Nyheter

Kaptein Eli tilhøyrer jødisk minoritet

VM-KVALIFISERING: Når Norge spelar mot Israel tysdag, møter dei eit landslag som blir leia av ein spelar av det uvanlege slaget. Eli Dasa heiter han

I Norge lyder boikottropa, men både Fotballforbundet, Uefa og Fifa er samde: Norge skal spele VM-kvalifiseringskampane mot Israel.

Tysdag spelar Israel VM-kvalifiseringskamp mot Norge på nøytral grunn – i Debrecen i Ungarn.

Før kampen har fleire norske spelarar kome med fråsegner om stoda i Gaza, som blir råka av nye israelske åtak.

På pressekonferansen måndag kommenterte Israels lagkaptein Eli Dasa utspela slik:

– Alle må få lov til å sei kva dei vil, og eg vil ha mi mening. Nordmenn er eit godt folk - eg har møtt mange av dei i karrieren min, men eg ville forklart det meir frå israelsk side. Eg vil kanskje ha lytta til dei, men eg bryr meg ikkje så mykje om kva dei seier.

Eli Dasa ble matchvinner da Israel vendte til 2-1-seier over Estland. Foto: Denes Erdos, AP / NTB

Har aldri signert arabisk spelar

Elazar «Eli» Dasa har ein uvanleg fotball-cv.

32-åringen debuterte på aller øvste nivå i Israel i 2010: Han drog på seg den gule drakta til storlaget Beitar Jerusalem som spelar heimekampane på Teddy stadion i Jerusalem.

Beitar Jerusalem er kjent for at klubben aldri har signert ein arabisk spelar – og for ei ekstrem ytre høgre-gruppe med supportarar, kjent som La Familia, som høglydt hetsar muslimske spelarar i den israelske ligaen. La Familia protesterer også kraftig kvar gong klubben har lufta tankar om å kjøpe utanlandske spelarar som er muslimar.

Svidde av klubbhuset

Då klubbleiinga i 2013 henta inn to nye spelarar som skulle forsterke laget, fall valet på to tsjetsjenarar. La Familia provoserte israelarar langt utanfor fotballen då dei heiste eit gult banner på Teddy stadion med teksten «Beitar vil alltid vere rein».

Dei to tsjetsjenarane var muslimar.

Då Zaur Sadayev sette inn sitt første mål i svart og gul Beitar-drakt, svarte medlemmer i La Familia og mange andre tilhengjarar med å gå frå heimekampen. Då Gabriel Kadiyev debuterte blei han møtt av skjellsord. Kvar gong han kom nær ballen fekk han rasistiske tilrop. Signeringa av dei to muslimane fekk også La Familia til å setje fyr på klubblokala, slik at umistelege klubbskattar blei svidde av.

Då Israel spelte EM-kvalifiseringskamp på Teddy stadion i 2023, blei landslagsspelar Mohammed Abu Fani bua ut og kalla «terrorist». Han er israelsk araber.

En del av tilhengerne til den israelske fotballklubben Beitar Jerusalem er kjent for antimuslimsk og antiarabisk rasisme. Bildet er fra en hjemmekamp i 2013, en sesong da to muslimske Beitar-spillere fra Tsjetsjenia ble utsatt for grov hets fra supportergruppen La Familia. (Foto: Bernat Armangue/Ap)

Valde Russland - etter invasjonen

Eli Dasa gjekk i 2015 til Maccabi Tel Aviv, eit anna israelsk storlag. I 2022 valde han å flytte utanlands. Dasa blei proff i Russland – eit halvt år etter at Russland invaderte Ukraina.

Han spelar framleis på eliteserieklubben Dynamo Moskva.

Tilhøyrer jødisk minoritet

På eit anna fotballområde er han ein pioner.

Eli Dasa er den første landslagskapteinen med etiopisk-jødisk bakgrunn.

Beta Israel er ei jødisk folkegruppe som budde i høglandet i Etiopia. Dei blei tidlegare omtala med det etiopiske ordet falashas – dei framande – men ordet blir oppfatta som diskriminerande av dei det gjeld, og blir i dag lite brukt.

Frå 1980-åra og fram til i dag har dei aller fleste etiopiske jødane reist til Israel. I starten blei dei henta til landet i ei enorm luftbru.

Ein reknar med at i Israel i dag har kring 140.000 bakgrunn frå Etiopia. Av desse høyrer rundt femti tusen til dei såkalla Falash Mura, familiar som frivillig eller under tvang hadde konvertert til kristendommen på 1800- og 1900-talet, men som no ønskjer å leve som jødar.

Eli Dasa blei fødd i Netanya i 1992, og har etiopisk-jødiske foreldre.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter