Det seier Morten Dahlin til Berlingske. Han er kyrkjeminister i Danmark og representerer partiet Venstre.
4. mai markerte han at det var 80 år sidan freden kom til Danmark og landet blei frigjort. Samstundes sit han i ei regjering som gjennomfører ei historisk militær opprusting for å møte den «største trusselen mot Europa» – Russland.
Dei set av om lag 40 milliardar danske kroner ekstra i 2025 og 40 milliardar til i 2026.
Partia i Folketinget er samde om å gje 70 milliardar ekstra til det danske forsvaret i åra fram til 2033.
Det er i kristendommen, trua og den kristne kulturarven ein finn den kampviljen
— Morten Dahlin, kyrkjeminister
Kyrkjeminister: Sjå på korset i flagget
Kyrkjeminister Dahlin meiner at ei sterkare kristen forankring er naudsynt dersom dei yngre generasjonane skal finne tilbake til kampviljen i ein ny verdsorden.
Den borgarlege statsråden nyttar høve til å sende eit stikk til regjeringskollega Socialdemokratiet, det danske Arbeidarpartiet.
Når statsminister Mette Frederiksen og utdanningsminister Mattias Tesfaye snakkar om ei åndeleg opprusting, handlar det først og fremst om skulen, danning og litteratur, seier Dahlin til Berlingske.
Men, understrekar han, dei sosialdemokratiske toppane gløymer verdien av kristendommen, som ifølgje Dahlin ikkje kan skiljast frå dansk identitet og Danmark.
– Ein kan berre snu flagget vårt opp ned og sjå korset.

Ber folkekyrkja hjelpe til med åndeleg opprusting
I april gjekk statsminister Mette Frederiksen ut i Kristeligt Dagblad og etterlyste «åndeleg opprusting»:
– Det har vore mykje fokus på den militære opprustinga – med god grunn – men den åndelege opprustinga er faktisk like viktig.
Ho etterlyste hjelp frå folkekyrkja:
– Me skal bruke samfunnsinstitusjonane i den åndelege opprustinga. Det gjeld alt frå folkekyrkja, som eg trur vil bli eit endå viktigare samlingspunkt, til museum, kunst og kultur. Også grunnskulen vår skal ha endå meir fokus på danning.
Frederiksen forklarte kvifor folkekyrkja er og blir viktig:
– Danmark er eit kristent samfunn, vi byggjer på kristendommen, og folkekyrkja er ein svært viktig berar av verdiar både i fredstid og i krisetid. Eg trur folkekyrkja kjem til å oppleve at nokon søkjer mot kyrkja no, fordi der finst eit naturleg fellesskap, og der er ei nasjonal forankring.

Finn kampvilje i kristendommen
Kyrkjeministeren forklarar kva han forventar av danske soldatar:
– Eg påstår ikkje at alle skal kunne evangelia til punkt og prikke eller ha eit sterkt personleg forhold til Gud eller Bibelen. Me er jo eit luthersk samfunn som ikkje måler kristendom på den måten. Men medvitet om kristendommens verdi manglar no, når vi treng ei dobbel opprusting av Danmark.
På spørsmål frå Berlingske om danske soldatar også skal kjempe for kristendommen når dei kjempar for Danmark, svarar Dahlin:
– Ja, det er i kristendommen, trua og den kristne kulturarven ein finn den kampviljen. Det betyr ikkje at ein må vere gudfryktig eller truande, men det ville vere eit nasjonalt sjølvmål å skilje kyrkja, trua og kristendommen frå Danmark. Det kan ein ikkje – og dermed kjempar ein sjølvsagt også for kristendommen.
Danmark er eit kristent samfunn, vi byggjer på kristendommen, og folkekyrkja er ein svært viktig berar av verdiar både i fredstid og i krisetid
— Mette Frederiksen, statsminister
Ber danske muslimar stå opp for Danmark
Kyrkjeministeren har også tenkt på dei mange unge danskane med muslimsk bakgrunn:
– Dei skal vere glade for at dei bur i Danmark og dei må sjølvsagt vere klare til, som alle andre unge, å gjere ein innsats for å bevare og utvikle samfunnet vårt. Det må ein, om ein vil vere ein del av det danske samfunnet.