Mariann Budde, biskop i Den episkopale kyrkje i Washington, har fått stor merksemd etter at ho i preikinga si under innsetjinga av Donald Trump, valde å vende seg direkte til den nye presidenten.
– Det er homofile, lesbiske og transbarn i demokratiske, republikanske og partiuavhengige familier, hvorav noen frykter for livene sine, sa Budde og bad presidenten vise miskunn – noko som ikkje fell i god jord hos Trump og tilhengjarane hans.
For å vise støtte har norske geistlege bytt profilbiletet sitt på Facebook til eit av biskop Budde med teksten «Eg støttar ho». I tillegg har fleire signert eit opprop til støtte for biskopen, starta av pastoren Traci Blackmon i etterkant av gudstenesta i Washington, som no har over 5.000 underskrifter.
Fekk trua på kyrkja på nytt
Merete Thomassen er teolog, forskar og prest i Den norske kyrkja (DNK). Ho er ein av dei som har endra profilbiletet sitt og skrive om Budde på sosiale medium.

– Du har endra profilbiletet ditt på Facebook i støtte til Mariann Budde, kvifor gjorde du det?
– Kort sagt fekk eg trua på kyrkja igjen då eg høyrte ho. Eg synest det er mykje som er litt vagt og som ikkje klarer å finne sin plass i det å adressere urett i kyrkja. Budde gjorde det på ein så modig måte, seier teologen.
Ho seier at midt i ein fortvila situasjon, er ho glad for at kyrkja her tala profetisk.
– Eg fekk trua på at kyrkja kan bidra med noko i det som er eit ekstremt polarisert samfunn (i USA, red.anm), seier Thomassen.
Nattverd og liturgi står sterkt
Mariann Budde er biskop i Den episkopale kyrkja i USA, og er første kvinnelege biskop av Washington. Ifølge Thomassen har Den episkopale kyrkje sterk tru på nattverden og liturgien, som kanskje gjer at det er lett å avfeie dei som høgkyrkjelege.
– Men dei episkopale brukar sakramenta og liturgien som eit springbrett for å gå inn samtida, seier Thomassen.
Har sagt folk ønskjer ho død
Reaksjonane etter den mykje omtala gudstenesta har vore delte. Mange har hylla Budde i sosiale medium, The New York Times skriv at fleire meir liberale kristne følte seg litt gløymt før Budde kom på bana.
Trump, derimot, var rask med å seie at han var misnøgd med gudstenesta og sa at «dei kunne gjort det mykje betre». Budde har sagt at det er folk som ønskjer ho død. Kongressmedlemmet Mike Collins skreiv også på nettstaden X at Budde burde bli lagt til på deportasjonslista på grunn av preikinga hennar.
The person giving this sermon should be added to the deportation list. pic.twitter.com/d7a2z1CM6s
— Rep. Mike Collins (@RepMikeCollins) January 21, 2025
Thomassen meiner den amerikanske biskopen risikerer mykje.
– Eit kongressmedlem sa ho burde setjast på deportasjonslista. Dette kostar jo. Trump har Proud Boys på si side – om nokon finn ut at dei vil ta livet av henne, så får dei til det. Ho set verkeleg livet på spel, seier Thomassen.
Det profetiske kallet
Thomassen trur det er viktig at kristne leiarar og maktpersonar snakkar imot makta når det er snakk om urett.
– Det er jo eit profetisk kall som kristne har. No er det ikkje så mange kristne som har høvet til å adressere verdas mektigste mann, slik som Budde, men ein må jo vere vaken. Eg opplever jo at ein del biskopar og andre her i Norge har gått inn i asylpolitikken, seier ho.
– Utruleg modig og velformulert
Også Tor B. Jørgensen, tidlegare biskop i DNK og tidlegare biskop i det vesle kyrkjesamfunnet The Lutheran Church in Great Britain, har vist si støtte til Budde.
– Eg syntes det var ein veldig modig tale – å henvende seg slik til ein ukomfortabel president. Det gleda hjartet mitt å sjå. Det vart jo også ei stor merksemd rundt henne i etterkant. Ho var utruleg modig og veldig velformulert, og ikkje angripande eller voldsom i språkbruken. Eg synes det var ein fin tale, men at den siste appellen var spesielt sterk, seier Jørgensen til Vårt Land.

Trump har etter gudstenesta referert til Budde som «den såkalla biskopen», og har skrive på sin eigen plattform Truth Social, at Budde er ein «Radikal Venstre hardbarka Trump-hatar».
– Eg vil anta at den tradisjonen ho representerer ligg rundt sentrum-liberal, seier Jørgensen.
– Men denne presidentseremonien, som var ei interreligiøs gudsteneste, var ikkje Budde sitt påfunn. Det er eit liberalt konsept, men har vore slik i mange år, seie Jørgensen.
– Sentral kristen kunnskap
At Budde bad om Trump om å vise nåde for skeive og migrantar i preikinga si, ser Jørgensen for seg at kan provosere nokon.
– Det er nokre som ikkje skjønar skilnaden på politikk og religion. Det ho formidla er sentral kristen kunnskap, uavhengig av politisk ståstad, seier han, og legg til:
– Det er viktig å vise at kyrkja står opp for dei som vert ramma negativt av politikken politikarane fører. Me må våge å tale imot dei som har makt i samfunnet vårt.
Samanliknar Budde med Martin Luther King
Dnk-presten Elisabeth Thorsen meiner Budde er eit førebilete.
– Ho klarer å formilde ein heilt sentral kristen bodskap, og stille seg på dei sårbare si side i ein situasjon der ho møter så dirkete motstand. Ho har i mange år jobba med å vere modig. Eg synest ho er ei forbilde, seier Thorsen.

Thorsen meiner det er lett å høyre at Budde er ein lærd person med mykje kunnskap, og at Washington-biskopen representerer ein akademisk tradisjon i det kyrkjelege landskapet.
– Ein kan like gjerne setje ho i samanheng med Martin Luther King. Det er meir interessant å sjå på ho som ein sjølvstendig og tydeleg leiar. Ho nyttar seg av grunnleggjade evangelsik forståing. Her snakkar ein om ein kontekstuell teolog som tek samtida alvorleg, seier Thorsen.
Ho trur at for dei som vert provosert av Budde, kan det kanskje handle meir om psykologi som teologi.
– Det handlar om korleis ein ser på den nye presidenten og kva han representerer. Om ein ser på kva ho (Budde, red.amn) faktisk seier, det å identifisere seg med dei svake og sårbare, er dette noko konservative kristne også gjer. Ho snakkar inn i ein fryktkultur, og det er kanskje det som er provoserande for nokon. Budde er ei som viser eit personleg mot, og ein kan bli provosert når nokon er modig, dersom ein ikkje tør det same sjølv, seier Thorsen.
---
Den episkopale kyrkje:
- Den episkopale kyrkja er den angelikanske kyrkje i Amerika, med hovudkvarter i New York.
- Den engelsk anglikanske kyrkja oppstod i 1534 då den engelske kongen Henrik 8. braut med den katolske pavestolen og vart overhovudet for den engelske kyrkja. I dag omfattar den engelske anglikanske kyrkje, i vidare forstand, også dei anglikanske protestantiske kyrkjene i Amerika, Skottland, Wales, Irland, Australia og dei tidlegare britiske koloniane.
- Den episkopale kyrkja har rundt 1,6 millionar medlemmer. Kyrkja har 106 bispedømmer og eitt misjonsområde fordelt på 22 land.
Kjelder: SNL og The Episcopal Church
---