Det tyske selskapet Stadtwerke München er deleigar i fleire av dei kontroversielle Fosen-vindmøllene.
To gonger har sametingspresident Silje Karine Muotka bede om eit møte med styret og leiinga i Stadtwerke München. Ho har både invitert selskapet til Trondheim og Fosen, og tilbydd seg å reisa til München for å møta selskapet.
Sametinget fekk aldri svar på desse breva, stadfester administrasjonen i Sametinget.
Vårt Land har spurt Stadtwerke München om dei vil møta Silje Karine Muotka i lys av den siste vekas demonstrasjonar i Oslo. Sametingspresidenten får framleis ei kald skulder.
– Møte bør finna stad mellom Olje- og energidepartementet og dei samiske representantane – eigarane av vindparkane kan ikkje bidra til dette.
Det skriv Michael Silva, pressetalsmann i Stadtwerke München, i ein e-post til Vårt Land.
Eig ein knapp tredel av vindparken Roan
Stadtwerke München (SWM) er eigd av den tyske byen München og skal sikra innbyggarane i Bayern-byen drikkevatn, kollektivtransport og straum.
I 2021 kjøpte selskapet seg inn i vindparken Roan på Fosen, med 71 turbinar. SWF eig 29,4 prosent av vindparken gjennom eit holdingselskap.
Høgsterett slo i oktober 2021 fast at dei to vindparkane Storheia og Roan krenker reindriftssamanes rett til kulturutøving og at konsesjonsvedtaket er ugyldig. Dei to parkane har til saman 151 vindturbinar.
– Stadtwerke München er ikkje del av desse samtalane
Sametingspresident Silje Karine Muotka kontakta det tyske selskapet både i desember 2021 og oktober 2022 der ho bad om eit møte.
Den siste førespurnaden vart sendt eit år etter Høgsterett-dommen. I brevet utrykker ho uro for om selskapet er klar over premissane for denne dommen og kva ansvar SWM har som eigar for å etterkomme dommen.
Til Vårt Land forklarer Stadtwerke München kvifor dei ikkje vil møta sametingspresidenten.
– Dei pågåande diskusjonane fokuserer på vindparkonsesjonen og forsøket frå Olje- og energidepartementet og dei samiske representantane på å finne ein felles veg vidare. Stadtwerke München er ikkje ein del av desse samtalane, skriv pressetalsmann Michael Silva.
Sametingspresident Silje Karine Muotka hadde ikkje tid til å gje ein kommentar til Vårt Land fredag, opplyser kommunikasjonsavdelinga til Sametinget.
[ Ap-topper vil ha både Tajik og Brenna som nestleder ]
Stor merksemd i tysk presse
Aksjonane mot Fosen-vindmøllene har fått stor merksemd internasjonalt, også i Tyskland. Ikkje minst då ein velkjend svensk klimaaksjonist dukka opp i Oslo.

«Her ber politiet Greta Thunberg vekk», skriv storavisa Der Spiegel.
Redaktionsnetzwerk Deutschland skriv at samane i Skandinavia blir utsett for stadig sterkare press. Redaksjonen koplar protestane i Oslo saman med funna av sjeldne mineraler i nordlege Sverige.
«Greta Thunberg demonstrerer mot Münchens vindmøller i Noreg», melder den regionale kringkastaren Der Bayerische Rundfunk. Artikkelen omtalar at protestane er retta mot vindmøller eigd av tyske Stadtwerke München.
[ Sametingspresidenten: – Dere har vekket opp hele befolkninga ]
Sveitsisk selskap vurderer rettslege skritt
Det er fleire utanlandske selskap inne på eigarsida i Fosen-vindmøllene. Mellom dei er det sveitsiske kraftselskapet BKW.
Vårt Land melde nyleg at BKW vil vurdera rettslege skritt mot Noreg, om vindmøllene på Fosen blir tekne ned. Det inkluderer å utforske potensielle krav mot den norske stat.
Vårt Land har spurt tyske Stadtwerke München om også dei vil vurdera rettslege skritt. Pressetalsmann Michael Silva svarer:
– Me er trygge på at departementet vil finna gode løysingar som gjer det mogleg med produksjon av fornybar energi samstundes som at rettane til reindriftsutøvarane blir respektert.
Han understrekar vidare at Høgsterett-dommen ikkje slår fast at vidturbinane skal rivast.