.

– Me er for godt vande med høg innetemperatur i Noreg. Eg meiner me bør vera meir selektive når me varmar opp heime. Du kan ha det godt og varmt der du er og heller senka temperaturen i romma du ikkje er i, seier Lilleholt.

Like høgt forbruk som i 1993

I fjor gjekk om lag ein tredel av straumen til private hushald i Noreg.

Hushald, hytter og fritidshus stod for rundt 42.000 gigawattimar av det totale straumforbruket på over 131.000 gigawattimar straum.

Det viser tal Vårt Land har henta ut frå Statistisk sentralbyrå.

I 1993 var situasjonen lik – også då gjekk ein tredel av straumen til private hushald.

Dette trass i at ei rivande teknologisk utvikling, med sparepærer, varmepumper og smarte panelomnar som hjelper folk å spara straum.

– Kva har skjedd, Lilleholt?

– Sjølv om me bruker straumen meir effektivt, så har me også fått mange nye duppedittar. Det har vore ein eksplosjon i tekniske hjelpemiddel. Me har fått fleire ting, hytter og bustadar. Då går forbruket opp.

Fattige bruker meir

Måndag orienterte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) Stortinget om straumsituasjonen.

Han kalla situasjonen alvorleg, og viste til Russlands angrepskrig i Ukraina og bruk av gassleveransar som økonomisk våpen mot europeiske land.

Samstundes har det vore ein tørr vår og sommar i sørlege deler av Noreg, og magasinfyllinga her er låg, sa Aasland i talen.

No jobbar SSB med ei evaluering av straumstøtteordninga for regjeringa. Aasland peika på behovet for ei rettvis støtteordning, og at førebelse resultat viser at det ikkje er ein eintydig samanheng mellom folk sine inntekter og straumforbruk.

Han peika på at mange med låg inntekt er mellom dei som brukar mykje straum.

---

Spar straum

  • Dette er kraftanalytikar Tor Reier Lilleholts tips til å spare straum:
  • Dusj om kvelden
  • Dusj kortare
  • Skru ned innetemperaturen

---


Tøff vinter i vente

Også kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt understrekar at folk har ulike moglegheiter til å spara straum.

– Derfor er omfordelingspolitikk veldig viktig. Det er nok av inntekter i staten, me må sjå på kven dei skal brukast på.

Han spår ein tøff vinter i møte for mange.

– Fjoråret var berre ein forsmak på det som er i vente var på prisauke. No galopperer prisane, og renteauken har folk berre begynt å merka.

---

Straumstøtte

  • Regjeringa jobbar no med ulike støtteordningar i møte med historisk høge straumprisar.
  • Frå 1. september 2022 til 1. mars 2023 vil staten dekka 90 prosent av kostnaden når den gjennomsnittlege straumprisen går over 70 øre per kilowattime.
  • Det er også varsla støtte til næringslivet.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter