– Det er ingen dramatikk i dette. Eg sluttar fordi eg har fått ein veldig spanande ny jobb.
Bård Vegar Solhjell møter Vårt Land på det fasjonable hotellet Sommerro på Oslos vestkant. Det er onsdag og han har akkurat fortalt leiargruppa i Norad at han gjev seg som direktør. Han skal over til ny toppjobb i Fornybar Norge.
Det skjer mindre enn to månader etter at USAs president Donald Trump har starta nedslaktinga av Norads søsterorganisasjon – USAID. Fleire tusen tilsette er sagt opp og utbetalingar til humanitær hjelp er stoppa.
Det gjev ikkje Solhjell dårleg samvit.
– Norad er ein sterk organisasjon, som er blitt langt større og meir effektiv dei siste åra. Det er fellesskapen og fagkompetansen som driv Norad vidare, ikkje eg.
– Du er ikkje redd for at det skal sjå ut som du forlet eit synkande skip?
– Nei. Norad er eit skip i større fart enn før, og meir solid. Det er trygt å vita at eg no kan forlata Norad, og at ein annan kaptein kan ta over.
Om Vesten kuttar i bistand, kan det bli eit meir konfliktfylt forhold mellom Vesten og resten av verda.
— Bård Vegar Solhjell, avtroppande Norad-sjef
To åtvaringar og ei bøn frå Solhjell
Norad er eit direktorat som forvaltar størstedelen av statens bistandspengar, og har i år eit budsjett på rundt 30 milliardar kroner.
Den tidlegare SV-politikaren Bård Vegar Solhjell har vore direktør for Norad sidan 2020. Rett før jul i 2023 vart åremålsstillinga hans forlenga til ut 2029.
Men no er det altså stopp. På veg ut døra har den avtroppande Norad-sjefen to åtvaringar og ei bønn:
- Om Europa droppar bistand til fordel for meir forsvar, kan det skapa meir konflikt med «Vesten mot resten».
- Kina og Russland kan bygga seg store ved hjelp av bistand, og truga den liberale verdsordenen.
- Solhjell ber norske stiftelsar om å opna pengesekken for verdas fattige.
Musk fører an i korstoget mot bistand
Trumps venstre hand – rådgjevar Elon Musk – har leia angrepet mot amerikansk bistand. I starten av februar skreiv han på plattforma X: «Brukte helga på å fôra USAID til flisehoggaren. Kunne ha gått på fest, men gjorde det i staden.»

– Det me ser i USA er ein nedbygging av statskapasiteten i landet. Det skjer enormt fort, og med store diskusjonar om det er lovleg, seier Solhjell.
Han meiner USAID no ser ut til å forsvinna som institusjon.
– At det blir null bistand frå USA i framtida, trur eg er urealistisk. Men det går føre seg eit fundamentalt forsøk på å bygga ned systema som gjer at USA kan gje bistand.
Spår meir konflikt mellom Vesten og resten
USAs tilbaketrekking har sendt sjokkbølgjer i Europa. Torsdag var EU-toppar samla for å diskutera korleis dei kan auka investeringane i forsvar.
Solhjell åtvarar mot å prioritere ned bistand i denne situasjonen.
– Om Vesten kuttar i bistand, kan det bli eit meir konfliktfylt forhold mellom Vesten og resten av verda.
Storbritannia varsla nyleg at ei auke i forsvarsbudsjettet vil bli finansiert gjennom bistandskutt. Bistand blir ofte målt i prosent av eit lands bruttonasjonalproduktet (BNP). Storbritannia har tidlegare gjeve 0,7 prosent av BNP til bistand, no er talet nede i 0,3.
Også Nederland og Sverige har kutta i bistand. Med dette bakteppet vil ikkje Solhjell kritisera nivået på norske bistandsbudsjettet.
– Det er viktig å huske at Noreg no er eit av to land som gir éin prosent av BNP. Det er mest riktig å seia at Noreg per no er ein raus bidragsytar internasjonalt.

Åtvarar mot Kina og Russland
Om ikkje Europa kjem på banen for å demma opp for amerikanske bistandskutt, står andre land klare. Solhjell åtvarar mot korleis land som Kina og Russland kan utnytta situasjonen.
– Desse landa kan gje meir bistand og slik sikra seg meir støtte internasjonalt. Om Vesten let det skje, er det sikkerheitspolitisk uklokt og helt i strid med våre interesser.
Han utdjupar:
– I ei verd der Russland og Kina står sterkare, er det ganske sikkert at det er vanskelegare å få gjennomslag for demokratiske prinsipp og menneskerettar.
Bistanden frå Kina kan minna om korleis bistanden frå Vesten var for 50 år sidan.
— Bård Vegar Solhjell
Som Norad-sjef har han høyrt mykje kritikk mot den framveksande stormakta Kina sin bistandspolitikk.
– Bistanden frå Kina kan minna om korleis bistanden frå Vesten var for 50 år sidan. Dei gjev mykje støtte i lån, som var populært i starten, men som nå har økt gjeldsbyrda i Afrika monaleg. I tillegg gjev dei ofte bistand ved å fly inn kinesiske arbeidarar. Sånt gir lite lokal effekt.
Mat rotnar på lager i Sudan
USAID-kutta får store konsekvensar, for USA har tradisjonelt finansiert rundt 40 prosent av all humanitærhjelp i verda.
Solhjell trekker fram Sudan som eit døme. Krig har sendt millionar på flukt og FN anslår at rundt 24 millionar menneske er avhengige av matvarehjelp utanfrå.
– Sudan står i kanskje den verste katastrofen i verda akkurat no. USAID har finansiert nesten halvparten av den humanitære hjelpa til landet. No er det ingen ifrå USAID i landet lenger, og mat rotnar på lager. Det er mangel på helsehjelp.
Solhjell meiner kutta er u-amerikanske.
– Bistand har hatt ganske tverrpolitisk oppslutning i USA i 70 år. Mange av de store satsingane, som for global helse og mot Aids, var det republikanske George Bush Jr. som sto for.

Ber norske stiftelsar demma opp for Trump
Medan USA trekker seg tilbake, trur Solhjell at private stiftelsar kjem til å spela ei større rolle. Han peikar på Gates Foundation som eit etablert døme, med eit budsjett som langt overgår norsk bistand. I tillegg kjem stiftelsar til nordiske selskap som Novo Nordisk, Lego og Ikea.
Den avtroppande Norad-sjefen håper også norske stiftelsar kjem på bana i internasjonal bistand.
– Dei største norske stiftelsane brukar mest pengar i Noreg. Eg tenker det hadde vore fornuftig at norske stiftelsar diskuterte å bruka meir pengar utanlands, på dei store globale utfordringane. Noreg er eit internasjonalt orientert land.
Mellom dei største stiftelsane i Noreg finne ein Gjensidigestiftelsen, Sparebankstiftelsen og Olav Thon Stiftelsen.
---
Bård Vegar Solhjell
- Utdanna statsvitar, fødd i Kristiansand.
- Tidlegare politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV). Har vore stortingsrepresentant og parlamentariske leiar og SV, og statssekretær, kunnskapsminister og miljøvernminister i Stoltenberg II-regjeringa.
- Han har gjeve ut tre bøker: Solidaritet på ny (2011), Sjakk – ei kjærleikshistorie (2014) og Uro. Ei historie om Noregs framtid (2017).
- Sidan 2020 har han vore direktør for Norad. No går han av, for å bli leiar for Fornybar Norge, ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for fornybarnæringa.
Kjelde: Store Norske Leksikon
---