Nyheter

Knepp for knepp blir flyktningpolitikken strengare. Men innstramminga får få til å velje Sp

FÆRRE FLYKTNINGAR: Støre-regjeringa gjer porten inn til Norge trongare. Justisminister Emilie Mehl (Sp) er særleg nøgd med få flyktningar frå eit afrikansk land.

Straumen av flyktningar frå Ukraina til Norge blei til slutt så stor at regjeringa sa stopp.

I desember 2023 byrja justisminister Emilie Mehl å rulle ut tiltak som skulle dempe reiselysten.

Fleire innstrammingar mynta på dei frå aust kom i fleire rundar i fjor. Framleis kom det for mange ukrainarar til Norge, meinte regjeringa.

Senterpartiets justisminister har samstundes fremma endringar som skal gjere Norge mindre attraktivt for asylsøkjarar – for å regulere innvandringa:

  • Kraftige kutt i kvoteflyktningar frå FN.
  • Høgnar kravet til dugleik i norsk språk og samfunnskunnskap for å få permanent opphaldsløyve.
  • Hevar kravet til minsteinntekt for dei som vil ha familien sin til landet.

For Senterpartiet og regjeringa er det viktig å føre en streng, ansvarlig og kontrollert innvandringspolitikk

—  Emilie Mehl (Sp), justisminister

Få blir freista av Sps politikk

Men uhyre få veljarar meiner Senterpartiet innvandringspolitikk har dei beste løysingane: Berre éin prosent.

Og innvandring er ikkje mellom dei sakene veljarane er mest opptatt av: Berre for 9,9 prosent er dette den viktigaste saka.

På oppdrag frå Vårt Land har Norstat spurt 1.052 nordmenn om kva politiske saker dei tenkjer er viktige i forkant av valet.

I tre år har Senterpartiets Mehl, som justisminister, fronta Støre-regjeringas asyl-, flyktning- og innvandringspolitikk.

45 prosent vil at Høgre-leiar Erna Solberg skal gjere comeback dersom Høgre og Frp får fleirtal i valet i haust, mens 22 prosent heller vil Sylvi Listhaug.
Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Frp har stor tillit, Høgre vil også ha det

Vårt Lands måling viser at partiet til ho som ser seg som naturleg statsminister om det blir borgarleg valsiger i haust, Erna Solberg, ikkje har ein politikk som freistar mange.

Berre ein av ti veljarar seier Høgre har den beste asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken.

I VG går Høgre-leiaren no ut og varslar strengare innvandringspolitikk om det blir regjeringsskifte. Solberg fryktar ei ny flyktningbølgje som vil ramme Norge spesielt hardt, fordi det er lett og lukrativt å komme til landet.

Høgre vil særleg ha færre flyktningar til landet som følgje av familiesamling.

Dette er den mindre synlege sida av dagens innvandring, fortalde Vårt Land i september. I åra 2021–2023 kom det heile 33.000 menn, kvinner og barn til Norge gjennom ordninga.

---

Flyktningar

  • 92.000 ukrainarar har komme til Norge sidan krigen braut ut 24. februar 2022.
  • 4.160 personar frå andre land enn Ukraina søkte asyl i Norge i fjor.

---

 Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) forsikrar at det vil komme eit forslag om ny samtykkelov i god tid til at Stortinget får gitt den ei skikkeleg behandling før stortingsperioden er over. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Løfta fram somaliske flyktningar

I eit ordskifte i Stortingets spørjetime i desember heldt Emilie Mehl fram at Sp og Ap er strengare enn innvandringskritiske Frp.

SSB la fram ein studie av siktingar fordelt etter innvandrarbakgrunn, landbakgrunn og type lovbrot.

Somaliarar skilte seg svært negativt ut, noko Frps leiar i Stortingets justiskomité, Helge André Njåstad, tok opp med Mehl:

«Viss ein ser på ungdomskriminaliteten i kategorien menn mellom 15 og 24 år, så er det ganske ekstremt: Per 1.000 somaliarar i Noreg er det 1.149 siktingar. Går ein til Oslo, er tala endå verre, då er det faktisk 2.120 siktingar per 1.000 somaliarar. Det vil seia to siktingar per person i snitt. Det er ganske alarmerande», sa Njåstad.

Mehl svarte med å spørje om Frps Njåstad hugsa historia:

«Hvem er det som har sluppet flest somaliere inn i Norge i nyere tid? Jo, det er Fremskrittspartiet. Mens Arbeiderpartiet og Senterpartiet har sittet i regjering, har det kommet 128 somaliere til Norge. Med Fremskrittspartiet i regjering kom det over 1.600. Vi har strammet inn på innvandringen.»

Sps justisminister meinte det var på Frps vakt «man mistet kontrollen over innvandringen».

Hvem er det som har sluppet flest somaliere inn i Norge i nyere tid? Jo, det er Fremskrittspartiet

—  Emilie Mehl (Sp), justisminister

Sp og Ap er strengare enn Frp

I same spørjetime roste Mehl det dramatiske kuttet i kvoteflyktningar som regjeringa delvis fekk gjennomslag for.

År for år har Mehl høvla ned kvoten, frå 3.000 i 2022 til 1.000 i 2024.

I forslaget til 2025-budsjett ville ho og regjeringa berre ta i mot 200. I budsjettforhandlingane fekk SV pressa årets kvote opp til 500.

I Stortinget i desember lydde sjølvrosen i spørjetimen:

«Da Høyre og Fremskrittspartiet satt i regjering og styrte sammen, hadde vi altså rekordhøy innvandring til Norge. Vi hadde en kvote på 3.000 kvoteflyktninger hvert eneste år. Arbeiderpartiet og Senterpartiet har strammet inn innvandringspolitikken. Vi har redusert kvoten.»

Kvoteflyktninger

Nøgde med å store kutt i flyktningkvote

Då kvotekuttet blei lagt fram i oktober, sa Emilie Mehl til Nationen:

«For Senterpartiet og regjeringa er det viktig å føre en streng, ansvarlig og kontrollert innvandringspolitikk. Da kan vi ikke ha et frislipp av flyktninger, og derfor har vi strammet inn for både ukrainske flyktninger og andre flyktninger.»

Også Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har rosa eigen flyktningpolitikk, som då han presenterte 2025-budsjettet i Stortinget – før SVs justering.

«Da Listhaug satt med ansvaret, var det 3.170 kvoteflyktninger. 3.170! Nå blir det 200. En mye tydeligere, en mye mer ansvarlig politikk enn da Venstre og Frp hadde styringen.»

Må snakke betre norsk og tene fleire kroner

Fire dagar før jul sende justisminister Mehl eit forslag på høyring: Kravet til dugleikar i norsk språk og norsk samfunnskunnskap for å få permanent opphaldsløyve blir heva.

– Dette kjem som ei rekkje av fleire tiltak for at me framleis skal ha ei kontrollert innvandring til Norge, forklarte Mehl i ei pressemelding.

I januar kom neste tiltak. Regjeringa hasteinnførte nytt krav til underhald for familieinnvandring. Frå 1. februar må den som ønskjer å få familien sin til Norge ha ei årsinntekt på om lag 400.000 kroner.

I dag er kravet kring 65.000 kroner lågare.

Mehl grunngav endringa: «For å sikre et bærekraftig nivå på ankomstene.» Ho varsla også at det kan komme nye innstramminger i underhaldskravet.

Syriske familier på vei ut fra Tyrkia og inn i Syria ved grenseovergangen Cilvegozu tidligere denne måneden. Foto: Metin Yoksu / AP / NTB

Ber syrarar reise heim

Då Assad-regimet i Syria fall i november var justisminister Emilie Mehl rask med å be syriske flyktningar reise heim:

«Regjeringen stiller opp med flybilletter og det praktiske for hjemreise til de syrerne som ikke lenger trenger beskyttelse. I tillegg gir vi 15.000 kroner i reetableringsstøtte per person», sa ho til Dagbladet, og legg til:

«Det er bare de som har et beskyttelsesbehov som har rett til å være i Norge.»

I januar kom Senterpartiets programkomité med endeleg forslag til nytt program. Her skriv dei: «Innvandringen til Norge skal være kontrollert og rettferdig.»

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter