Nyheter

Donald Trump vil eige Gaza: – Heilt umogleg å fatte

KRIGEN I MIDTØSTEN: Palestinske Mohammed Ahmed reagerte med vantru då han høyrde president Donald Trump seie at «USA skal eige Gaza». Han ser at håpet for fred minskar hos palestinarar i Gaza.

– Eg trudde eg høyrde feil. I starten oppfatta eg det som at han ville bygge opp att Gaza, og så la folk få komme tilbake. Men, så høyrde eg ordet «eige», seier palestinske Mohammed Ahmed til Vårt Land.

Ahmed er eigar av restauranten Habibi i Oslo, og er no i gang med dagens opning. Opphavleg er han frå Nuseirat på Gazastripa, men kom til Norge som flyktning i 1988.

Han held fram med å fortelje korleis han spola tilbake på TV-en for å høyre ein gong til kva president Donald Trump hadde sagt.

– Det er heilt umogleg å fatte at ein amerikansk president uttalar seg på denne måten. Samtidig er det ikkje første gong han brukar ein slik retorikk. I den siste tida har me også sett at han er ein trussel for Europa, seier restauranteigaren.

Mohammed Reza Habibi

Trump vil gjere Gaza til «riviera»

– USA vil overta Gazastripa, og me skal gjere ein jobb med den også. Me skal eige den. Og me skal vere ansvarlege for å fjerne alle dei farlige, udetonerte bombene og andre våpen på denne staden, sa Trump på ein pressekonferanse i Det hvite hus tirsdag 4. februar.

Vidare sa presidenten at han ikkje meiner palestinarar bør reise tilbake til Gaza, men busetje seg andre stader, og at USA vil sørgje for gjenoppbygging og økonomisk utvikling på Gazastripa. Han utelukka heller ikkje å sende amerikanske soldatar til palestinske område. Ifølgje Trump skal gjenoppbygginga skape gode økonomiske kår, og uavgrensa med bustadar og jobbar.

– Midtøstens Riviera. Dette kan bli så fantastisk, sa han på pressekonferansen.

Sterke reaksjonar på utspela

Leiarar i ei rekkje land har reagert på ytringane til Trump, mellom anna Frankrike og Storbritannia, som har understreka at dei er for ei tostatsløysing, og ein palestinsk stat skal styrast av palestinarane – ikkje av eit tredje land. Også Hamas har uttalt seg om Trum-utspela:

– Trumps kommentar om hans ønske om å kontrollere Gaza er latterleg og absurd, og alle slike idear kan sette regionen i brann, seier Hamas-talsmann Abu Zuhri til nyheitsbyrået Reuters.

Her heime har utanriksminister Espen Barth Eide gjort det klart at Gazastripa er palestinarane sitt land.

– Me må hjelpe til med å gjenoppbygge Gaza, men det må vere for palestinarane, sa Barth Eide (Ap) til NTB.

Netanyahu: Trump er Israels beste ven

Ved sida av Trump på pressekonferansen, stod den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu. Netanyahu var den første utanlandske leiaren til å besøke Det hvite hus etter at Donald Trump byrja sin andre periode som amerikansk president.

Utspela til Trump vart hylla av Netanyahu, som sa på pressekonferansen at Trump var «Israel sin beste ven nokonsinne».

På spørsmål frå ein AFP-journalist om kor optimistisk han var med tanke på å gå vidare til fase to av våpenkvila mellom Israel og Hamas, svarte Netanyahu «me skal prøve».

Søstera i Gaza: «Me klamrar oss fast»

Søstera og til Ahmed, og borna hennar, er i Gaza. Dei har nyleg reist tilbake til heimen dei flykta frå då israelske styrkjer inntok området. No bur dei i telt utanfor den bomba bustaden deira.

– Dei fortel om såra barn, dårleg økonomi og ei apatisk kjensle. Som eit mareritt ein ikkje vert vekkja frå, seier han.

Palestinske kvinner og barn kjemper for å få mat og vann. Situasjonen for gravide kvinner har vært ekstremt vanskelig under Israels krigføring mot Gaza, fastslår HRW i en ny rapport. Foto: Abdel Kareem Hana / AP / NTB

Ahmed har kontakt med familien i Gaza nesten dagleg, det kjem an på om dei har internett eller ikkje. Då han høyrte Trump tale på nyheitene, ringte han søstera med ein gong.

– Eg spurte kva dei synest om det Trump sa. Ho svarte at «me klamrar oss fast og kjempar for å vere her», fortel Ahmed.

For palestinarar gjev ordet «flytte» negative assosiasjonar, seier Ahmed. Mange forbind dette med 1948 og det palestinarane kallar «Nakba», eller katastrofa. I samband med at staten Israel vart oppretta dette året, vart over 750.000 palestinarar som budde i området drivne på flukt. Dei fleste av desse har enno ikkje returnert til heimlandet.

– Det er eit veldig sårbart tema for oss, seier Ahmed.

Skjør våpenkvile

Mens Trump og Netanyahu diskuterer Gazas framtid, er over 47.500 palestinarar drepne og over 100.000 skadde i israelske angrep sidan 7. oktober 2023. Ifølgje sivilforsvaret i Gaza ligg meir enn 10.000 døde kroppar under ruinane.

Etter 15 månader med krig trådte våpenkvila mellom Israel og Hamas i kraft søndag 19. januar. Avtalen er delt inn i tre fasar, der den første fasen, som me er inne i no, varer i 42 dagar. Det er framleis usikkerhet rundt fase 2 av avtalen.

Det verste er at ein har godtatt dette, at det blir normalen. Det er farleg.

—  Mohammed Ahmed

– Håpet byrjar å minke

Ahmed fortel at krig har blitt normalen for palestinarar. Sjølv ser han mørkt ideen om at våpenkvila mellom Israel og Hamas skal vare.

– Dei fleste palestinarar deler denne ideen med meg: «Med ein gong Israel og USA får vilja si, å få tilbake gisslane, byrjar krigen att». For oss er den einaste løysinga ei tostatsløysing, men det håpet byrjar å minske når ein ser kva utspel USA kjem med, seier han.

Ahmed seier han hadde håpa Europa skulle vere meir delaktig i å gå mot Netanyahu, og no Trump, men at dei i staden har fått mykje støtte i krigføringa si.

– Det verste er at ein har godtatt dette, at det blir normalen. Det er farleg, seier Ahmed.

---

Krigen på Gazastripa:

  • Over 47.000 palestinarar er drepne og over 111.000 er såra i israelske angrep på Gazastripa sidan oktober 2023 og Hamas-åtaket på Israel. Dette tilseier i gjennomsnitt rundt 100 drepne og nær 240 såra kvar einaste dag.
  • Rundt 70 prosent av dei drepne er ifølgje palestinske helsemyndigheiter barn og kvinner.
  • 90 prosent av Gaza sine innbyggjarar på 2,1 millioner har vorte internt fordrivne under krigen, og mange av dei har lite eller ingenting å vende heim til.
  • 15. januar vart Israel og Hamas einige om ei våpenkvile, fordelt på tre fasar, som trådte i kraft fire dagar seinare.

Kjelde: NTB

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter