– Eg vaknar kvar dag og takkar Gud for at eg lever.
Liudmyla Voloshyna smiler ofte og elskar å synga. No ser ho Grønland kyrkje i Oslo sakte bli fylt opp av slitne ansikt, mange av dei er hennar landsmenn.
– Mange her ventar på at krigen skal ta slutt. Dei vil heim.
Ho helser på dei som kjem inn. Dei fleste er eldre ukrainarar, pensjonistar pakka godt inn i tjukke jakker med kvar sin trillebag i handa.
Sist veke vart framtida til heimlandet deira diskutert på toppmøte langt unna. Samstundes prøver ukrainarane som er i Noreg, å leva sine liv.
Måndag 24. februar er det tre år sidan Russland starta ein fullskala krig mot Ukraina.

Ukrainarar i fleirtal i matkø
Mange av ukrainarane som benker seg i kyrkja denne fredagen, har vore oppe i otta. Først hentar dei ein kølapp framfor Fattighuset, som deler ut gratis mat. Så kjem dei til kyrkja for å korte ned ventetida med prat og varm saft.
– Dei siste ti åra har me halde kyrkja open i samband med matutdelinga på fredagar.
Det fortel diakon Signe Myklebust. Diakonkragen hennar stikk opp under ein varm ullgenser.
Ukraina og Russland har vore som ein familie. Om Trump er ein ærleg mann, og begge partar er einige, er fred det beste. Men ikkje om dei med makt skal bestemma over dei andre.
— Zina Helei Hamdard
Kyrkja har sett utviklinga i køen framfor Fattighuset på nært hald. Før var det eit større mangfald blant dei som stod i køen, mange var vanskelegstilte nordmenn og arbeidsinnvandrarar. No er det flyktningar frå Ukraina som dominerer.
– Etter krigen i Ukraina starta, kom det ført mange kvinner med små barn, dei var i ein heilt desperat situasjon. Dei to siste åra har ukrainske pensjonistar vore i fleirtal av dei som kjem hit, seier Myklebust.

Ser to grupper som kjem til kyrkja
Kyrkjebenkane begynner å fyllast opp med folk, med trillebagar parkert i midtgangen. Mange sit og ser litt stille framfor seg, nokon sjekkar mobilen.
Ukrainske born i Noreg har rett på plass i barnehage og skulegang. Dei vaksne mellom 18 og 55 år har rett på delta i introduksjonsprogram, som gjev pengestøtte.
Mange av dei som no kjem til kyrkja, fell utanfor desse ordningane. Dei er for gamle.
– Me ser to grupper ukrainarar blant dei som kjem til kyrkja: Dei resignerte og ulukkelege, og dei som er aktive og frivillige, seier Signe Myklebust.
For rundt to år sidan møtte ho Liudmyla Voloshyna. Det vart fort klart for henne at den ukrainske kvinna kunne bli ein ressurs for Oslo-kyrkja.

Vegen tilbake er lang for mange ukrainarar
Fram til Russland invaderte Ukraina, levde Liudmyla eit fredeleg liv i hovudstaden Kyiv. Ho arbeidde som dirigent og musikar.
Krigen har sendt henne på flukt. Etter nesten tre år i Noreg snakkar ho nesten flytande norsk. Her i Oslo dirigerer ho fleire kor, i tillegg til å ha ein 30 prosent stilling som diakonmedarbeidar i Grønland kyrkje.
– Eg er så glad for at eg har ein jobb å gå til, eit kor som eg dirigerer, at eg har dottera mi her.
51-åringen fortel at vegen tilbake til Ukraina verkar lang for mange ukrainarar. Spesielt for dei som har begynt å slå røter i det nye heimlandet.
– Dei eldre vil ofte heim, men det er annleis for yngre ukrainarar. Mange har barn som snakkar norsk, dei har jobbar. Då er det vanskeleg å reisa tilbake, det blir som å starta på null.
Halvparten vil bli verande i Noreg
Det same viser ny forsking frå universitetet Oslomet, som har sendt ut ei spørreundersøking og intervjua ukrainske flyktningar i Noreg.
Nesten halvparten – 47 prosent – seier dei ikkje vil reisa tilbake til Ukraina sjølv om krigen skulle ta slutt. Spesielt yngre og dei med barn under 18 år har mest lyst å bli verande i Noreg.
– Eg ser inga lukkeleg barndom for mitt barn i eit etterkrigsland. Det er trist å innrømme, seier ein av dei som vart intervjua av forskarane.
Fredssamtalar utan Ukraina
Framtida til Ukraina står på spel. Den siste tida er det komme fleire oppsiktsvekkjande nyheiter.
- Topp-diplomatar frå USA og Russland har møttest til fredssamtalar i Saudi-Arabia, medan Ukraina og resten av Europa ikkje har vore invitert.
- Avisa The Telegraph har fått tilgang til USAs krav om store delar av Ukrainas mineral-ressursar.
- USAs president Donald Trump har antyda at Ukraina starta krigen. Han har også kalla Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj for «diktator».

