Krisa i Arbeidarpartiet har fått brei mediedekning dei siste månadane. Dårlege målingar og løynde planar om å byta ut partileiar Jonas Gahr Støre har dominert i nyheitsbildet.
Likevel har partiet framleis eit visst grep om norske veljarar. Det viser ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag av Vårt Land.
Arbeidarpartiet skal ha høgare sakseigarskap enn dette, men me er glade for at pilane peiker i riktig retning
— Kjersti Stenseng
Den kartlegg sakseigarskap – kva parti folk meiner har best politikk på ulike område. 1.052 personar har svara, undersøkinga vart gjort første veka i desember.
Ap hamnar stort sett på andre eller tredje plass av partia. I tillegg scorar Ap best på barne- og familiepolitikk.
Stenseng: Glad for at pilane peiker i riktig retning
Frå Aps partisekretær Kjersti Stenseng kjem det avmålt jubel:
– Arbeidarpartiet skal ha høgare sakseigarskap enn dette, men me er glade for at pilane peiker i riktig retning på mange saksfelt som er viktige for oss, som helse, eldre og skule, skriv ho i ein e-post til Vårt Land.
Stenseng går av som partisekretær etter Aps landsmøte i april.
Ap gjer det betre på Vårt Land-målinga samanlikna med ei liknande Norstat-måling for Aftenposten frå mars 2023. På fleire saksfelt går Ap fram med 3 til 4 prosentpoeng, og partiet går ikkje tilbake på nokon felt samanlikna med 2023-tala.

Valforskar: Ap har framleis eit visst truverd
– Trass i krisa partiet står i, har Ap framleis eit visst truverd som styringsparti. Folk meiner dei har god politikk på mange felt som helse, skule, utdanning og økonomi. For partiet er eit lyspunkt at de er best på barne- og familiepolitikk.
Det seier valforskar Joannes Bergh. Han har følgt rørslene til norske veljarar i ei årrekke.
Norstat-målinga for Vårt Land vart gjort første veka i desember. Dette var samstundes som medium byrja å melde om anonyme Ap-kjelder som vil byta ut partileiar Jonas Gahr Støre.
Kan merka Nordtun-effekt
Vårt Land har tidlegare omtalt at skule seglar opp som den viktigaste saka for veljarane.
Blant dei spurte svarar 18 prosent at dei ser Høgre som partiet med den meste skule-politikken. Arbeidarpartiet kjem bak, med 15 prosent.

Som Aps kunnskapsminister har Kari Nessa Nordtun markert seg med utspel mot skjerm i skulen. Valforskar Johannes Bergh trur partiet kan merka ein Nordtun-effekt.
– Ho har vore ein profilert politikar med tydelege standpunkt, seier Johannes Bergh.
Vårt Land-undersøkinga viser at Aps skulepolitikk fell i særleg god jord hjå den eldre garde. 26 prosent av dei spurte i aldersgruppa 60 pluss heia på Ap på dette feltet. Dei yngre er mindre imponert: Berre 8 prosent av dei spurte mellom 15 og 29 år meiner Ap har dei beste løysingane på skule.
Fall i sakseigarskap frå 2021
Ved stortingsvalet i 2021 fekk Arbeidarpartiet 26,4 prosent av stemmene. Det gjorde partiet til landets største, sjølv om resultatet ikkje var godt i ei historisk samanheng.
Ved valet i 2021 hadde Ap langt sterkare sakseigarskap enn i Vårt Land-målinga for desember 2024. Det viser ei oversikt frå Institutt for samfunnsforskning.
Mellom anna viser tala at:
- I 2021 meinte 23 prosent at Ap var best på skule, mot 15 prosent i desember 2024.
- 26 prosent meinte Ap var best på skatt i 2021, mot 14 prosent i dag.
- På helse føretrekte 27 prosent Ap i 2021, mot 14 prosent i dag.
Sidan august 2022 har Ap vore under 21 prosent på snittet på målingar, med unntak av juli i fjor. Det viser tal frå nettstaden Poll of polls.
---
Om målinga:
- Norstat-målinga for Vårt Land vart gjort første veka i desember.
- 1.052 personar har svara på kva politiske saker som opptek dei mest om dagen.
- Undersøkinga kartlegg også sakseigarskap – kva parti folk meiner har dei beste løysingane på ulike saker.
- Feilmarginen varierer frå 0.6 til 2.8 prosent.
- Vårt Land har samanlikna sakseigarskapen i denne undersøkinga med tal frå 2021, som kjem fram i notatet «Dagsorden og sakseierskap ved stortingsvalet 2021».
---