Nyheter

Han er redd Vestbreidda skal bli det nye Gaza: – Me vil ha fridom og fred

VESTBREIDDA: Valden og åttaka på Vestbreidda aukar, ekspert sier mange fryktar vidare annektering. Gjeld internasjonal lov berre for vestlege folk? spør palestinaren Issa Amro.

Det er våpenkvile på Gazastripa, men på den israelskokkuperte Vestbreidda aukar valden. Befolkninga her har i aukande grad vorte utsett for vald frå israelske styrkjer og ulovlege israelske busetjarar sidan Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023 – der minst 1.100 personar vart drepne og 251 vart tekne som gislar av Hamas.

– Den israelske regjeringa har stengt Vestbreidda heilt, det er full lockdown, fortel palestinaren Issa Amro til Vårt Land.

Amro er menneskerettsaktivist basert i byen Hebron, sør på Vestbreidda. Han fortel at folk ikkje får reise frå mellom byar, og nokre plassar ikkje eingong forlate heimane sine.

Israel startet denne uken en omfattende militæroperasjon i Jenin på den okkuperte Vestbredden. Foto: Majdi Mohammed / AP / NTB

Tysdag sa det israelske forsvaret (IDF) at dei hadde starta ein ny militæraksjon på Vestbreidda. Same dag vart minst 10 personar drepne og meir enn 35 skadde under eit israelsk raid i byen Jenin, ifølgje palestinske helsemyndigheiter. Militæraksjonen har drive hundrevis av palestinarar i Jenin på flukt.

Samtidig er det uro innanfor palestinske grupperingar. Dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (PA) og partiet Fatah, slo tidlegare i veka ned på palestinske væpna grupper i området. Dei siste vekene har elleve personar vorte drepne i slike aksjonar, ifølgje NTB.

Trur Netanyahu prøver å blidgjere Smotrich

Nyleg meldte den israelske avisa Haaretz at den israelske regjeringa har beordra blokkeringa av titals vegar på Vestbreidda heilt til slutten av den første fasen av våpenkvila mellom Israel og Hamas på Gazastripa.

– Restriksjonane er ikkje for tryggleik, men av politiske grunnar. Dette er Netanyahu sin måte å blidgjere Smotrich på. I Hebron lever me no innandørs, folk får ikkje lov til å forlate heimane sine, utanom visse tider på døgnet. Då skjer det mykje trakassering og vald frå israelske styrkjer, i tillegg har mange palestinarar har vorte arrestert i det siste. Dei utfører raid på palestinske heimar og får folk til å føle at dei kan nå dei kvar som helst, til og med i heimen, seier Amro.

Økonomien har vore svak på Vestbreidda sidan 7. oktober, fortel han, men no er det endå verre. Amro fortel at busetjarar går regelmessig til åtak på palestinske landsbyar på Vestbreidda.

– I Jenin har dei omringa hus og flyktningleiren. Dei vil gjere det same med oss som dei gjorde i Gaza, seier han.

– Me vil velje våre eigne leiarar

Misnøgda til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene er stor blant palestinarane på Vestbreidda, og mange skuldar PA for å samarbeide med Israel.

– PA vil blidgjere Trump og Israel for å vise at dei kan styre. Dei vil ha kontroll over Gaza når krigen er over. Nyleg forbydde PA Al Jazeera frå å rapportere på Vestbreidda, det same som dei har gjort i Israel, seier Amro.

– Kven vil palestinarar at skal styre Vestbreidda?

– Me treng ei reformering av PA og PLO, men palestinarar vil velje sine eigne leiarar, seier den palestinske menneskerettsaktivisten.

Skuldar Vesten for dobbelstandardar

Amro er redd for at Israel no skal få frie tøyler til å utvide busetjingane, drepe og trakkasere palestinarar på Vestbreidda. Han har lite tru på at det internasjonale samfunnet skal gripe inn.

– Dessverre, etter det som har gått føre seg i Gaza – der Israel har drepe meir enn 50.000 palestinarar – majoriteten sivile og barn, har eg ikkje trua på at dei kjem til å gjere noko. Det er fullt av dobbelstandarar og løgner – dei snakkar om visdom og utvikling, men det er noko veldig gale her. Gjeld internasjonal lov berre for vestlege folk? spør han.

Barna til Ahmad Ararawi sørger over at de har mistet faren sin. 37-åringen var en av flere palestinere som ble drept i et israelsk luftangrep mot Jenin onsdag. Foto: Nasser Nasser / AP / NTB

Han seier det internasjonale samfunnet har feila, og at det er vestlege land som gjer at Israel kan halde fram med krig og okkupasjon.

Gjeld internasjonal lov berre for vestlege folk?

—  Issa Amro

– Me vil ha fridom og fred. Me vil ha ein betre framtid for folket vårt, og dei same rettane som alle andre, seier Amro.

Auka nærvær av væpna grupper

– Kvifor trappar israelske styrkjer opp åttaka på Vestbreidda?

– Det har vore ei langvarig opptrapping. Ein komponent av det er at det har vore eit aukande nærvær av mindre militante grupper rundt omkring på Vestbreidda, så noko av det har eit konkret sikkerheitsaspekt, seier Jørgen Jensehaugen, Midtøsten-ekspert og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet PRIO.

Seniorforsker Jørgen Jensehaugen har ingen tro på at tostatsløsningen lar seg gjenopplive. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Men hovudårsaka til eskaleringa, seier han, er den ein ytterleggåande israelske regjeringa, med sterke ideologar som meiner at «no må ein ta ordentleg grep på Vestbreidda».