Det vanskelege spørsmålet om land
Korleis grensene skal sjå ut etter ein eventuell fred, er uklart. Kan Ukraina gå med på å gje frå seg landområde til Russland?
Når Vårt Land tek opp temaet i Grønland kyrkje, er det tydeleg at dette er vanskeleg for mange. Liudmyla Voloshyna får eit trist drag om augo.
– Ukraina har mista mykje land og menneske. Eg har familie som eg ikkje kan besøka, fordi områda er okkupert av russarane. Mange deler av Ukraina er i ein mellomsituasjon no, der alt er på vent.
– Dette er eit vanskeleg tema, samstemmer Zina Helei Hamdard. Ho er kommen til kyrkja for å tenna lys.
Ho har røter frå Afghanistan, men vaks opp i det som då var Sovjetunionen. Ho har budd både i ukrainske og russiske byar.
– Ukraina og Russland har vore som ein familie. Om Trump er ein ærleg mann, og begge partar er einige, er fred det beste. Men ikkje om dei med makt skal bestemme over dei andre.

Angrar på at Ukraina gav frå seg atomvåpen
– Det blir ikkje fred om Russland tek land frå Ukraina.
Det seier Vasil Slobodijanyk. Han står framme i kyrkja, nær alteret, og er ein røsleg type med djupe furer i ansikt.
Også han er dirigent, fortel han på ukrainsk, med Liudmyla Voloshyna som tolk.
Han finn fram mobilen og viser ein video der han står på eit torg i heimbyen i Ukraina og syng med malmfull røyst. Pengane han samla inn, sende han til den ukrainske hæren.
– Eg er for gammal til å vera soldat, men eg kan bruka stemma mi.
Han fortel om då Ukraina gav frå seg atomvåpen då Sovjetunionen vart oppløyst. Dette var del av det sokalla Budapest-memorandumet frå 1994, der Russland, Storbritannia og USA forplikta seg til å respektera Ukrainas sjølvstende og grenser.
– Ukraina gav frå seg atomvåpen som garanti for fred. I dag er eg trist over at Ukraina gjorde dette.
– Songen hjelper oss
Lyden av trekkspel og ukrainske folketonar løftar seg optimistisk mot kyrkjetaket.
Vasil Slobodijany står med hendene heva og notane framfor seg. Han har sett i gang dagens korøving, med det ukrainske koret Tranebær.
Etterpå seier han:
– Songen hjelper oss. Me er i lag, me slepp å sitta åleine, lesa nyheiter og gråta.

Byter kølapp mot ein pose med mat
Klokka nærmar seg elleve. Folk går ut av kyrkja og ut i februarkulda. Hundrevis av menneske har samla seg på plassen mellom Grønland kyrkje og Politihuset. Nokre står i kø, andre har sett seg til på benkar rundt om.
Køen kveiler seg sakte framover, til dei frivillige i Fattighuset som er kledd i rosa vestar. Dei står ved nokre pallar med mat og drikke. Dei som står i kø, kan byta kølappen mot ei handfull mat frå pallen, før dei blir sendt over gata, til inngangen til Fattighuset.
Der får alle utdelt ein pose kvar med mat. Dei frivillige fortel at dei deler ut rundt 400 posar kvar utdeling, men før jul var talet oppe i 1.000. Maten får dei frå Matsentralen.
I posane i dag er det varer som potet, Waldorfsalat, kalkun og ferdig oppkutta grønsaker.

Felles påske med ortodokse
Tilbake i Grønland kyrkje er det blitt stille. Liudmyla Voloshyna står ved utgangen og smiler. Ho har fått møtt mange frå heimlandet, fått nyheiter og oppdateringar, gjeve trøyst og råd.
– Denne kyrkja er blitt ein viktig sosial møteplass for ukrainarar.
Ho fortel om ei hending ho gler seg ekstra mykje til. Alt starta med eit møte med ein ukrainsk prest, i fjor sommar då ho var på besøk i heimlandet.
– Presten fortalde at i 2025 blir påsken feira på same dato for katolikkar, lutheranarar og ortodokse.
Sidan ein bruker den julianske kalenderen i den ortodokse kyrkja, er ikkje det ofte dette skjer.
Då fekk Liudmyla ideen om å arrangera ein felles påskekonsert i Oslo. Konserten blir halden i Grønland kyrkje søndag 27. april klokka 18.00.
Her stiller kor som øver i Grønland kyrkje, mellom dei eit kor som Liudmyla dirigerer.
– Det blir både ukrainske folketonar og gregoriansk song. Eg håpar mange vil koma og feira denne fellesskapen, avsluttar ho.
---
Ukrainarar i Noreg
- 24. februar 2022 gjekk Russland til fullskala invasjon av Ukraina.
- Sidan då er det kom 92.000 ukrainarar til Noreg.
- Ved starten av krigen fekk ukrainske flyktningar rett til mellombels kollektiv vern i Noreg. Etter kvart har fleire fylke blitt unnateke denne ordninga.
- Ei undersøking viser at nesten halvparten av dei spurte flyktningane – 47 prosent – seier dei ikkje vil reisa tilbake til Ukraina sjølv om krigen skulle ta slutt.
---