Erkebiskop i Paris, Laurent Ulrich, tenkjer på vegen vidare – korleis skal Den katolske kyrkja i Frankrike møte dei mange som no let seg døype:
– Kva må vi sjølve gjere for at dei skal finne vegar til å vekse vidare i trua?
Kvar påskeaftan og natt til påskedag inviterer landets største kyrkjesamfunn til vaksendåp. Også barn og unge i alderen 11–17 år kan be om å bli døypte.
Kva må vi sjølve gjere for at dei skal finne vegar til å vekse vidare i trua?
— Laurent Ulrich, erkebiskop
Over 10.000 vaksne ved døypefonten
Tala skaper gjenklang i bispedømma:
- 10.384 vaksne vart døypte under påskenatta.
- Over 7.400 ungdomar i alderen 11 til 17 år vart døypte same dag.
Årets dåpstal er 45 prosent høgare samanlikna med fjoråret, opplyser Bispekonferansen i Den katolske kyrkja.
Og: Sidan registreringa av vaksendåp starta i 2002, har tala aldri vore høgare enn i år. Blant dei døypte utgjer 18–25-åringane no heile 42 prosent. I fjor var aldersgruppa 26–40 år størst.

Finn forklaringar i sosiale medium
I jakta på forklaringar på den kraftige veksten av vaksendøypte, blir det peikt på sosiale medium. Her er fleire katolske påverkarar aktive.
Ein som samlar store skarar på TikTok, er Benoît Pouzin. Han er musikar i det populære franske, katolske rockebandet Glorious – og prest i Valence bispedømme.
– Mange unge har ikkje fått noko religiøs opplæring, er hans forklaring på dei mange unge vaksne som blir døypte i påska. Han fortel at dei unge kjem til kyrkja med «mange spørsmål».
Pouzin forklarar kan han gjer på Tiktok:
– Vi tek eitt spørsmål om gongen og prøver å svare så enkelt som mogleg – på eitt minutt.
Han skildrar den aukande interessa for tru som ei «indre søking», der unge «gjennom bøn opplever noko djupt, følgd av ei ekte kjensle av fellesskap».
Mange unge har ikkje fått noko religiøs opplæring
— Benoît Pouzin, prest
Nonne med mange følgjarar
Nonna Albertine Debacker har 280.000 følgjarar på Instagram under namnet Soeur Albertine. Ho meiner mange unge synest det er mindre skremmande å stille spørsmål til ei nonne enn å gå inn i ei kyrkje.
– Mange fortel meg at det skremmer dei å gå inn i ei kyrkje, å snakke med ein prest. Sosiale medium blir eit første steg som gjer reisa enklare, seier ho.
Nøkkelen, meiner Debacker, er å tilby støtte:
– Å vere der for å svare på spørsmål og sørgje for at det ikkje berre blir ein forbigåande trend på internett.
Erkebiskop Olivier de Germay av Lyon seier kyrkja har ei stor oppgåve i møte med dei mange voksendøypte:
– Den store utfordringa som ventar oss no, er å gjere dei til disiplar. Han sender ei oppmoding til kyrkjelydane i Den katolske kyrkja i Frankrike:
– Våre kyrkjelydsfellesskap må bli medvitne om dette kollektive oppdraget og integrere dei, både før og etter dåpen.
---
Sekulær stat
- Frankrike blei formelt eit sekulært land i 1905, då vedtok nasjonalforsamlinga loven som skil mellom kyrkje og stat – Loi de séparation des Églises et de l’État.
- Loven markerte slutten på Den katolske kyrkja si privilegerte stilling i Frankrike og etablerte prinsippet om laïcité – eit skarpt skilje mellom religion og stat.
- Staten skulle vere religiøst nøytral, og religion skulle vere ei privatsak.
- Dette prinsippet har sidan blitt ein grunnstein i det franske samfunnet, særleg innan skuleverket og offentleg forvaltning.
---
Leitar etter fellesskap
Catherine Lemoine arbeider med unge mellom 11 og 17 år. Ho fortel at dåpsførebuingar som før samla fem, seks, sju unge, no samlar 20, 50 eller fleire:
– Desse stiller seg ofte eksistensielle spørsmål. Nokre går gjennom vanskelege situasjonar som foreldra si skilsmisse, sjukdom eller tap av besteforeldre. Dette får dei til å undrast over Guds eksistens, og dei finn nokre svar i evangeliet, som leier dei til å banke på døra til kyrkja.
Catherine Chevalier leiar avdelinga for trusforkynning i Bispekonferansen. Ho peikar på dei ustabile politiske tilhøva i verda:
– Mange leitar etter grunnar til von i all denne ustabiliteten.
Ho seier dei mange unge vaksne som vel dåp leitar etter noko som skal skape ro: Høyre til i eit fellesskap, finne ritual og få ei kjensle av brorskap.
Fleire av dei av dei som analyserer vaksendåptala peikar på at mange unge kjem frå familiar der foreldre har forlate trua, men at dei minnest bestemora som gjekk til messe.
Kjelder: The Tablet, Catholic News Agency, La Croix