HJELMELAND: – Eg er van med å vera aktiv. Eg er van med å engasjera meg.
Magnhild Meltveit Kleppa kunne kvilt på laurbæra etter mange år i toppolitikken, men som pensjonist har den tidlegare ministeren og fylkesmannen teke på seg tillitsverv i den lokale kyrkja på Hjelmeland. No er ho inne i andre runde i soknerådet. Der er ho leiar.
– Kvifor ville du ta eit slikt verv?
– Eg likar det. Eg er ikkje typen som set meg i ro med eit strikketøy. Kyrkja har vore ei forankring for meg alle dagar, ikkje minst då eg var travelt engasjert politisk. Når eg var heime på sundagane, var eg innom kyrkja. Her er det gudsteneste jamt over kvar tredje sundag.
Då mannen Arne gjekk ut av soknerådet, der han hadde vore leiar, gav han kona beskjed: «No er det din tur».
– Han visste nok at eg kom til å engasjera meg i noko uansett. Så eg var lett å be om å stilla på lista.
Eg er ikkje typen som set meg i ro med eit strikketøy
— Magnhild Meltveit Kleppa
Ho har hatt eit av dei høgaste tillitsverva ein kan ha i dette landet: Stortingsrepresentant og statsråd. Bak seg har ho 20 år som toppolitikar – minister i tre departement i to regjeringar og parlamentarisk leiar for Senterpartiet i to år. På slutten av yrkeslivet var ho fylkesmann (no statsforvaltar. red. merkn.) i Rogaland.

Men den politiske karrieren starta i Hjelmeland kommunestyre og heldt fram i fylkespolitikken, før ho hamna på Stortinget.
Gjennom dei store stovevindauga til 70-talsvillaen i bustadfeltet Puntsnes har Magnhild Meltveit Kleppa god utsikt over heimbygda. Ferja frå øya Ombo på andre sida av fjorden sig sakte inn på Hjelmelandsvågen. I denne bygda har Magnhild Meltveit Kleppa vakse opp. Etter å ha utdanna seg som lærar vende ho attende, gifta seg og bygde hus.
Alt papiret forskrekkar
– Det er ein viss skilnad mellom å sitja ved kongens bord og i soknerådet?
– Eg tykkjer det er godt å ha den erfaringa eg har i botnen, ikkje minst kjenne til avgjerdsprosessar. Dessutan synest eg det er veldig fint å læra kyrkja nærare å kjenna frå innsida.
Alle høyringane i Den norske kyrkja kan irritera henne. Når soknerådets fremste oppgåve er å «næra og verna om det kristne livet i soknet», finst det viktigare ting enn å svara på høyringar.
– Alt i alt er det forskrekkeleg mykje meir papir enn eg førestilte meg då eg sa ja til dette. Oi, oi, oi!
---
Magnhild Meltveit Kleppa
- 76 år
- Frå Hjelmeland i Ryfylke.
- Utdanna lærar.
- Har vore stortingsrepresentant for Senterpartiet i fleire periodar.
- Har site i regjering som sosialminister, kommunal- og regionalminister og samferdselsminister.
- Var fylkesmann før ho blei pensjonist i 2019.
---
Tunneldronninga
Ho innrømmer at ho er ein utålmodig rådsleiar og nokre gonger skjer fort gjennom. Drøftingar er naudsynt, men kvinna som er kjend for å snakka om «jønågång» meiner det får vera grenser. Ho vil ha framdrift – gjennomføra og gå vidare.
Vårt Lands medarbeidarar har fått erfara kva ho snakkar om. På veg frå Stavanger til Hjelmeland i Ryfylke har vi køyrt gjennom Ryfast. Den undersjøiske tunnelen er eit minnesmerke over Magnhild Meltveit Kleppas gjennomføringsevne. Ikkje i soknerådet, men som samferdselsminister.

– Eg må nok gje rett til dei som seier at om ikkje eg hadde vore samferdselsminister, så hadde det ikkje vorte noko av Ryfast. I alle fall ikkje då, seier ho ubeskjedent.
Den nesten fem kilometer lange Svotunnelen, som går forbi eit rasutsett område på Ryfylkevegen til Hjelmeland, er òg hennar forteneste.
Brødbaking som terapi
Kvar kjem denne viljen til å ta på seg ansvar frå?
Ho var eldst av fire sysken. Det er den enklaste forklaringa. Hjelmeland har namnet sitt frå det vesle fjellet Hjelmen, over sentrum i bygda. Her måtte unge Magnhild stadig klatra opp for å samla saman sauene og jaga dei heim.
– Eg tytte det var kjekt, ja. Følgde far ute på garden med mykje arbeid. Di meir han skrytte, jo meir arbeidde eg.
I ungdomsforeininga og på bedehuset fekk ho oppgåver og ansvar. Ein del av forklaringa hennar er òg det kristelege skulelaget på Bryne der ho gjekk på gymnas. Laget Credo hadde fleire hundre medlemmer. Der fekk ho leiartrening. Og vart leiar.
– Det var eit slags drivhusmiljø, men eg fekk med meg ein god ballast.
Vegen heim var dessutan lang, så ho fekk lære å klare seg åleine på hybelen hjå tanta på Klepp.

Gjekk sint inn i politikken
Men inn i politikken skulle ho ikkje. Kvifor hamna ho der likevel?
Ho vart med i husmorlaget då dei ville få bygd den fyrste barnehagen i bygda, eit høgst politisk prosjekt. Men det var FNs kvinneår i 1975 som verkeleg tente engasjementet hennar. Formannskapet sette opp 20 menn som teljekorps til kommunevalet, utan å ta omsyn til at det var kvinnenes år. Ho skreiv sitt fyrste lesarinnlegg – eit temmeleg syrleg eit.
– Eg gav honnør til formannskapet for ikkje å ta slike smålege omsyn, men som tok dei 20 mennene dei syntest passa best.
Dermed melde ho seg inn i Senterpartiet og vart ei av fire kvinner i kommunestyret i 1979, fire år etter. Det var fyrste gongen det var meir enn ei kvinne innvald i kommunestyret.
– Nokre såg på oss som ein trussel, og vi oppførte oss nok slik òg, seier ho og smiler breitt.
Nokre såg på oss som ein trussel, og vi oppførte oss nok slik òg, seier ho og smiler breitt
— Magnhild Meltveit Kleppa

– Eldre går glipp av noko
– Korleis kan eldre vere ein ressurs for kyrkja?
– Mange har som kristne ei erfaring dei kan dele, til dømes fem minutt i ei gudsteneste eller konfirmantgruppe. Sjølv har eg snakka kort om kvifor altertavla i kyrkja vår gjer meg glad. Eg trur dessutan at mange fleire besteforeldre, tanter og onklar kan vere med på å praktisk leggje til rette for barne- og ungdomsgrupper. Det vil bidra til betre kontakt mellom generasjonane.
Eldre som ikkje engasjerer seg, går glipp av noko, meiner ho: Kjekke opplevingar, fellesskap, meiningsfulle syslar.
– Mange eldre ville hatt ein mykje meir meiningsfylt kvardag om dei for eksempel hadde hatt eit verv eller tre. Høyrer du kva eg seier, Arne? spør ho og ler mot mannen Arne Kleppa som kjem inn etter ein fleire timars tur med turlaget.
– Eg har høyrd det før, svarar ektemannen.
Mange eldre ville hatt ein mykje meir meiningsfylt kvardag om dei for eksempel hadde hatt eit verv eller tre
— Magnhild Meltveit Kleppa
– Det er gode høve for eit godt liv for eldre i dag. Andre grupper er meir forsømde. Eg trur det er viktig at vi eldre engasjerer oss for at dei yngre skal ha eit godt liv, seier kona.
Arne Kleppa har berre tid til ein kort stogg før han kler seg i båtklær og dreg på fjorden for å setja garn. 80-åringen har ikkje tid til å smaka på baksten kona har sett på bordet. Bakinga var ei form for terapi då ho var samferdselsminister. Mykje måtte ut av kropp og sinn etter ei tøff veke i regjeringa.
– Du kan berre førestilla deg kor nydeleg det var å koma heim her og elta ein brøddeig. Alltid seks brød om gongen.

Pensjonistar overtok gudstenesta
Leiaren i soknerådet tek oss med til kyrkja. Ho vaks opp med kyrkja og bedehuset som næraste nabo. Foreldra forpakta prestegarden frå det som heitte Opplysningsvesenets fond. Difor vart det eit av dei fyrste orda ho lærte. Husa på garden er borte, og på markene står det no ulike bygningar.
Vi går over gravlunden, som har blitt utvida sidan Magnhild Meltveit Kleppa sprang her som barn. Ho ser bortom grava til foreldra som ligg omtrent der mora hadde jordbæråker.
Hjelmelandskatedralen frå 1858 er ei romsleg trekyrkje med eit nytt altarbilete av Tor Lindrupsen i 2007. Her tek pensjonistane sine tak. Fire av dei seks medlemane i soknerådet, utanom presten, er pensjonistar. Då Magnhild Meltveit Kleppa fekk høyre at det vart lyst messefall – at ei gudsteneste måtte avlysast – tok ho ansvar. Pensjonistane gjennomførte gudstenesta. I kyrkjebenkane sat Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy, som har hytte på Hjelmeland.
Biskopen hugsar gudstenesta:
– Det var nydeleg å vera kyrkjegjengar i den gudstenesta. Dei gjennomførte på ein ryddig og fin måte, seier Ådnøy til Vårt Land.
– Korleis kan eldre frivillige vera ein ressurs når bispedøma får strammare økonomi?
– I det økonomiske kan vi utfordre til å bli faste givarar. Vi må elles sjå på korleis det aukande talet eldre kan verta engasjert. Når eldre vert spurde om kva som gir livskvalitet peikar meiningsfulle dagar seg ut. Det er difor ein vinn-vinn-situasjon om menneske som både har tid og erfaring får brukt ressursane sine i kyrkja, seier biskopen.

Homofil son utfordra
Magnhild Meltveit Kleppa har ikkje i alt levd opp til forventingane hjå delar av kristenfolket. Nokre vona at ho skulle gå inn i Kristeleg Folkeparti, ikkje Senterpartiet. Dei fekk ei tydeleg melding:
– Altså, den blandinga av andakt og politikk som dei heldt seg til, den var ikkje aktuell for meg. Eg sa til dei at «den dagen kan kome då de kan vere glade for at det finst kristne folk også i andre parti».
Altså, den blandinga av andakt og politikk som dei heldt seg til, den var ikkje aktuell for meg
— Magnhild Meltveit Kleppa om kvifor ho ikkje ville gå inn i KrF
I juni 2008 støtta ho den nye ekteskapslova som gav homofile rett til å gifta seg. Sonen Håvard var homofil, og det utfordra henne. Lenge var ho mot lovforslaget, men ho samtalte med sonen.
– Eg merka på Håvard at det ikkje var så enkelt.

VG maste om å få intervju medan andre medium respekterte at ho trong tid til å tenkja seg om. Politisk ville standpunktet hennar ikkje endra så mykje, for loven ville uansett få fleirtal på Stortinget. Om ein kristen minister snudde ville likevel vera oppsiktsvekkjande.
Ho snudde. Den nye ekteskapslova fekk til slutt hennar støtte.
Kritikken kom. «Magnhild Meltveit Kleppa har brote med Guds ord», stod det i Dagen.
– Korleis opplevde du desse skuldingane?
– Eg har aldri angra. Ei setning var god for meg: Gud er betydeleg rausare enn bakkemannskapet.

Overraska av stor støtte
Den store overraskinga var alle støtteerklæringane ho fekk. Folk stogga henne på gata, tok henne i handa og sende brev.
– Breva om at eg kom til å brenne her og der – det var ei lita bunke samanlikna med støttebreva som eg fekk fleire hundre av. I fleire år.
Breva om at eg kom til å brenne her og der – det var ei lita bunke samanlikna med støttebreva som eg fekk fleire hundre av
— Magnhild Meltveit Kleppa om då ho støtta ny ekteskapslov
– Kva har dette gjort med tilhøvet ditt til kyrkja?
– Eg har nok vorte meir romsleg og fått større forståing for at vi er ulike og må bli behandla som dei vi er. Samstundes har ikkje mitt grunnleggjande kristne syn endra seg. Då ein kjent teolog døydde, fortalde sonen i gravferda at farens teologi til slutt var samansett av fire ord: «Han døydde for meg». Det er sterkt og godt å ha med seg.
Magnhild Meltveit Kleppa var spent på om standpunktet til ekteskapslova ville slå ut då ho stilte til val i soknerådet.
Ho fekk flest stemmer av alle kandidatane. I begge dei siste kyrkjevala.
