Nyheter

SSB: Litt færre barn lever i låginntektsfamiliar

FATTIGDOM: I 2021 tilhøyrde 110.700 barn eit hushald med vedvarande låge hushaldsinntekter. Det var litt færre enn åra før. Auka barnetrygd og færre barn bidrog.

Frå 2011 til 2020 har Noreg hatt ein jamn auke i andelen barn i hushald med vedvarande låginntekt, frå under 8 prosent til 11,7 prosent. I 2021 gjekk andelen noko ned, til 11,3 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det svarer til 110.700 barn. Nedgangen blir mellom anna forklart med ein moderat inntektsvekst i 2021. Den var størst blant småbarnsfamiliane, mellom anna på grunn av auke i barnetrygd for dei yngste.

Vidare blir det generelt færre barn i befolkninga og dermed også noko færre barn i hushalda nedst i inntektsfordelinga.

Når 11,3 prosent barn lever med vedvarande låginntekt, er dette framleis høgt. I 2001 var andelen 3,3 prosent.

Oppvekst i låginntekt aukar risiko for dårlegare helse, særleg psykisk helse, og utanforskap fordi barna ikkje har dei same goda som andre barn har.

NTB Nyheter

NTB nyheter

Mer fra: Nyheter