Nyheter

Israel-vener har brukt nesten 300.000 på vakthold. Blir avviste i departementet

SØKJER STØTTE: Med Israel For Fred seier dei blir plaga av «truende mobb». Organisasjonen leiger inn vektarar til å vakte møter.

– Det burde ikkje vore nødvendig i eit land med ytringsfridom og organisasjonsfridom at vi må bruke nesten 300.000 kroner for å verne våre deltakarar på arrangement, seier Conrad Myrland til Vårt Land.

Han er dagleg leiar i organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF). Nå har han søkt Justisdepartementet om økonomisk støtte til vektarrekninga.

Men departementet sender MIFF vidare til eit statleg tilsyn.

Kritiske til politiet

Etter Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023 og Israels krig mot Hamas i Gaza har det offentlege ordskiftet vore hardt i Norge.

Med Israel for fred skriv i eit brev til Justisdepartementet at dei opplever at tryggleiken rundt deira aktivitetar ikkje er god nok.

MIFF opplyser at fleire av organisasjonens møter og arrangement har vorte truga, eller forstyrra av det dei kallar «en høylytt og truende mobb av ekstreme aktører».

Organisasjonen er kritiske til at politiet har tillate «støyende og truende motdemonstranter» nær deira deltakarar, og at deira markeringar har vorte «overdøvet og kraftig forstyrret». Også etter dialog med politiet, har MIFF opplevd trakassering og skremsel knytt til arrangement sommaren og hausten 2024, skriv dei.

STØTTE

Brukt store summar på tryggleik

Den Israel-vennlege organisasjonen nemner hendingar som steinkasting mot MIFF-markering i Stavanger i mai 2024, og det dei skildrar som «skremmende og intimiderende» motdemonstrasjonar mot MIFF-møter i Oslo, Bergen og Stavanger.

MIFF meiner organisasjonen kan vere eit mål for ekstremistar som er ute etter israelske eller jødiske mål. Dei peiker også på at israelarar eller jødar stundom deltek på arrangementa deira.

Som følgje av dette har MIFF leigd inn vaktselskap på fleire arrangement og møter etter 7. oktober 2023.

«Dette har vært nødvendig både for å heve deltakernes opplevelse av sikkerhet og for å koordinere sikkerhetsarbeidet med politiet. Men først og fremst har det vært nødvendig fordi utleiere av lokaler krever slikt ekstra vakthold for at MIFF i det hele tatt skal få leid og avholdt våre arrangementer», skriv MIFF i brevet til departementet.

MIFF fortel at ekstrakostnadane til tryggleik vil vare ved.

«Misbrukar sin ytringsfridom»

I ein periode på 15 månader har organisasjonen brukt totalt 298.432 kroner på tryggleik i samband med 11–12 arrangement. Dette har ført til ei stor økonomisk belastning for organisasjonen, skriv dei.

– At de brukar nesten 300.000 kroner på tryggleik ved møter og arrangement – kva seier dette om debattklimaet?

– Det er eit resultat av eit debattklima der politiet har latt aggressive provokatørar skrike, filme, forstyrre og trakassere like ved våre arrangement. Det er svært alvorleg at nokre aktørar misbrukar sin ytringsfridom til å kneble og hindre andres grunnlovfesta ytringsfridom, seier Conrad Myrland.

No meiner MIFF at staten må ta vektarrekninga.

Departementet: Søk støtte annan stad

Jonas Leirset, avdelingsdirektør i Justisdepartementet, svarer i ein e-post til Vårt Land at det per i dag ikkje er ordningar under departementet som kan nyttast til den typen støtte MIFF spør om.

Han ber MIFF heller kontakte Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Leirset understrekar at politiets tryggingstiltak er baserte på det gjeldande trusselbiletet – og at politiet samarbeider tett med PST:

«Vurdering av sikkerhetssituasjonen rundt de jødiske interessene er i en kontinuerlig prosess, herunder iverksetting av polisiære sikkerhets- og beskyttelsestiltak for å øke sikkerheten. Ved politiske markeringer eller demonstrasjoner har politiet i oppgave å ivareta ro, orden og sikkerhet samt legge til rette for at alle som ønsker det får ytre seg», skriv han.

---

Med Israel for fred (MIFF)

  • Medlemsorganisasjon som vart etablert i 1978.
  • MIFF støttar Israel og vil at landet skal vere ein stat der fleirtalet av befolkninga er jødar.
  • Har i dag rundt 15.000 medlemmar i Norge, ifølgje organisasjonen sjølv.

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter