Nyheter

Konfirmantleiar erkjenner seg delvis skuldig i seksuelle overgrep

ROGALAND: Ein konfirmantleiar i Rogaland har erkjent at har prøvd å forgripe seg på ein mindreårig gut og ha opptredd seksuelt krenkjande overfor to konfirmantar.

Mannen er tiltalt for fleire forsøk på å møte ein konfirmant i kyrkja med overlegg om å utføre seksuelle handlingar.

Då rettssaka starta i Rogaland tingrett onsdag, erkjende den tiltalte straffskuld for å ha prøvd å forgripe seg på ein mindreårig gut og innrømt seksuelt krenkjande åtferd overfor to konfirmantar, men nekta for at han utnytta tilliten dei fornærma hadde til han for å oppnå seksuell omgang, skriv Stavanger Aftenblad.

Fleire gonger gjennom våren 2021 skal utnytta han ifølgje tiltalen stillinga si til å prøve å ha seksuell omgang med ein konfirmant. I tillegg skal han ha sendt fleire meldingar med seksuelt innhald til både den nemnde guten og ein annan konfirmant.

Ifølgje tiltalen etablerte konfirmantleiaren over tid eit tillitsforhold til guten, som mannen visste var i ein sårbar posisjon. Politiet meiner mannen deretter overtalte guten til å møte han i kyrkja, og at han lokka han med seg opp i andre etasje for å ha seksuell omgang med han.

«Fullstendig ufatteleg»

Under rettssaka torsdag kom det fram at kyrkjelyden som den tidlegare konfirmantleiaren jobba for, ikkje har teke kontakt med nokon av dei fornærma eller bede om unnskyldning. Bistandsadvokat Anne Kroken, som representerer ein av dei fornærma, seier at det er «fullstendig ufatteleg».

Den næraste leiaren i den tiltalte i kyrkjelyden innrømde i vitneboksen torsdag at forsøket til kyrkjelyden på å komme i kontakt med dei fornærma ikkje var godt nok handtert.

Påtalemakta har lagt ned påstand om ti månaders fengsel for den tiltalte, som er i 20-åra. Tilståinga hans og lang saksbehandlingstid blir trekt fram som formildande moment, skriv avisa.

Mer fra: Nyheter