– Dei meiner at Vestbreidda er deira. Dei er ute etter å gjere store endringar på Vestbeidda, og det er veldig mange, som med god grunn, fryktar at det kjem ei annektering, seier Jensehaugen.

– Ikkje umogleg at Smotrich har blitt lova dette

– Kvifor vil Israel stadig ha større område?

– Her er det eit stort spekter av meiningar internt i Israel – kva dei ønskjer. Mange sentrale i Netanyahu si regjering ønskjer ei annektering. Det er svært mogleg at det er dette Smotrich har fått i bytte mot at han held seg i regjering og aksepterer våpenkvile på Gazastripa. For Vestbreidda er ein del av det langsiktige ideologiske prosjektet til Israel på ein måte som Gaza ikkje er det, seier Jensehaugen.

Den israelske finansministeren Bezalel Smotrich truga med å gå ut av regjering dersom Israel inngjekk våpenkvile med Hamas. Så langt har han ikkje følgt etter sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir, som meldte at han gjekk ut av regjeringa same dag som våpenkvila på Gazastripa trådde i kraft.

Nye formar for militsgrupper dukkar opp

Sidan 2021 har ein fått ein endra dynamikk på Vestbreidda, der det dukkar opp nye formar for militsgrupper som ikkje liknar på dei etablerte politiske organisasjonane, fortel Erling Lorentzen Sogge, førstelektor for Midtøsten-studiar ved UiO til Vårt Land.

Han seier det spesielt er snakk om den nordlege delen av Vestbreidda – i byar som Jenin, Nablus og Tulkarem.

Erling Lorentzen Sogge, førstelektor for Midtøsten-studiar ved UiO. Forskar mellom anna på militante ikkje-statlege rørsler i Palestina og Libanon.

– Typisk for desse nye gruppene er at dei spring ut frå bysentrum eller flyktningleirar, og består av ganske unge menn som organiserer seg på tvers av politisk tilhøyrsel. Her arbeider folk frå Fatah og Hamas saman, seier førstelektoren.

Grunnen til at slike grupper veks fram, seier han, er ein frustrasjon rundt situasjonen på Vestbreidda – med stadige israelske angrep og utbygginga av ulovlege busetjingar.

– Mange unge palestinarar føler at det ikkje lenger er noko grunnlag for ein palestinsk stat, og at deira leiarar ikkje gjer noko for å hindre Israels åtak eller nye utbyggingar. Dei skuldar Abbas for å samarbeide med Israel, og opplever samtidig ein dalande økonomi. Det er ein nihilisme i prosjektet til desse gruppene. Dei kjempar ein kamp dei ikkje kan vinne. Dei går til angrep på israelske styrkjer, men har få ressursar, og Israel svarar med stor styrke, seier Lorentzen Sogge.

Han nemner flyktningleiren i Jenin som eksempel på dette, der Israel nyleg omringa området med skarpskyttarar og pansra køyretøy, og brukte bulldosarar til å rive opp gater i sentrum.

Busetjarar glade for president-Trump

Nyinnsette president Donald Trump oppheva nyleg sanksjonar mot valdelege busetjarar på den okkuperte Vestbreidda, noko som har fått det palestinske utanriksdepartementet til å skulde Trump for å oppfordre til busetjarvald. Den amerikanske presidenten har også utnemnt Elise Stefanik som amerikansk FN-ambassadør. Stefanik uttalte nyleg at ho meiner Israel har «Bibelsk rett» til Vestbreidda. Israelske busetjarar ser Trump-styret som eit høve til å gå endå lenger, ifølgje BBC.

A Palestinian youth sifts through the aftermath of an attack by Israeli settlers in the West Bank village of Jinsafut, Tuesday, Jan. 21, 2025. (AP Photo/Majdi Mohammed)

Menneskerettsaktivisten Amro trur situasjonen på Vestbreidda kjem til å bli verre med Trump som amerikansk president.

– Dei israelske leiarane og busetjarane veit at det ikkje vil bli sanksjonar no, det har Trump lova. Han har også sagt at dei ikkje vil følgje ICC si arrestordre på Netanyahu og folka hans. No trur dei at dei kan gjere akkurat det dei vil, seier han.

---

Den okkuperte Vestbreidda

  • Sidan Seksdagarskrigen i 1967, har Vestbreidda vore ulovleg okkupert av Israel.
  • Det sekulære partiet Fatah har sidan 2007 styrt Vestbreidda. Fatah er partiet til Mahmoud Abbas, som har vore president for dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (PA) sidan 2005. I praksis har israelske styrkjer overordna kontroll her.
  • Rundt 700.000 israelske busetjarar bur i dag i rundt 150 slike ulovlege busetjingar og 128 utpostar på Vestbreidda og Aust-Jerusalem.
  • FN og andre internasjonale organ har gjentekne gonger fordømt israelsk okkupasjon og busetjing som i strid med folkeretten.
  • Palestinarar har opplevd auka bruk av dødeleg makt frå israelske styrkjer og valdelege angrep frå israelske busetjarar sidan 7. oktober 2023.
  • Israelske busetjarar har gjennomført minst 1.800 åtak på palestinske landsbyar på Vestbreidda i tida etter krigsutbrotet, og minst 820 palestinarar er drepne i same periode.

Kjelder: FN, NTB, Amnesty, Al Jazeera

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter