Nyheter

– Me tilhøyrer ei gruppe som kjenner på manglande hjartelag

NORSK ADOPSJON: I sju år har Eirik Mills og kona stått i adopsjonskø, men barnet frå Sør-Afrika kjem aldri. Barne- og familieministeren vil ikkje gje meir krisehjelp

Adopsjon er i sterk endring i Norge.

Talet på adopterte stuper – i toppåra kom det over 700, i 2023 kom det rekordfå 37.

Ulovlege adopsjonar er avslørte, og statens granskingsutval kjem med sluttrapport i år. I fersk delrapport som kom sist veke får styresmaktene kraftig kritikk.

Foreiningar for adopterte krev full stopp i adopsjon og utrulling av hjelpeprogram.

Dei private adopsjonsbyråa har ikkje fått fornya løyva til adopsjon, med eitt unntak: Colombia.

Byråa slit kraftig økonomisk grunna svært få adopsjonar, deira hovudinntekt er formidlingsgebyr.

For å halde dei flytande i 2025 løyvde barne- og familieminister Kjersti Toppe tre millionar i krisehjelp.

Stoda er framleis slik at mange barn manglar det viktigaste, ein familie

—  Eirik Mills

Økonomien sviktar, stoppar alle adopsjonar

Ikkje nok, seier Norges eldste adopsjonsbyrå. No stoppar Verdens Barn alle adopsjonsprosessar. Dei legg ned drifta grunna sviktande økonomi.

65 single og par får draumen om adopsjon knust.

NRK melde nedlegging først.

– Me er ikkje offera i denne saka. Men me tilhøyrer ei gruppe som kjenner på manglande hjartelag, seier Eirik Mills til Vårt Land.

– Frå kven?

– Frå barne- og familieminister Kjersti Toppe, seier Mills, som til dagleg er prest.

hs

Avviklar avtalar med partnarar

Onsdag i sist veke kasta styret i Verdens Barn korta. 65 single og par, alle framtidige foreldre, fekk den brutale beskjeden:

De vil aldri få ein gut eller ei jente frå Sør-Afrika eller Thailand.

60 venta på eit barn frå Sør-Afrika, 15 frå Thailand.

– Dei tilsette har fått melding om oppseiing, og me vil bruke tida som kjem til å avvikle alle avtalar me har med partnarane våre, opplyser fungerande dagleg leiar i Verdens Barn, Helge Solstad, til Vårt Land.

Han forklarar nedlegginga med at Verdens Barn har mista hovudinntekta, formidlingsgebyra som adoptivforeldre betalar.

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe.

Ber om meir frå Toppe

Eirik Mills og kona har venta i sju år på å få adoptere eit barn frå Sør-Afrika. Det barnet vil aldri komme til familien i Norge.

– Stoda er framleis slik at mange barn manglar det viktigaste, ein familie. Difor er det ikkje til å forstå at barne- og familieministeren ikkje har tid til å vente på at klagesaka blir avgjort og at granskingsarbeidet blir sluttført, seier Mills.

Han krev at statsråd Kjersti Toppe legg meir pengar på bordet slik at Verdens Barn ikkje må leggje ned.

– Me treng ikkje medkjensle, me treng handling. Det kan ikkje vere slik at det som blir granska blir lagt ned før ein får sjansen til å rette opp det som er dårleg, seier Mills, og legg til:

– Sverige har granska Sør-Afrika og adopsjonsorganisasjonen Abba, og konkludert med at dei vil halde fram å adoptere frå Sør-Afrika.

---

Adopsjon

  • Om lag 20.000 barn er blitt adopterte frå utlandet til Norge.
  • Barne- og familiedepartementet har det øvste ansvaret for adopsjonar, kontrollansvaret er lagt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som er sentralmynde for adopsjon.
  • Tre private byrå eller foreiningar, Adopsjonsforum, Verdens Barn og InorAdopt, har stått for sjølve formidlinga av adopterte barn.

---

Utvalsleiar Camilla Bernt, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, overleverte onsdag ein delrapport til barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). Utvalet har granska utanlandsadopsjonar. 
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Berre eit land er ope for adopsjon

I år kjem rapporten frå regjeringsutvalet som avgjer framtida til adopsjon.

Oppdrag: Har kontrollen med utanlandsadopsjonane vore god nok, og har det «vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar» til Norge?

Parallelt med granskinga har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) avslått dei fleste søknadane om fornya løyve til formidling av adopsjon. Klagesakene ligg i Barne- og familiedepartementet (BFD) og er framleis ikkje avgjort.

Mellom dei er ei frå Verdens Barn. Bufdir trakk tilbake Verdens Barns formidlingsløyve for Sør-Afrika i juni 2024.

Berre eit land er i dag ope for adopsjon, Colombia.

Verdens Barn formidla lenge adopsjon frå tre land, Sør-Korea, Thailand og Sør-Afrika.

Eg synest det er leit å høyre at Verdens Barn legg ned drifta si, og at nokon no ikkje får adoptere eit barn som planlagt

—  Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister

Toppe: Eg har forståing

– Kjersti Toppe, kva seier du til dei som no får adopsjonsdraumen knust?

– Eg synest det er leit å høyre at Verdens Barn legg ned drifta si, og at nokon no ikkje får adoptere eit barn som planlagt. Eg har forståing for at dei no står i ein vanskeleg situasjon, svarar barne- og familieministeren.

Toppe, som har det øvste ansvaret for Norges adopsjonspolitikk, fortel at ho har lytta til mange:

– Eg har vore oppteken av at alle skal bli høyrt i denne saka, og eg har hatt fleire møte med adoptivforeldre, adopterte og adopsjonsorganisasjonane.

Samstundes har adopsjonstala gått kraftig ned dei siste åra, og eg har forståing for at det då kan vere vanskeleg å drifte tre adopsjonsorganisasjonar

—  Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister

– Adopsjonstala gått kraftig ned, seier statsråden

– Du gav Verdens Barn og dei andre adopsjonsforeiningane økonomisk krisehjelp i fjor og i år, burde du gjeve meir?

– Verdens Barn er organisasjonen som har drive med adopsjon lengst i Noreg, og har hatt mykje å seie for framveksten av adopsjonsfeltet og regelverket. Eg har vore oppteken av å ivareta dei og dei andre adopsjonsorganisasjonane.

Toppe vona krisehjelpa skulle sikre minstedrift:

– Samstundes har adopsjonstala gått kraftig ned dei siste åra, og eg har forståing for at det då kan vere vanskeleg å drifte tre adopsjonsorganisasjonar. Regjeringa har auka støtta til adopsjonsorganisasjonane i både 2024 og 2025 slik at dei skulle halde ein minstedrift.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter