Medan kona var statsminister, skulle Sindre Finnes halda seg unna lobbyarbeid. Det har Norsk-Industri-sjef Stein Lier-Hansen sagt til VG. Men Sindre Finnes hadde «nokre unntak», mellom anna knytt til etableringa av Grønt skipsfartsprogram, innrømmer Lier-Hansen til Vårt Land.
Skipsfartsprogrammet har over 100 partnarar, dei fleste private selskap.
Ein sjekk Vårt Land har gjort, viser at Sindre Finnes under Erna Solbergs tid som statsminister har hatt aksjar for minst 100.000 kroner i ni av selskapa som er knytt til programmet.
Det er merkeleg at Sindre Finnes skulle ha ei opning for å driva lobbyarbeid på nokre område og ikkje på andre.
— Jan Erik Grindheim, professor og Civita-tilsett
Eitt av to lobby-unntak
«Grønt Skipsfartsprogram handler om bærekraftige logistikkløsninger, lønnsomme utslippskutt, grønne arbeidsplasser, økt konkurranseevne og eksport, og om å ta internasjonal lederposisjon.»
Slik blir programmet presentert på eigne nettsider. Det er eit partnarskapsprogram mellom private og offentlege aktørar. Kvar partnar betalar opp til 50.000 kroner i året for å vera ein del av programmet.
Grønt skipsfartsprogram har vore eitt av to uttalte unntak frå lobby-forbodet som Norsk Industri seier dei gav Sindre Finnes.
Stein Lier-Hansen svarer ikkje på spørsmål om når og kva type lobbyarbeid Sindre Finnes har gjort for dette programmet.

Eigde aksjar
Grønt skipsfartsprogram vart oppretta i januar 2015. Våren 2023 var det 120 partnarar med, 108 av desse er private bedrifter. Programmet er dels finansiert av medlemmene, dels av offentlege tilskot.
VG og E24 har laga ei oversikt over 45 selskap som Sindre Finnes har eigd aksjar for minst 100.000 kroner i, medan Erna Solberg var statsminister.
Fem av selskapa på denne lista, er også partnar i Grønt skipsfartsprogram:
- Norsk Hydro
- Yara
- DNB
- Equinor
- Aker BP
I tillegg har Sindre Finnes hatt aksjar i selskap med koplingar til Grønt skipsfartsprogram:
- Wallenius Wilhelmsen, eit norsk-svensk reiarlag. Grønt skipsfartsprogram har selskapet Wilhelmsen som partnar. Dette selskapet eig 37,8 prosent av Wallenius Wilhelmsen.
- Wilh. Wilhelmsen B-aksjar. Eit maritimt industrikonsern som eig Wilhelmsen, ein partnar i Grønt skipsfartsprogram.
- Kongsberg Gruppen. Kongsberg Maritime er partnar i Grønt skipsfartsprogram og dotterselskap av Kongsberg Gruppen.
- Lerøy Seafood Group. Sjømatprodusent med hovudkontor i Bergen. Dotterselskapet Lerøy Havfisk AS er partnar i Grønt skipsfartsprogram.
Vårt Land kan ikkje stadfesta om Sindre Finnes har eigd desse aksjane samstundes som at han var involvert i Grønt skipsfartsprogram. Oversikta til VG og E24 tek for seg ulike periodar dei åtte åra Erna Solberg var statsminister. Norsk Industri vil ikkje svare på kva tidsperiode Finnes var involvert i programmet.
Stein-Lier Hansen har til VG garantert at Sindre Finnes ikkje har fått innsideinformasjon frå sitt arbeid i Norsk Industri.
Ingen svar frå Norsk Industri
Vårt Land har stilt desse spørsmåla til Stein Lier-Hansen i Norsk Industri:
- I kva periode arbeidde Sindre Finnes med Grønt skipsfartsprogram (GS)?
- Kva arbeidsoppgåver hadde han knytt til lobbyarbeid og politisk påverknad og GS?
- Var Norsk Industri klar over at Sindre Finnes hadde aksjar i selskap som var partnar i GS?
- Er dette problematisk sett i lys av arbeidet han gjorde med GS?
Stein Lier-Hansen svarer via kommunikasjonsavdelinga:
– Utover det me har uttalt oss om tidlegare, har me ingen yttarlegare kommentarar.
Vårt Land har stilt same spørsmål til Sindre Finnes, og spurt om han har eigd aksjar i desse selskapa samstundes om han har jobba for GS og om han opplyste arbeidsgjevar Norsk Industri om eigarskapen i desse selskapa.
– Me ber om at spørsmål vedrørande Norsk Industri blir retta dit, svarer Thomas Skjelbred, advokat til Sindre Finnes.
Professor etterlyser svar frå Norsk Industri
Jan Erik Grindheim er professor i statsvitskap ved USN Handelshøyskolen, i tillegg jobbar han deltid for den liberale tankesmia Civita.
– Det er merkeleg at Sindre Finnes skulle ha ei opning for å driva lobbyarbeid på nokre område og ikkje på andre. Når me snakkar om habilitetsreglar er det ikkje så lett å skilja mellom sektorar.

Han etterlyser svar frå Norsk Industri på kva type lobbyarbeid Sindre Finnes har gjort.
– Eg skjønar Norsk Industri må tenke seg om, for dette er ei vanskeleg sak. Men det er viktig at det kjem ut informasjon. Ein må vera open og ærleg, viss ikkje blir det spekulasjonar.
Om aksjeplasseringane Finnes hadde i selskap knytt til Grønt Skipsfartsprogram, seier han:
– Dette må ein gå etter i saumane. Om det viser seg å vera ei kopling, er det ikkje bra.
[ Redningsbåtar som plukkar opp skipbrotne migrantar bør miste det norske flagget, meiner Frp ]
Finnes tipsa SMK og media om vaksine-sak
Sist veke avslørte Vårt Land at Sindre Finnes i august 2020 kontakta både Dagens Næringsliv og Statsministerens kontor (SMK) om det han kalla «ei god vaksinenyheit».
Han sende e-postar der han tipsa om planar om norsk vaksineproduksjon. SMK enda opp med å faktasjekka innhaldet i tipset frå Finnes.

E-postane stod i kontrast til korleis Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen har omtala arbeidsoppgåvene til Sindre Finnes. I intervju med VG hadde Lier-Hansen sagt at Finnes berre jobba som «talknusar» medan Erna Solberg var statsminister.
– Avtalen som vart inngått med SMK, var at Finnes ikkje skulle vera involvert i nokon saker knytt til regjering, noko departement eller lobby, sa Lier-Hansen til VG.
Endra forklaring etter oppslag i Vårt Land
Etter at Vårt Land publiserte saka om Finnes sine e-postar til SMK og DN, har Lier-Hansen endra forklaring. Til Vårt Land seier Stein Lier-Hansen forståinga med SMK hadde nokre unntak:
– Avtalen var ei forståing med SMK om at Sindre ikkje skulle delta i Norsk Industris arbeid mot departementa og underliggande etatar i tida då Erna Solberg var statsminister, med nokre avtalte unntak, mellom anna knytt til etableringa av Grønt skipsfartsprogram.
Til VG seier Stein Lier-Hansen at eit anna unntak gjaldt ei satsing på legemiddelindustri i Noreg.
– Saman med partane i fagrørsla fekk me fram utgreiingar om korleis andre land, mellom anna Irland hadde lukkast. Finnes har vore ein del av dette arbeidet, sa Lier-Hansen til VG.
[ Reagerer på kristen nettside om seksualitet ]
Seier Finnes ikkje hadde ei rolle
– Eg kan ikkje hugsa at Sindre Finnes hadde noko rolle i Grønt Skipsfartsprogram. Me spurte han stundom til råds, men eg kan ikkje hugsa at han var med på noko møte, seier Lars Gørvell-Dahll.
Han var leiar i Maritim bransjeforening i Norsk Industri frå 2013 til 2018. Han var med å starta Grønt Skipsfartsprogram.
Gørvell-Dahl omtalar programmet som ein minglestad der reiarar kan koma med idear.
– Eg opplevde ikkje at det kom så mykje ut av dette programmet, i alle fall ikkje når det gjeld våre verft og utstyrsbedrifter.
Narve Mjøs er direktør i Grønt Skipsfartsprogram. Han seier Sindre Finnes har ikkje hatt noko rolle i programmet eller vore med på møta deira.
– Eg har ikkje inntrykk av at Sindre Finnes har drive politisk påverknad på vegner av programmet.