Nyheter

Teolog meiner det er naivt å tru at kyrkja i USA er eit politisk nøytralt rom

USA: KrF-leiar meiner Trump har godt av å bli utfordra, men forstår at appellen til Washington-biskop Mariann Budde kan bekymre nokon om kyrkja vert for politisk. Teolog meiner politisering av kyrkja ikkje er til å unngå.

I Politisk kvarter på NRK tirsdag 28. januar snakka KrF-leiar Dag-Inge Ulstein om verdiar, kriminalitet, abort – og ja – om kjønn.

Programleiar Håvard Grønli styrte intervjuet inn på at partileiaren ved fleire høve har sagt at det berre finst to kjønn, og at kjønnstematikken vart sett på spissen då Trump vart innsett som president.

Under presidentinnsetjinga av Trump som USA sin 47. president, erklærte Trump at USA frå no offisielt offisielle berre skal anerkjenne to kjønn – mann og kvinne. I den påfølgjande gudstenesta, overraska biskopen Mariann Budde med å tale direkte til Trump, og bad han om å vise barmhjertigheit overfor migrantar og skeive.

– Få rom som ikkje er polariserte

Ulstein vert spurt kven han meiner seier det viktigaste av president Trump og biskop Budde.

Partileiaren startar med å svare at kyrkja har ein tydleg bodskap om barmhjertigheit og det å stå opp for marginaliserte grupper – akkurat slik som Budde gjer. Han trur Trump har godt av å bli utfordra på retorikk og ordbruk, og det han kallar «ein nådelaus politikk».

– Men, eg les også med interesse kommentarar, ikkje minst frå prestar og biskopar som står veldig tett på Budde sin bodskap, som er bekymra for kva det her (Budde sin appell, red.anm) kan ha ført til. Det er så få rom som ikkje er polariserte, der ein på tvers av skillelinjene i amerikansk politikk møtest, seier Ulstein og held fram:

– Det kan vise seg at etter forbønshandlinga i samband med innsetjinga, at det rommet blir heilt annleis, at ein ikkje har den arenaen der ein kan møtast på tvers.

Vårt Land skreiv denne veka om at ein del kristne profilar i Norge viser støtte til Budde. Tidlegare biskop Tor B. Jørgensen meinte at Budde formidla sentral kristen kunnskap, og at appellen ikkje nødvendigvis var eit døme på politisering av kyrkja.

– Godt eksempel på politisering

– Er Budde sin appell eit eksempel på politisering av kyrkja?

– Ja, det syns eg. Det er eit godt eksempel på ei kyrkje som opptrer med ein politisk possision. Ho brukar sin eigen autoritet til å påverke makthavarane, seier Ragnar Misje Bergem, førsteamanuensis innan systematisk teologi, til Vårt Land.

Han meiner at spørsmålet ikkje er om det er eit eksempel på politisering, men om det er eit godt eller dårleg eksempel på dette.

For kyrkja har alltid vore politisk, både i europeisk og amerikansk kontekst, ifølgje Misje Bergem.

– I USA har ein eit klart skilje mellom stat og kyrkje, men politikken vert likevel påverka av at folket er sterkt bundne til religionen. Så sjølv om dei har eit skilje, spelar kristendommen ei viktig rolle i det politiske USA.

Satan i kirken, seminar på MF.

Ei høgare makt

– Det som er eit spennande aspekt ved Budde sin tale, er at ho viser til nåde, noko som er eit eksempel på at ho aktualiserer trua i politikken. Ho spør om nåde, altså ho minnar om at det finst ei høgare makt enn den politiske makta. Dette er typisk for kyrkjelege leiarar som talar til politikarar, seier teologen.

Han peiker også på at dette skjer rett etter det har vore to tilfelle av politisk benåding i USA – med Biden og Trump. Men at til skilnad frå desse, appellerer Budde sin appell og ønskje om nåde meir til velvilja og utan å leggje politiske føringar.

– Ho sa ikkje at kyrkja hadde svar på alle politiske spørsmål, men at kyrkja har eit ansvar. For mange er det eit viktig ideal for korleis kyrkja skal oppføre seg, seier han.

Meiner tanken om politisk nøytrale rom er naiv

Misje Bergem meiner Budde sin posisjon var god, og at appellen var kraftfull, men forsiktig på same tid. Han trur det først og fremst var ei bøn om nåde.

Men, slike bøner kan alltid tolkast med mistru, ifølgje teologen.

– At ho ber om beskyttelse, nettopp for minoritetar, blir gjort til symbol i ein kulturkrig. Bøna hennar om nåde blir umiddelbart tolka som eit radikalt progressivt standpunkt.

Misje Bergem meiner at først og fremst må kyrkja plikte seg til sitt eige oppdrag om å vise nestekjærleik, og tale for dei som ikkje kan.

– Det fremstår noko naivt å tru at det er mogleg å opprettholde politisk nøytrale rom i USA i dag. Når Trump driv massedeportasjon av immigrantar, finst det viktigare omsyn enn å bevare kyrkjas nøytralitet, seier han.

---

KrF i kjønnsdebatten

  • KrF står opp for ein biologisk og kunnskapsbasert forståing av kjønn, heiter det på partiet sine heimesider.
  • Fleire KrF-profilar, inkludert partileiar Dag-Inge Ulstein, har sagt at det berre finst to kjønn.
  • Partiet vil ha slutt på undervisning om kjønnsidentitet i skulen
  • Ifølgje utkast til stortingsprogram vil partiet arbeide for eit samfunn med plass til alle, og med rom for mangfald og annleisheit.

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter