Nyheter

Nær halvparten av befolkninga positiv til kjernekraft

KJERNEKRAFT-DEBATT: Nær halvparten av befolkninga er positive til kjernekraft-utbygging i Noreg. Det er langt fleire menn enn kvinner som er positive, viser ei fersk undersøking.

1211 personar deltok i spørjeundersøkinga, som vart gjennomført av Respons Analyse på oppdrag for Fjordkraft.

47 prosent svarer at dei er positive til kjernekraft. Sju av ti menn (69 prosent) er positive, medan berre to av ti kvinner (24 prosent) svarar det same.

Medan 27 prosent av befolkninga svarer at dei er imot kjernekraft, har 26 prosent ikkje noka oppfatning.

Størst oppslutning er det om vasskraft, der 77 prosent av befolkninga er for utbygging av meir vasskraft. Berre 6 prosent er imot. Solkraftverk får også brei støtte, med 70 prosent som er for.

Lågast oppslutning får meir utbygging av vindkraft på land, der berre 38 prosent av befolkninga er for.

Mer fra: Nyheter