Det svenske nyheitsbyrået TT melder at den irakisk-assyrisk flyktningen, aktivisten og islamkritikaren Salwan Momika (38) er skoten og drepen. Drapet skal ha skjedd i kommunen Södertälje, vest for Stockholm, og skal ha vorte direktesendt på sosiale medium-plattforma TikTok, sjølv om svensk politi ikkje har stadfesta dette.
Momika vart eit kjent andlet i nabolandet i 2023 for å ha brent muslimane si heilage bok – koranen – ved fleire høve. I juni dette året trakka han på koranen og la bacon på den heilage boka utanfor Stockholm sin største moske. Berre dagar etter møtte han opp utanfor ein planlagt demonstrasjon utanfor den irakiske ambassaden i den svenske hovudstaden, der det også skulle føregå brenning av koranen.
Kva er bakgrunnen til den no avdøde islamkritikaren?
Kristen bakgrunn, var med i kristen-milits
38-åringen er fødd i Al-Hamdaniya i Nord-Irak, ein provins som er kjerneområde for assyrarane, som er ei kristen folkegruppe. Han skal ha kristen bakgrunn, fødd inn i ein katolsk familie, men har tidlegare sagt til Expressen at han ikkje er truande, men ateist. Dette har han også sjølv skrive på nettstaden X, der han har skildra seg som «ateist» og «liberal».
Ifølgje Aftenposten skal Momika ha vore med i fleire kristne militsar, og leia også sin eigen – Suqur Assyria i Irak. Han hamna også etter kvart i ein intern strid med ein kristen leiar, Rayan al-Kaldani. I 2017 vart Momika arrestert og sat i fengsel i 18 dagar.
38-åringen skal sidan dette ha vore aktiv i fleire politiske rørsler, og særleg ha vore motstandar av dei sjiamuslimske rørslene i kristen område i Irak. Ifølgje The New Arab var han sikta for fleire forhold i heimlandet.
Koranbrenning førte til diplomatkrise
Rett før den planlagde koranbrenninga utanfor den irakiske ambassaden i Sverige i 2023, utviste Iran den svenske ambassadøren i Bagdad. Dette førte til at den planlagde koranbrenninga vart stansa.
Koranbrenninga har ført til stor kritikk av Sverige, mellom anna frå Tyrkia. Dette vart også brukt som pressmiddel mot Sverige då landet ville inni NATO. Tyrkia sin president Recep Tayyip Erdogan truga med å ikkje godkjenne Sverige sin NATO-søknad så lenge landet tillèt koranbrenningar.
Sverige vart medlem av NATO 7. mars 2024.
Kvar gong eg brenn ein koran, seier eg at eg elskar muslimar, men eg elskar ikkje religionen deir
— Salwan Momika
Sa han brann koranen fordi han elskar muslimar
I 2023 sa Momika til SVT at han skulle slutte med koranbrenning.
– Eg har ofra mitt blod og min kropp for Sverige. No går eg ein annan veg, sa Momika då.
Han har sagt han meiner at Koranen bør bli forboden i Sverige, fordi han meiner boka oppfordrar til vald mot ikkje-truande.
– Kvar gong eg brenn ein koran, seier eg at eg elskar muslimar, men eg elskar ikkje religionen deira, har han tidlegare forklart til den svenske kanalen.
Søkte asyl i Norge, fekk avslag
Den kjente koranbrennaren søkte asyl i Norge i 2024, etter å ha blitt utvist frå Sverige.
– Eg er på veg til Norge. Sverige tar berre imot terroristar som bevilges asyl og givast vern, mens filosofar og tendere blir utvist, sa han til avisa Expressen då.
Han fekk avlslag på søknaden sin i Norge, og vart etter kvart sendt ut av landet. Momika meinte sjølv at det nærast var ein dødsdom å sende han tilbake til Sverige.
– Slike hendingar kan auke frykta for å ytre seg
– Er dette eit angrep på ytringsfridommen?
– Det veit vi først når vi har oversikt over omstenda rundt drapet, og mogleg motiv hos gjerningspersonane, skriv Anine Kierulf, ekspert på menneskerettar og ytringsfridom i Norden, til Vårt Land i ein e-post.

– Trur du dette kjem til å skremme andre koranbrennarar i Norden?
– Uansett kva som er grunnen til dette drapet, kan slike hendingar auke den frykta som allereie finst for å bruke si lovlege ytringsfridom på denne måten, seier ho.
---
Koranbrenning:
- I Norge og Sverige er koranbrenning lovleg, og vert rekna som ein del av ytringsfridommen.
- I Danmark og Finland, derimot, er hatbrenning av religiøse skrifter forbode.
- Koranbrenning i Norden har fleire gonger skapt sterke reaksjonar frå muslimske land – mellom anna Tyrkia og Irak.
- I Norge har SIAN (Stopp islamiseringen av Norge) brent koranen i samband med sine demonstrasjonar i fleire år
---