Onsdag førre veke vart det kjent at Huitfeldts ektemann har kjøpt aksjar i mellom anna Kongsberg Gruppen og lakseselskap medan ho har sete som statsråd.
Sidan den gong meiner Frp-nestleiar Hans Andreas Limi at Huitfeldt har halde tilbake informasjon, og endra forklaring, skriv VG.
Han meiner mellom anna at Huitfeldt burde orientert E24.no om at ektemannen hadde fått ordre om å fryse aksjehandelen sin, då dei stilte spørsmål om aksjeinnehavinga til ektemannen 14. august. Det var to veker før ho fortalde om den omfattande aksjehandelen til ektemannen.
– Nok er nok no. Tida er inne til at ho vurderer om ho kan halde fram som utanriksminister. Eg tilrår at ho går av, seier Limi.
Han meiner saka no svekkjer tilliten både til politikken generelt, og til det politiske styringssystemet vårt.
Avisa har prøvd å komme i kontakt med UD for kommentarar på Limis utspel, men har førebels ikkje fått nokon kommentar frå utanriksministeren.