Nyheter

Biskop Budde: – Saman kan me alle vere modige

USA: Washington-biskopen takkar for all støtta ho har fått etter at Donald Trump og folka hans gjekk til verbalt åtak på ho etter gudstenesta i samband med innsetjinga av Trump.

– Takk, eg kan ikkje uttrykkje kor mykje det betyr for meg å ha fått brev, telefonar, meldingar, gåver, støtte og oppmuntring. Eg er overtydd om at det er ei ånd med kjærleik og godheit i landet vårt som strøymer gjennom oss alle, seier Washington-biskop Mariann Budde i ein video publisert på instagram-kontoen hennar.

Budde fortel at ho har vore vekke frå sosiale medium ei stund etter den mykje omtalte gudstenesta under presidentinnsetjinga i januar.

Talte imot Trump

Washington-biskopen gjorde nemleg noko som overraska mange. Under preikinga si vende ho seg direkte mot Trump på første rad og bad han om å vise nåde mot skeive, transpersonar og migrantar.

Dette fell ikkje i god jord hos den nyinnsette presidenten, og ikkje lenge etter skreiv Trump på sin eigen sosiale medium-plattform Truth Social:

«Den såkalla Biskopen som snakka på the National Prayer Service tysdag morgon var ein Radikal Venstre hardbarka Trump-hatar».

Budde på si side nekta å beklage for det ho hadde sagt, og fekk støtte frå mange hald. Ho vart omtalt av aviser og medium verda rundt som «den modige biskopen». Andre meinte ho hadde gått for langt og at ho hadde drege politikk inn i kyrkja.

– No er tida for å stå saman

Budde seier i Instagram-videoen at det no er tid for å stå saman og ta mot til seg.

– Me må lære saman korleis me skal vere modige og halde fast i det som er bra med oss og med landet vårt, seier ho.

Ho trur det er viktig å hugse at ein aldri er åleine, og at ein byter på å vere sterk for dei som ikkje kan.

– Gud vil virke gjennom oss for å skape den type samfunn og den type samhald me fortener og som me vil gi vidare til dei som kjem etter oss, og seier til slutt:

– Ta vare på dykk, ver modige og hugs: saman kan me alle vere modige.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter