Nyheter

Slik snudde regjeringa om atomkutt

SNUOPERASJON: I forslaget til statsbudsjett kutta regjeringa støtta til organisasjonar som jobbar mot atomvåpen. Etter seks dagar kom snuoperasjonen.

For to veker sidan meldte Vårt Land at tidlegare fredsprisvinnar ICAN frykta dei måtte legga ned arbeidet i Noreg. ICAN er namnet på den internasjonale kampanjen for å avskaffa atomvåpen, som vann fredsprisen i 2017.

Utspelet kom etter at regjeringa fjerna ei støtteordning til organisasjonar som jobbar mot atomvåpen, i forslaget til statsbudsjett.

Det ville ha ramma organisasjonar som ICAN Norge, Nei til Atomvåpen, Norske legar mot atomvåpen og Norges fredsråd.

Til Vårt Land lova SV å kjempa for at desse organisasjonane skulle koma tilbake på statsbudsjettet.

Kort tid etter kom Utanriksdepartementet SV i forkjøpet: Dei snur i saka.

– I ein alvorleg og raskt skiftande sikkerheitspolitisk situasjon, er det no vår vurdering at me vil prioritera å lysa ut nye middel på støtteordninga for nedrusting også i 2023, skriv statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i ein e-post til Vårt Land.

Det var Klassekampen som først meldte saka.

– Denne avgjerda vart teken onsdag i førre veke, utdjupar Petersson til Vårt Land.

Snuoperasjonen skjedde dermed seks dagar etter at regjeringa la fram forslag til statsbudsjett, 6. oktober.

Eivind Vad Petersson skriv til Vårt Land at støtteordninga vil ha ei ramme på 15 millionar kroner for 2023. Den vil likna på utlysinga som gjeld for 2022.

Her kan organisasjonar som jobbar for nedrusting, søka støtte.

Petersson i UD understrekar at det tidlegare er inngått tilskotsavtalar som går over fleire år.

– Ei rekke fleirårige tilskotsavtalar har blitt inngått, med betydeleg støtte planlagt utbetalt også i 2023. Fleirårige avtalar gjev viktig føreseielegheit for organisasjonane, skriv han.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter