Nyheter

Humanistisk «skuleboom» uroar regjeringa – kristne skular får skryt

SKULE: Talet på humanist-skular har eksplodert. No vil regjeringa hindra at livssynet kan vera skalkeskjul for å få statsstøtte.

Talet på privatskular med humanistisk livssyn har auka kraftig dei siste åra.

Utviklinga gjer at Kunnskapsdepartementet mistenker at livssyn kan brukast som ein «lett veg til godkjenning», der livssyn i realiteten står fram som ein «underordna motivasjon».

Departementet viser til at fleire av dei nyare skulane profilerer seg med entreprenørskap, realfag eller idrett framfor humanisme.

Det kjem fram i eit ferskt høyringsbrev, der regjeringa vil endra privatskulelova.

– Me ser at det er nødvendig å få inn ei presisering for å sikra at livssynsgrunnlaget i privatskulelova ikkje blir vatna ut, seier statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) i ei pressemelding.

Saka blei først omtalt av magasinet Sambåndet.

10 humanist-skular har søkt godkjenning i 2025

Dei siste åra har det vore ein kraftig vekst både i godkjente humanist-skular og i tal på søknader frå slike skular.

Det kjem fram i høyringsbrevet frå Kunnskapsdepartementet:

  • Av dei åtte skulane som til no har fått godkjenning på grunnlag av humanisme, er fem godkjent etter 2020.
  • Til no i år har det komme 17 søknadar om ny livssynsskule. 10 av desse har søkt på grunnlag av humanisme.

Departementet kallar denne veksten både «plutseleg» og «svært stor», og stiller spørsmål ved om det er behov for kvar enkelt skule.

---

Dette foreslår Kunnskapsdepartementet:

  • Endra privatskulelova slik at skular som søker godkjenning med rett til statstilskot på grunnlag av livssyn, må ha ei «tilknyting» til livssynet.
  • Ein ny proposisjon til Stortinget som presiserer at vurderinga skal legga vekt på potensielt elevgrunnlag og dokumentert behov for ny livssynsskule.
  • Høyringsfristen er 1. juli 2025.

---

Privatskular som har denne godkjenninga, har rett på statstilskot. I 2015 vart godkjenningsgrunnlaget endra frå «religiøst» til «livssyn».

For å bli godkjent på grunnlag av livssyn, må livssynet ha ei viss styrke, seriøsitet, samanheng og viktigheit, skriv Kunnskapsdepartementet.

Det er viktig at skular ikkje seglar under falskt flagg.

—  Audun Raen, generalsekretær i Kristne friskolers forbund

Kristne privatskular får skryt

Kristne skular får langt betre skussmål av departementet i høyringsnotatet:

«Skolene som fram til nå er godkjent på grunnlag av kristendom, har til sammenligning gjerne ein tydelig kristen profil og tilknyting til ein menighet eller kristen organisasjon.»

Dette blir sett opp mot skular som søker om godkjenning på grunnlag av humanisme, men som profilerer seg utan å visa til livssynet. Dette meiner departementet «kan reise tvil om skolen bruker humanisme for å “komme rundt” kravene i regelverket.»

Dette er noko staten må regulera. Eg er glad eg slepp å reisa på ein slags «bispevisitas» på skular.

—  Christian Lomsdalen, styreleiar i Human-Etisk Forbund

Vil vurdera livssyn til dei som står bak skulen

Korleis kan ein vurdera om ein privatskule har ei faktisk tilknyting til livssynet? Det er krevjande, skriv departementet, som trekker fram nokre moment:

  • Kva tilknyting initiativtakarar, eigarar og leiarar har til det aktuelle livssynet. Og om dei for kort tid sidan var knytt til eit anna livssyn.
  • Korleis skulen står fram overfor omverda. Som namn på skulen og korleis skulen profilerer seg på heimesider og i annan kommunikasjon.
  • Om skoleeigar driv andre private skular godkjend på andre grunnlag.
  • Om søkar tidlegare har prøvd å få godkjenning på eit anna grunnlag.
  • Ei eventuell utsegn frå ein relevant livssynsorganisasjon eller -samfunn.
Christian Lomsdalen

HEF ønsker ikkje ei rolle i godkjenninga

Christian Lomsdalen, styreleiar i Human-Etisk Forbund, ønsker regjeringas lovforslag velkommen.

– Me har forståing for at det er behov for å regulera friskular. Det er viktig at humanistiske skular tek dette livssynet seriøst.

Han seier at HEF ikkje driv noko form for godkjenning av humanistiske skular.

– Dette er noko staten må regulera. Eg er glad eg slepp å reisa på ein slags «bispevisitas» på skular for å sjå at dei heldt seg til eit humanistisk livssyn. Dessutan finst det også humanistar utanfor HEF.

Han seier HEF vil sjå nærare på lovforslaget etter påsken, og senda inn høyringssvar. Han seier han håper at departementet vil vera like strenge med religiøse privatskular som med humanistiske.

Kristne friskular: – Livssyn skal vera ein del av undervisinga

Audun Raen, generalsekretær i Kristne friskolers forbund, seier til Vårt Land at forslaget er interessant.

– Det er viktig at skular ikkje seglar under falskt flagg. Heile ideen med å vera livssynsskule er at livssyn skal vera ein del av undervisinga.

Audun Raen, generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund

privatskoler KFF

Frp rasar mot innstramminga

Frp er ikkje nøgd med innstramminga, melder NTB:

– No har privatskular og private barnehagar gått i lang tid og håpa på at regjeringa skulle snu nokre av innstrammingane den allereie har gjennomført, men i staden kjem regjeringa med eit dødsstøyt og strammar inn endå meir for privatskular, seier utdanningspolitisk talsmann Himanshu Gulati i Frp til NTB.

Førre veka fremma Frp eit eige representantforslag om å liberalisera privatskulelova.

Gulati meiner det er bra for norsk utdanning med eit mangfald av utdanningstilbod, med alternativ til det offentlege.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter